Historisk arkiv

Ny avtale sikrar vidare drift av Stord lufthamn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa underteikna i dag ei avtale som sikrar drift ved Stord lufthamn fram til 2014. Avtalen gjeld kompensasjon av driftskostnader, og er inngått mellom Samferdselsdepartementet og Sunnhordland Lufthavn AS.

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa underteikna i dag ei avtale som sikrar drift ved Stord lufthamn fram til 2014. Avtalen gjeld kompensasjon av driftskostnader, og er inngått mellom Samferdselsdepartementet og Sunnhordland Lufthavn AS.

- Stord lufthamn er viktig for busetnad og næringsliv. Dei aller fleste næringslivsreisene mellom regionen og Oslo skjer no frå Stord lufthamn. Med denne avtalen får folk og næringsliv i regionen tryggleik for at drifta er sikra for ein lengre periode, sa samferdselsministeren i samband med at avtalen vart underteikna.

Avtalen sikrar eit årleg tilskott til drift av lufthamna på inntil 12 millionar kroner, og gjeld fram til utgangen av 2014.

Stord lufthamn har til no hatt statleg tilskott til AFIS, som er eit system for flygeinformasjonstenester. Den nye ordninga inneber at staten er med på å ta eit økonomisk ansvar for drifta av Stord lufthamn, samtidig som tilskottet til AFIS vert førd vidare både for Stord lufthamn og for dei andre ikkje-statlege lufthamnene som har slik støtte i dag.

Frå underteikninga av avtalen
Frå venstre: Inge Reidar Kallevåg, ordførar Bømlo kommune, Jon Lund, styreformann Sunnhordland Lufthavn AS og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Foto: Samferdselsdepartementet

Større versjon på Flickr

Avtalen om driftstilskott til Stord lufthamn vert her underteikna