Historisk arkiv

Utviding av prøveordning med modulvogntog

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa har gitt Vegdirektoratet i oppdrag å leggja fram eit forslag om utviding av dagens prøveordning med bruk av modulvogntog til å omfatta fleire nye vegstrekningar.

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa har gitt Vegdirektoratet i oppdrag å leggja fram eit forslag om utviding av dagens prøveordning med bruk av modulvogntog til å omfatta fleire nye vegstrekningar. Prøveordninga gjeld bruk av såkalla modulvogntog, med lengd inntil 25,25 meter og totalvekt inntil 60 tonn, på visse utvalde vegstrekningar.

Vegdirektoratet skal innan 15. april 2010 føreslå nye strekningar som kan vere med på å gje eit betre grunnlag for å vurdera bruken slike vogntog. Dei nye prøvestrekningane skal alle ha god standard.

Vegdirektoratet kan sjølv - og på grunnlag av innspel frå andre - koma med forslag om enkeltstrekningar. Desse strekningane skal i alle høve inngå i vurderingane:

  • E 18 Oslo – Larvik
  • E6 Oslo – Gardermoen – Lillehammer
  • E14/E6 Trondheim – Storlien
  • Riksveg 2 Kongsvinger – Kløfta
  • E18 Vinterbru – Ørje
  • E18 Larvik - Kristiansand

Prøveordninga med bruk av modulvogntog vart sett i gang i juni 2008 for å finna ut om slike vogntog kan gje ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport på  vegstrekningar med god standard. Ordninga skal – etter gjeldande opplegg – vara fram til juni 2011, men Vegdirektoratet er no òg bede om å koma med konkrete forslag om forlenging av ordninga utover denne datoen, med utgangspunkt i ei forlenging på tre år.

Prøveordninga omfattar i dag desse hovudstrekningane:

  • E6 og E18 på strekninga Svinesund – Oslo,
  • Riksveg 2 Riksgrensa (Sverige) – Kongsvinger
  • E12 Riksgrensa (Sverige) – Mo i Rana
  • E 8 Riksgrensa (Finland) – Skibotn