Historisk arkiv

Drosjetransport over riksgrensa: Svensk-norsk avtale sikrar betre tilbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og den svenske infrastrukturministeren Åsa Torstensson har i dag underteikna ein avtale om grensekryssande drosjetransport mellom Noreg og Sverige. - Folk i grenseområda kan no få eit betre tilbod, seier Kleppa.

- Folk i grenseområda mellom Noreg og Sverige kan no  få eit betre tilbod for drosjetransport som kryssar riksgrensa. Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at ho og den svenske infrastrukturministeren Åsa Torstensson i dag har underteikna ein avtale om ”grensekryssande drosjetransport mellom Noreg og Sverige”. 

- Avtalen er også viktig for både drosjenæringa og kontrollstyresmaktene i dei to landa, seier samferdselsministeren.

I avtalen vert det slått fast at dei som driv drosjetransport i kvart av landa no vil få rett til å ta med passasjerar over grensa og så langt som passasjerane ønskjer å reisa i nabolandet.
Det vil i visse tilfelle også vera høve til å ta med passasjerar tilbake til heimlandet. Men då er det eit krav om at transportoppdraget er tinga på førehand.

Den norsk-svenske avtalen gjer det elles klart at ein drosje ikkje kan ha rett til å utføra passasjertransport på strekningar mellom to stader i nabolandet.   

Les avtalen (pdf)