Farleg last må vika i ferjekø
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 56/2010 | Dato: 02.07.2010
Samferdseldepartementet har funne det naudsynt å mellombels endra forskrifta som gjeld transport med ferje. - Eg vil oppmoda transportørar av farleg last, til å bruka ferjeavganger med mindre trafikk, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Samferdseldepartementet har funne det naudsynt å mellombels endra forskrifta som gjeld transport med ferje. - Eg vil oppmoda transportørar av farleg last, om å bruka ferjeavganger med mindre trafikk, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Hovudregelen er at køyretøya kjem ombord i den rekkefølgja dei står på ferjeleiet. Når farleg gods blir transportert , er det av tryggleiksomsyn avgrensing av talet på passasjerar som kan vera med same overfarten. Dette skaper i enkelte tilfelle problem med trafikkavviklinga. I mars blei det sendt ut eit forslag på høyring der ein opnar for at ferjeførar kan gjera unntak frå køprinsippet for motorvogn med farleg last, når dette gir ulemper for andre som skal med den same avgangen. Forslaget er ikkje ferdigbehandla, og avklaringa kjem over sommaren.
For å redusera ulempene for dei reisande i sommartrafikken, har Samferdselsdepartementet funne det naudsynt å fastsetja endring i forskrifta i samsvar med forslaget som er på høyring. Endringa trer i kraft straks.
Forskrifta vil gjelda fram til eventuelle nye endringar kjem. Om den pågåande høyringa ikkje fører til endringar samanlikna med høyringsforslaget, vil endringa Samferdselsdepartementet no gjer bli vidareført utan ny formell fastsetjing av forskrifta.
Det er opp til fylkeskommunane om dei vil praktisera forskrifta for ferjer i fylkesvegnettet.