Historisk arkiv

Ja til felles autobrikke for norske og utanlandske køyretøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Ei felles brikke skal på plass snarast mogleg og seinast sommaren 2012, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Ei felles brikke skal på plass snarast mogleg og seinast sommaren 2012, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Ho rosar engasjementet frå Norges Lastebileier-Forbund og seier dei har gode argument for å be om like konkurransevilkår på dette området.

- Vi har hatt tett dialog med Norges Lastebileier-Forbund og Vegdirektoratet for å sikra at også utanlandske aktørar betalar bompengar og såleis ikkje køyrer rimelegare enn norske.

- Det er tre viktige føresetnadar som må på plass. Vi må endra ei forskrift i vegtrafikklova og drøfta nøye ei omfattande informasjonsverksemd overfor dei mest aktuelle utanlandske selskapa. Dessutan må tilgangen til brikka verta langt betre enn i dag, seier Magnhild Meltveit Kleppa.