Regjeringa opnar for køprising
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 02.07.2010
No blir det mogleg for byområda å innføra køprising. Regelverket kjem på plass – Eg er glad for å leggja til rette for at byane no kan ta eit nytt og godt verkemiddel i bruk i kampen for mindre kødanning og betre miljø, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Køprising betyr at det kan bli dyrare å køyre bil i rushtida og billegare på andre tider av døgnet. Inntektene frå køprising skal nyttast til transportføremål i det aktuelle området.
Vellukka i Stockholm
Køprising, også omtalt som rushtidsavgift og vegprising, er gjennomført i fleire byar i Europa. I Stockholm og London har styresmaktene innført køprising, og fleire kommunar i Danmark er i ferd med å innføra trængsels-avgift som byggjer på dei same prinsippa. Biltrafikken i Stockholm har gått ned med 20 prosent i rushtida, etter at køprising blei innført i 2007.
Lovproposisjonen blei handsama av Stortinget våren 2001, men føresegna i vegtrafikklova § 7a er enno ikkje sett i kraft. - Vegdirektoratet sender i dag ut på brei høyring eit utkast til forskrift om køprising, seier samferdselsministeren.
Forskrifta vil regulera ordninga som er omfatta av den allereie vedtekne lovføresegna om vegprising i vegtrafikklova. Fristen er sett til 30. september.
Pressekontakt:
Dag H. Nestegard
Kommunikasjonsavdelinga
Samferdselsdepartementet
Kontor: 22 24 81 52
Mobil: 48 17 02 09