Historisk arkiv

Kystruta Bergen - Kirkenes:

Utsett frist for levering av tilbod i konkurransen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag avgjort at fristen for å levera tilbod i konkurransen om kystruta Bergen – Kirkenes vert utsett til 29. oktober. Bakgrunnen for utsetjinga er spørsmål frå eit transportfirma om utsett frist.

Samferdselsdepartementet har i dag avgjort at fristen for å levera tilbod i konkurransen om kystruta Bergen – Kirkenes vert utsett til 29. oktober 2010.  Bakgrunnen for utsetjinga er spørsmål frå eit transportfirma om utsett frist. 

Det vert mellom anna vist til at store delar av tilbodsperioden er lagt i sommarferien. I denne perioden har tilgjengelege ressursar for transportfirmaet vore avgrensa, heiter det mellom anna i oppmodinga om utsetjing av tilbodsfristen.

- Sidan det har meldt seg ein potensiell interessent som ønskjer betre tid til å setja seg inn i konkurransegrunnlaget, er det naturleg å forlengja tilbodsfristen. Alle potensielle interessentar vil verta informerte om forlenginga, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. 

Dei konkurranserettslege sidene ved forlenginga er dermed tekne i vare.

Opphavleg frist for å levera tilbod var 30. september 2010.

For fleire opplysningar - sjå: