Betre TT-ordning: Forsøk skal gi moglegheiter for eit meir aktivt liv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 24.04.2012
- Målet er å gi brukarar med stort behov for tilrettelagd transport moglegheit for eit meir aktivt liv. Forsøka skal gi auka kunnskap om opplegg og kostnader for eit utvida og målretta TT-tilbod. Samferdselsdepartementet har no for 2012 tildelt i alt 7,2 millionar kroner til prøveprosjekt i tre fylke, opplyser samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Forsøka skal innrettast mot brukarar som har særleg behov for tilrettelagd dør-til-dørtransport. Dei statlege midlane til forsøka skal ikkje erstatte, men koma i tillegg til fylkeskommunane sine eigne midlar til TT-ordninga.
Forsøka skal gjennomførast i perioden 2012 – 2014.
For 2012 er dei statlege forsøksmidlane fordelte slik:
- Møre og Romsdal fylkeskommune 2,08 millionar kroner
- Nord-Trøndelag fylkeskommune 2,6 millionar kroner
- Østfold fylkeskommune 2,53 millionar kroner.
Utforming og gjennomføring av forsøk skal skje i samarbeid mellom fylkeskommunane og organisasjonane til dei funksjonshemma.