Obligatorisk bompengebrikke – for tunge køyretøy
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 17.02.2012
- Eg har bede Vegdirektoratet om å senda på høyring eit forslag om ei lovendring som vil gi heimel til å innføra ei ordning med obligatorisk bompengebrikke for tunge køyretøy, til dømes store lastebilar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Ei slik ordning – for både norske og utanlandske tunge bilar – vil sikra korrekt innbetaling av bompengar og dermed gi auka inntekter til bompengeselskapa.
- Ordninga vil òg sikra betaling frå utanlandske transportørar og på denne måten fremja konkurranse på like vilkår mellom norsk og utanlandsk transportnæring, seier samferdselsministeren.
Vegdirektoratet skal utarbeida eit utkast til ei forskrift om nærmare utforming og handheving av ordninga.
Pressevakt: 919 14 777