Regjeringa vil styrkje rettane til busspassasjerane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 134/13 | Dato: 19.12.2013
- Regjeringa vil styrkje rettane til busspassasjerar, og vil difor endre yrkestransportlova og etablere ei nasjonal klageordning, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
- Regjeringa vil styrkje rettane til busspassasjerar, og vil difor endre yrkestransportlova og etablere ei nasjonal klageordning.
Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet no sender på høyring eit framlegg til lovendringar i yrkestransportlova. Endringa vil leggje til rette for at EU si forordning om rettane til busspassasjerar vert del av norsk rett.
Ny klageordning
I samband med innføring av reglane i forordninga skal det etablerast ei nasjonal klageordning for busspassasjerar. Samferdselsdepartementet legg opp til at dette skal skje ved at den eksisterande Transportklagenemnda for fly- og jernbanepassasjerar blir utvida til òg å handsame klager frå busspassasjerar.
Samferdselsdepartementet vurderer òg å leggje til rette for at passasjerar som reiser med trikk, T-bane og bybane skal ha høve til å klage brot på transportvilkåra til dei aktuelle selskapa inn for Transportklagenemnda.
Forordninga
Forordninga har reglar om ikkje-diskriminering av passasjerar, passasjerrettar ved ulukker, assistanse til personar med nedsett funksjonsevne, rettar ved kansellering eller forseinking og minimumskrav til reiseinformasjon. Forordninga har òg generelle reglar om klagebehandling og handheving.
Forordninga inneber ei styrking av rettane til busspassasjerane, og tek særleg sikte på å forbetre rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Reglane betyr samstundes ei harmonisering av busspassasjerrettar innan EØS-området.
Høyringsfristen er 26. februar 2014.
For fleire opplysningar – sjå:
Nettsida til Transportklagenemnda
For meir informasjon – pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)