Historisk arkiv

Bompengereform: 13 vedtatte vegprosjekt kan få lågare bomtakstar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa sitt arbeid med bompengereform kan føre til lågare bompengetakstar på 13 bomprosjekt.

Regjeringa sitt arbeid med bompengereform kan føre til lågare bompengetakstar på 13 bomprosjekt.

- Vi har mykje arbeid å gjere innan bompengesektoren. Regjeringa har som mål å byggje meir veg og samtidig redusere bompengeandelen. Vi vil blant anna kraftig redusere talet på bompengeselskap, effektivisere drift, redusere finansieringskostnader og innføre ei rentekompensasjonsordning. I påvente av at desse endringane kjem på plass legg Samferdselsdepartementet opp til ei overgangsordning for bomprosjekt som er vedtatt av Stortinget men som enno ikkje er sett i verk.

- Vi ønskjer at bomtakstane meir reflekterer dei nye føresetnadene som vil liggje til grunn for bransjen, og da opnar vi for å redusere takstar på fleire prosjekt, seier samferdselsminister Ketil Solvik Olsen.

Lågare rente

- Med ei slik overgangsordning vil det vere mogleg å basere bompengetakstane på ei lågare rente enn det Stortinget tidlegare har slutta seg til – dersom lokale styresmakter ønskjer det. Regjeringa har difor i dag gjort framlegg for Stortinget om at Samferdselsdepartementet skal få fullmakt til å forhandle med lokale styresmakter som har stilt økonomisk garanti for prosjekta, og godkjenne ein slik reduksjon i bomtakstar i 13 prosjekt - dersom det er eit ønskje lokalt. Dette gjeld prosjekt som tidlegare er godkjent av Stortinget og der innkrevjinga vil starte før den nye rentekompensasjonsordninga er komen på plass.

- Vi legg òg opp til at slike endringar kan gjerast i prosjekt som blir lagde fram for Stortinget i tida som kjem. For prosjekta som vert omfatta av overgangsordninga er det ein føresetnad at lokale styresmakter forpliktar seg til å leggje dei aktuelle bompengeprosjekta inn i eit av dei nye bompengeselskapa når dei er etablert, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

13 prosjekt

Desse 13 prosjekta er omfatta av overgangsordninga når det gjeld prosjekt som er behandla av Stortinget, men der innkrevjinga ikkje er starta opp per 20. juni 2014:

-           E18 Melleby – Momarken, Østfold

-           E6 Minnesund – Skaberud, Akershus og Hedmark

-           E16 Kongsvinger – Slomarka, Hedmark

-           E16 Fønhus – Bagn, Oppland

-           Riksveg 7 Sokna – Ørgenvika, Buskerud

-           E18 Gulli – Langåker, Vestfold

-           E134 Stordalstunnelen, Hordaland

-           Askøypakka, Hordaland

-           E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen, Møre og Romsdal

-           Fylkesveg 714 Stokkhaugen – Sunde trinn 1, Sør-Trøndelag

-           Fylkesveg 78 Toventunnelen med tilførselsveger, Nordland

-           E6 Helgeland nord, Nordland

-           E6 Hålogalandsbrua, inkludert E10 Treldal – Leirvik, Nordland

Fleire opplysningar

Prop. 119 S. (2010-2014) Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån (sjå særleg ”7 Overgangsordning inntil rentekompensasjon er etablert”)