Historisk arkiv

Buss- og drosjesjåførar frå land utanfor EØS må ha fire års butid i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Dei som kjem frå land utanfor EØS må ha budd fire år i Noreg før dei kan få kjøresetel og lov til å føre buss eller drosje. Dette går fram av forslaget til endringar i yrkestransportlova som vart lagt fram i statsråd i dag.

Dei som kjem frå land utanfor EØS må ha budd fire år i Noreg før dei kan få kjøresetel og lov til å føre buss eller drosje. Dette går fram av forslaget til endringar i yrkestransportlova som vart lagt fram i statsråd i dag.

- Alle som nyttar drosje eller buss skal vere trygge på at politiet har vurdert vandelen til sjåføren. Sjåføren må vere skikka til å ha det ansvaret som yrket inneber. Det er særleg skuleborn og passasjerar med funksjonshemmingar som er sårbare i denne samanheng, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

For å drive løyvepliktig persontransport må sjåføren i tillegg til førarkort ha kjøresetel frå politiet. For å få kjøresetel må vedkomande mellom anna ha ein vandel som ikkje gjer han uskikka.

Vandelsvurderinga blir gjort på grunnlag av opplysningar i det norske strafferegisteret. Utlendingar som kjem til Noreg må ha budd lenge nok her til at norsk politi kan vurdere vandelen deira.

Kravet om  butid før dei kan få kjøresetel vert no sett til fire år i forslaget. Krav om slik butid gjeld ikkje for EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten sin.

Lovendringa har bakgrunn i den nye politiregisterlova, som set vilkår om at krav om butid for vandelvurdering må ha heimel i lov. Endringa inneber at kravet til butid vert senka med eitt år samanlikna med den tidlegare forvaltingspraksisen på området.

Sjå også: Prop. 15L (2014-2015) Endringar i yrkestransportlova(krav om butid for utferding av kjøresetel mv.