Historisk arkiv

Bussreisande får fleire rettar og betre klageordning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Passasjerar med buss får nye og utvida rettar. Ei landsomfattande klageordning kjem også på plass, slik at det vert enklare for reisande å klage når dei meiner seg feil behandla av busselskapa.

Passasjerar med buss får nye og utvida rettar. Ei landsomfattande klageordning kjem også på plass, slik at det vert enklare for reisande å klage når dei meiner seg feil behandla av busselskapa.

Det er særleg personar med nedsett funksjonsevne som no vil få styrkt rettane sine. Det skjer ved at ei føresegn frå EU vert teke inn i norsk rett.

- Regjeringa vil også skipe til ei nasjonal klageordning. Busspassasjerar kan etter kvart vende seg til Transportklagenemnda om dei ikkje når fram hjå busselskapet med klagen sin, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I dag handsamar Transportklagenemnda berre klager frå fly- og togpassasjerar. Sakene som nemnda kan behandle omfattar brot på dei ulike selskapa sine transportvilkår og lover og reglar om passasjertransport.

- Vi vil vurdere om Transportklagenemnda også kan behandle klager frå dei som reiser med trikk, T-bane og bybane, seier samferdselsministeren.

Som fylgje av gjennomføringa av EU-forordninga (nr. 181/2011) kjem det endringar i yrkestransportlova. I statsråd i dag vart lovtekniske føresetnader for dette stadfesta. Etter denne sanksjonen skal Samferdselsdepartementet fastsetje forskrifter til lova. Når forskriftene er klare, kan yrkestransportlova med endringar tre i kraft.

Meir informasjon:

Prop. 85 L (2013-2014) Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av EØS-reglar om busspassasjerrettar)

Høyring: Framlegg til endringar i yrkestransportlova

Transportklagenemnda

Pressevakt: 919 14 777 (08-16)