Historisk arkiv

Handlingsplan for kollektivtransport: Sterkare og meir heilskapleg satsing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Vekst i folketal og trafikk, miljøutfordringar og folks behov for rask og effektiv pendling til og frå jobb og fritidsaktivitetar, er viktige utfordringar som må løysast betre. Regjeringa legg difor opp til at det skal satsast meir på kollektivtrafikk enn nokon gong, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Vekst i folketal og trafikk, miljøutfordringar og folks behov for rask og effektiv pendling til og frå jobb og fritidsaktivitetar, er viktige utfordringar som må løysast betre. Regjeringa legg difor opp til at det skal satsast meir på kollektivtrafikk enn nokon gong.

- Vi ønskjer å gje folk større fleksibilitet til å velje miljøvennlege og effektive transportløysingar som passar i deira kvardag. Kollektivtransport er eit regionalt ansvar. I tida som kjem vil staten vil ta eit større ansvar, samstundes som lokale og nasjonale styresmakter arbeider samordna og heilskapleg for å få størst effekt.

- Regjeringa vil leggje til rette for at fleire aktivt vil ønskje å reise kollektivt, bruke sykkel eller gå. Folketalet vil vokse mest i dei største byane. Her er presset størst frå før, og her må kollektivtrafikken styrkjast vesentleg. Ei slik styrking kan gi oss storbyar med mindre miljøskadelege utslepp, mindre kø på vegane og redusert behov for vegbygging gjennom bustad- og friluftsområde.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet legg fram "Handlingsplan for kollektivtransport".

Handlingsplanen er ei oppfølging Stortinget si handsaming av Nasjonal transportplan 2014-2023. I tillegg byggjer planen på Sundvolden-erklæringa.

Planen legg særleg vekt på å gi ei oversikt over kva for konkrete tiltak staten skal setje i verk. Tiltaka vil vere styrande for den framtidige utviklinga på området. Finansiering av tiltak må likevel handsamast i den ordinære budsjettprosessen.

Nokre av tiltaka

  • Innføre ei ordning med bymiljøavtalar for storbyområda – med forpliktande samarbeid stat-kommune-fylkeskommune. Viktig mål med avtalane: Betre samordning av areal- og transportplanlegging, på ein måte som legg til rette for meir kollektivtransport og fornuftig vegutbygging. Dagens belønningsordning for kollektivtransport og bypakker skal smelte saman i bymiljøavtalar.

  • Statleg tilskott til fylkeskommunane for utbygging av infrastruktur for lokal kollektivtransport som dekkjer 50 prosent av investeringskostnadene, i dei fire største byane. Prosjekta som er aktuelle for tilskott er Fornebubanen i Oslo og Akershus, Bybanen til Åsane i Bergen og nye "superbuss-løysingar" i Stavangerregionen og Trondheimområdet.

  • Kraftig togsatsing: Utbygging av Intercity-strekningane på Austlandet, der Ringeriksbanen blir inkludert som ei fjerde IC-strekning. Utvikling av dei andre banane nær dei største byane. Betre rutetilbod, med auka kapasitet, fleire avgangar og nye tog på fleire banestrekningar.

  • Reform av jernbanesektoren, med sikte på ein meir føremålstenleg styringsstruktur, ei forretningsmessig organisasjonsform og tydelege mål for jernbanen. Konkurranseutsetting av togtilbodet og meir konkurranse om drifts- og vedlikehaldsoppgåvene på jernbanenettet.

  • Ei mogleg endring i skattereglane, slik at ein ikkje lenger skal skatte av den fordelen ein har i dei tilfella der arbeidsgivaren betaler for kollektivtransport til og frå arbeidsstaden. Regjeringa vil fram mot 2016-budsjettet vurdere ei slik endring.

  • Nasjonal reiseplanleggjar og elektronisk billettering: Samferdselsdepartementet har gitt Statens vegvesen ansvar for å etablere ein nasjonal rutedatabase der informasjon kan hentast ut via ulike nettportalar. Rutedatabasen skal vere i drift i i 2014 og skal seinare utvidast til også å omfatte sanntidinsformasjon og informasjon om tilgjenge.

  • Betre tilrettelegging for kollektivtransporten med sterkare kollektivknutepunkt, innfartsparkeringar og kollektivfelt: Statens vegvesen og Jernbaneverket skal, saman med aktuelle fylkeskommunar og kommunar, vurdere kva for stasjonar og haldeplassar som særleg er eigna for fortetting og byutvikling og kvar det ligg til rette for innfartsparkering.

  • Ekspressbussane utgjer ein viktig del av kollektivtransporten. Samferdselsdepartementet vil setje i gang utgreiiing om korleis ein kan få til betre samordning mellom ekspressbussar og lokal rutetrafikk.

  • Regjeringa vil vurdere å overføre ansvar for kollektivtransporten frå fylka til kommunane i samband med ei kommunereform.

  • Finansiering: På oppdrag frå Samferdselsdepartementet skal dei statlege transportetatane greie ut forslag til modellar for korleis ein kan løyse utfordringar som gjeld organiserings og finansiering av kollektivtransporten i dei fire største byområda.

Planen omfattar kollektivtransport med buss, tog, T-bane, trikk, bybane og passasjerbåt. Fly, bilferje, kystruta Bergen – Kirkenes ("Hurtigruta") og drosjetransport er ikkje ein del av planen.


For fleire opplysningar - sjå: