Historisk arkiv

Riksveg 13 Joberget: Grønt lys for skredsikringsprosjekt på rv 13

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa har i dag gitt grønt lys for utbygging av riksveg 13 gjennom Joberget i Granvin. Prosjektet fører til tryggare trafikk og betre miljø ved Øvre Vassenden. Anleggsarbeidet skal ta til i haust, og den nye vegen kan opne for trafikk i 2016, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Regjeringa har i dag gitt grønt lys for utbygging av riksveg 13 gjennom Joberget i Granvin. Prosjektet fører til tryggare trafikk og betre miljø ved Øvre Vassenden. Anleggsarbeidet skal ta til i haust, og den nye vegen kan opne for trafikk i 2016, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa sitt forslag om utbygging og finansiering av dette 4,6 kilometer lange skredsikringsprosjektet i Granvin kommune i Hordaland vart lagt fram i statsråd i dag.

- Skredsikringsprosjekt som dette er viktig fordi det fjernar uvissa mange opplever når dei ferdast langs vegar med fare for skred. I tilegg vil det føre til tryggare og meir effektiv trafikksituasjon generelt, seier samferdselsministeren.

Ein om lag to kilometer lang tunnel er ein del av prosjektet. Innslaga for tunnelen er ved Øvre Vassenden og like før avkøyrsla til fylkesveg 572 på Holven. Utbygginga fører òg til at fylkesveg 572 blir lagt om på ei 290 meter lang strekning. Det vil bli bygd to kryss, for kopling til lokalvegnettet ved Øvre Vassenden og for kopling til fylkesveg 572 ved Holven.

Prosjektet vil føre til utbetring av flaskehalsen ved Øvre Vassenden og sikring av den skredutsette strekninga mellom Øvre Vassenden og avkøyrsla til Ulvik. Dei ti siste åra er det registrert 24 skred på denne strekninga, i all hovudsak nedfall av stein.  

Utviding av Vossapakko

Utbygginga er rekna å koste i alt 357 millionar 2014-kroner. I tråd med lokalpolitiske vedtak blir utbygginga finansiert ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar gjennom utviding av Vossapakko. Den statlege delen er på 228 millionar kroner eller 64 prosent.

Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for vegprosjekt på E16 og riksveg 13 i dei to kommunane Granvin og Voss. Prosjekta Palmafoss – Mønshaug og Voss grense – Øvre Granvin (Skjervet) blei opna for trafikk i 2011, medan E16 Vangstunnelen – tunnel forbi Vossevangen opna for trafikk rett før jul i fjor. Nytt kryss ved E16 ved Stanghelle i Vaksdal kommune er òg ein del av pakka. Arbeidet med å byggje dette krysset vil bli ferdig i løpet av 2014.  

Meir: Prop. 81 S (2013-2014) Utbygging og finansiering av rv 13 ved Joberget i Hordaland gjennom utviding av Vossapakko

Kartskisse:

Kartskisse