Historisk arkiv

Den nye Hurtigruteavtalen godkjent av ESA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

– Det er svært gledeleg at ESA i dag har godkjent anbodet vi la til grunn for avtalen med Hurtigruten ASA for 2012 – 2019. Klagen er avvist. Det betyr at vi har sikra daglege avgangar heile året frå alle 34 hamner i åtte år, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

ESA har også meddelt at ekstrabetalinga Noreg ga Hurtigruten i 2008 for kjøp av transporttenester mellom Kirkenes og Bergen, ikkje er i samsvar med EØS-reglane for statsstøtte.

– Eg er svært glad for at vi berga Hurtigruten frå å gå konkurs i 2008 ved å inngå ein tilleggsavtale, seier Meltveit Kleppa.

– Vi har enda ikkje motteke sjølve avgjerda med tilhøyrande premissar. Vi kjenner difor ikkje ESA si vurdering av ulovleg statsstøtte og dermed om krav om tilbakebetaling gjeld heile eller deler av beløpet. Først når vi har motteke avgjerda, veit vi meir om det er grunnlag for å klaga avgjerda inn for EFTA-domstolen, seier samferdselsministeren.

Hurtigruten ASA kan på eige initiativ føreta tilsvarande vurdering av høvet til å klaga.