Køprising – eit verktøy for betre miljø og reduserte bilkøar i storbyområda
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 108/11 | Dato: 25.10.2011
- Lokale styresmakter får no eit nytt verktøy i arbeidet med å redusera lokale miljøproblem og bilkøar i storbyane, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at regjeringa no har sett i kraft ei tidlegare vedteken lovendring som opnar for innføring av ordning med køprising i storbyområda.
- Lokale styresmakter får no eit nytt verktøy i arbeidet med å redusera lokale miljøproblem og bilkøar i storbyane.
Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at regjeringa no har sett i kraft ei tidlegare vedteken lovendring som opnar for innføring av ordning med køprising i storbyområda. Lovendringa er teken inn i vegtrafikklova. Samferdselsdepartementet har i dag vedteke ei utfyllande forskrift om køprising.
Køprising inneber større framkome for både kollektiv- og næringstrafikk. Bilistane må betala for å køyra på enkelte vegar på bestemte tider. På tider av døgnet med mykje trafikk, blir prisen høgare enn på tider med mindre trafikk.
- Innføring av køprising må vera forankra i lokalpolitiske vedtak. Gode kollektivløysingar i området er ein føresetnad. Inntektene frå køprising skal brukast til transportføremål i området. Tiltak som vil redusera behovet for bilbruk vil bli prioritert, seier samferdselsministeren.
Elbilar, hydrogenbilar og buss i rute som nyttast til kollektivtransport vil få unntak frå betalingsplikta.
Fleire opplysningar:
Vegtrafikklov av 18. juni 1965 nr. 4 paragraf 7a. (Lovdata)