Historisk arkiv

Innanlands godtransport:

Meir likeverdig konkurranse mellom norske og utanlandske lastebilar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Eg ønskjer betre kontroll med innanlands godstransport med lastebilar som høyrer heime i andre EØS-land, seier samferdselsministeren i samband med at eit framlegg til endring i forskrift om internasjonal transport vert sendt på høyring.

- Eg ønskjer betre kontroll med innanlands godstransport med lastebilar som høyrer heime i andre EØS-land. I dag har transportørar frå andre EØS-land høve til å driva mellombels innanlands transport, med tre turar i løpet av sju dagar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.  

- For å kunna kontrollera denne regelen meir effektivt blir det no sendt på høyring eit framlegg til endring i forskrift om internasjonal transport. Endringa vil føra til at den utanlandske transportøren skal leggja fram dokumentasjon for både last inn til Noreg og dei innanlandske transportoppdraga.

- Kravet  om slik dokumentasjon er alt innført i EU-landa. Forskriftsendringa vil difor leggja til rette for at kontrollen med utanlandske transportørar ikkje skal vera dårlegare i Noreg enn i EU. For den norske transportnæringa vil forskriftsendringa vera med på å fjerna moglege negative verknader som følgje av ulik kontrollpraksis, seier samferdselsministeren. 

”Kabotasje”: Dagens regelverk – og nye krav om skriftleg dokumentasjon
Innanlands vegtransport av gods utført av transportørar  som høyrer heime i andre EØS-land - såkalla ”kabotasje” – er i dag lovleg på mellombels basis når desse krava er oppfylte:

• Transporten innanlands kan ikkje omfatta meir enn tre oppdragsturar, i tilslutnad til ein internasjonal transport med same køyretøy.

• Dei tre innanlands oppdraga må gjennomførast innanfor ein periode på sju dagar etter at godset frå utlandet er lossa.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at utanlandske transportørar som ønskjer å driva løpande og permanent transportverksemd i Noreg, må etablera seg her etter gjeldande reglar på området. Eit slikt krav om etablering i Noreg er òg i tråd med praksis som til dømes franske, svenske og danske styresmakter følgjer overfor utanlandske transportørar som vil driva vedvarande og regelmessig innanlands transportverksemd.

Dagens norske regelverk og praksis, saman med nye krav om skriftleg dokumentasjon, er på line med gjeldande EU-reglar og utgjer ein del av eit meir omfattande EU-regelverk for vegtransport, den såkalla ”Vegpakka”.

Samferdselsdepartementet tar sikte på at  heile ”Vegpakka” seinare  skal innarbeidast i norsk rett gjennom EØS-avtalen.  


For fleire opplysingar – sjå: