Historisk arkiv

Ny forskrift sendt på høyring:

Samferdselsministeren til kamp mot køyring i narko- og pillerus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Mange køyrer under påverknad av narkotika og legemiddel. Saman med endringane i vegtrafikklova skal den nye forskrifta gjera det enklare for politiet å fjerna farlege bilførarar frå vegane.

- Mange køyrer under påverknad av narkotika og legemiddel. Saman med endringane i vegtrafikklova skal den nye forskrifta gjera det enklare for politiet å fjerna farlege bilførarar frå vegane.

Det seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Med desse reglane, der ein blant anna har lovfastsette grenser for 20 andre stoff enn alkohol, får ein meir likebehandling av forbodet mot ruspåverka køyring uavhengig om det er alkohol eller andre stoff inne i biletet.

Vitskapleg rapport
Ein av hundre bilførarar kan vera ein fare i trafikken på grunn av rus forårsaka av narkotika og legemiddel. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet.

Samferdselsdepartementet sette difor våren 2010 ned ei medisinskfagleg rådgjevingsgruppe som skulle sjå på det vitskaplege grunnlaget for lovfastsette grenser og andre tiltak mot køyring i rus. Denne gruppa har no lagt fram rapporten sin.

 - Eg vil retta ein stor takk til fagfolka og til professor Jørg Mørland som har leia gruppa. Vi har fått eit godt kunnskapsgrunnlag som har gjort det mogleg å utarbeida forbodsgrenser og grenser for straffeutmåling når det gjeld køyring når ein er påverka av andre stoff enn alkohol. Det er eit viktig arbeid denne gruppa har gjennomført, og eg registrerer at arbeidet også har vekt merksemd internasjonalt, seier samferdselsministeren.

Styrkjer innsatsen mot køyring i rus
Samferdselsdepartementet har på bakgrunn av rapporten utarbeida ei ny forskrift om faste grenser for påverknad av andre stoff enn alkohol. Saman med endringane i vegtrafikklova som nyleg vart vedtekne, vil forskrifta gjera det enklare for politi og påtalemyndigheitene å styrkja innsatsen mot køyring i rus.

I rapporten kjem ekspertgruppa mellom anna med ei tilråding om faste konsentrasjonsgrenser i blodet for 20 andre stoff enn alkohol. Alle desse stoffa er trafikkfarlege, og er stoff ein oftast finn hos dei bilførarane som er pågripne av politiet. Dei lave grensene for desse stoffa vil svara til ei alkoholgrense på 0,2 promille.

Rapporten og utkastet til forskrift er no sendt på høyring med høyringsfrist 17. mars 2011.


For fleire opplysningar - sjå: