Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 10. november:
Kl. 12.00:
Statsministeren og samferdselsministeren inviterer til samråd om samferdsel. Regjeringa ønskjer innspel til korleis interesseorganisasjonar og frivillige aktørar kan bidra saman med styresmaktene til betre trafikktryggleik. I møtet deltek Trygg Trafikk, Norges Automobilforbund, Landsforeningen for trafikkskadde, Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund, Trafikkforum, Syklistenes Landsforbund og Nei til Frontkollisjoner.

Det er mogleg å fotografera ved oppstarten av møtet. Deltakarane er tilgjengelege for pressa etter møtet, om lag kl. 13.30.

Pressekontaktar er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 918 52 986 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 17.30: Statsministeren held foredrag om den internasjonale finanskrisa, på eit arrangement i regi av Universitetets Arbeiderpartilag, Blindern AUF og Innflytternes AUF. Stad: Auditorium 1, Eilert Sundts hus, Universitetet på Blindern.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 918 52 986.

Onsdag 12. november:
Statsminister Jens Stoltenberg møter presidenten i EU-kommisjonen José Manuel Barroso i Brussel. Finansminister Kristin Halvorsen, samferdselsminister Liv Signe Navarsete, utanriksminister Jonas Gahr Støre, miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, olje- og energiminister Terje Riis-Johansen og fiskeri- og kystminister Helga Pedersen deltek også på møtet.

Tema for møtet er blant anna norsk europapolitikk, klima- og energispørsmål, nordområda, den internasjonale finanskrisa og samarbeidet med Russland.

Det er sendt ut eit eige program for reisa til Brussel. Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 995 41 911.

Torsdag 13. november:
Statsministeren er til stades i Stortinget, i samband med ein interpellasjon frå Erna Solberg.