Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Vi HARALD, Noregs Konge,

s t a d f e s t e r:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Situasjonen i norsk økonomi står i klar kontrast til situasjonen hos mange av handelspartnarane våre. Høg etterspørsel frå petroleumsverksemda og utviklinga i privat forbruk bidrar framleis til høg aktivitet og låg arbeidsløyse. I fjor auka BNP for Fastlands-Noreg med 3,4 pst., som er klart høgare enn gjennomsnittet for dei siste 40 åra. Veksten blei svakare mot slutten av fjoråret og i første halvår i år. Konsumprisen var 2,0 pst. høgare i januar-august i år enn i same periode i fjor.

Tiltak frå styresmaktene i både Europa og USA har bidratt til ei betydeleg betring i dei internasjonale finansmarknadene sidan i fjor sommar. Renter på statslån i gjeldstyngde land i Europa ligg klart lågare enn i fjor. Risikoen for eit nytt tilbakeslag i verdsøkonomien er redusert. Utviklinga i realøkonomien har likevel vore svak. I mange euroland har verdiskapinga gått ned og arbeidsløysa har auka til rekordhøge nivå. Men den siste tida har auken i arbeidsløysa stoppa opp, og etter seks kvartal med nedgang var det igjen vekst i BNP i euroområdet i 2. kvartal. I USA er veksten på veg opp, understøtta av betring i finansmarknadene og svært ekspansiv pengepolitikk. I framveksande økonomiar viser veksten derimot teikn til å gå ned.

Regjeringa følgjer handlingsregelen for ei gradvis og forsvarleg innfasing av petroleumsinntektene i norsk økonomi. Den økonomiske politikken skal samtidig bidra til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. I tråd med dette la Regjeringa i Revidert nasjonalbudsjett 2013 opp til ein bruk av petroleumsinntekter, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskottet, på 124,6 mrd. kroner. Det tilsvarer 3,3 pst. av kapitalen i Statens pensjonsfond utland ved inngangen til året.

Den norske befolkninga auka med 65 000 personar i 2012, som svarer til 1,3 pst. Det er om lag som i rekordåret 2011. Den registrerte nettoinnvandringa til Noreg i 2012 var på om lag 47 000 personar, det høgaste som er registrert. Dei fleste av innvandrarane kom som arbeidsinnvandrarar eller som resultat av at familiar får flytte saman att. Det kom om lag 10 000 asylsøkjarar til Noreg i 2012.

Sysselsetjinga auka med 57 000 personar frå 2011 til 2012, og veksten har halde fram i første halvår i år. Ifølgje kvartalsvis nasjonalrekneskap var det sysselsett 8 000 fleire personar i 2. kvartal i år enn i 1. kvartal. I første halvår i år var det sysselsett 34 000 fleire personar enn i første halvår i fjor. Talet på AKU-ledige har gått noko ned dei siste månadene og utgjorde 3,3 pst. av arbeidsstyrken i juni i år, det lågaste sidan oktober i fjor. Den registrerte arbeidsløysa har vore nokolunde stabil så langt i år, om lag 2 1/2 pst. av arbeidsstyrken.

I perioden 2005 til 2012 har inntektene i kommunesektoren reelt auka med om lag 61 mrd. kroner (i 2012-kroner). Sysselsetjinga i kommunesektoren auka i perioden 2005 til 2012 med 72 200 personar. I 2012 var det sysselsett om lag 518 000 personar i kommunesektoren. Auken i sysselsetjinga har vore ein føresetnad for utbygginga av kommunale tenester.

I 2012 kom om lag 1/3 pst. av dei samla statsinntektene frå petroleumssektoren. Den petroleumsretta leverandørindustrien har blitt ei stor næring i Noreg. Industrien har kunnskapsbaserte arbeidsplassar over heile landet og sysselsette 126 000 personar i 2011. Noreg er den nest største eksportøren i verda av sjømat og eksporterte i 2012 sjømat til ein verdi av 51,6 mrd. kroner. Russland og Frankrike er dei største enkeltmarknadene. Rundt 60 pst. av den norske sjømateksporten går til EU. Sjømatnæringa skaper om lag 44 000 årsverk, medrekna ringverknader.

Den 16. januar i år blei norske interesser ramma av internasjonal terrorisme. Angrepet på gassproduksjonsanlegget i In Amenas er det alvorlegaste angrepet i fredstid mot norske interesser utanfor Noreg og fem norske Statoil-ansatte blei drepne. Ansvaret for handteringa av sjølve krisa låg hos Algerie. Utanriksdepartementets evaluering av krisehandteringa til norske styresmakter konkluderte med at trass i det tragiske utfallet blei krisa handtert på ein god måte. Samtidig peikar rapporten på eit behov for betre rutinar og betre tekniske løysingar for mellom anna gradert samband. Det er òg eit potensial for vidareutvikling av tiltak for betre utnytting av allereie tilgjengeleg informasjon, fokus på nye geografiske område og betre informasjonsformidling. Regjeringa har styrkt bidraget sitt til det internasjonale antiterrorarbeidet etter terrorangrepet og lærdommane frå In Amenas er lagde til grunn i arbeidet med å forbetre norske styresmakter si evne til krisehandtering, både gjennom førebyggande bistand og bistand i krisesituasjonar.

Konflikten i Syria har forverra seg ytterlegare det siste året og er i ferd med å bli den mest alvorlege flyktningkrisa sidan den andre verdskrigen. Lidingane for sivilbefolkninga er forferdelege. Noreg har løyvt totalt 850 mill. kroner til humanitær bistand i Syria og grannelanda sidan konflikten begynte våren 2011.

Stortinget har for 2013 vedteke framlegget frå Regjeringa til bistandsbudsjett på til saman 30 208 mill. kroner, som tilsvarer 1 pst. av forventa bruttonasjonalinntekt. Med dette høge bistandsnivået er Noreg blant dei største bidragsytarane til internasjonal solidaritet. Sentralt for norsk utviklingspolitikk har vore kampen mot fattigdom, rettferdig fordeling og likestilling.

Regjeringa har ytterlegare trappa opp arbeidet for å nå dei helserelaterte tusenårsmåla om redusert mødre- og barnedød, og det same er gjort i kampen mot aids, malaria og tuberkulose.

Regjeringa si nordområdesatsing er styrkt. Blant anna skal det byggjast eit nytt isgåande forskingsfartøy og støtta til nytt teknologibygg ved universitetet i Tromsø er vidareført. Regjeringa legg stor vekt på samarbeidet i Arktisk råd, som i mai oppretta eit permanent sekretariat i Tromsø.

Regjeringa har vidareført militære bidrag i ei rekkje operasjonar i utlandet, blant anna for NATO i Afghanistan og utanfor Afrikas Horn. Frå i sommar deltek Noreg også i FNs stabiliseringsoperasjon i Mali.

Stortinget slutta seg i juni 2013 til framlegget frå regjeringa om å setje i gang hovudinnkjøpet av F-35 kampfly.

Forsvarssektoren har gjennomført ei rekkje tiltak for å styrkje evna til å støtte politiet, inkludert militær helikopterberedskap på Rygge og Bardufoss. Marinejegerkommandoen er sett på nasjonal beredskap frå Bergen, slik at kommandoen på oppmoding kan hjelpe politiet til å løyse kontraterroroppgåver. Regjeringa prioriterer tiltak for å vidareutvikle spesialstyrkane i Forsvaret, noko som inneber at både operativ evne og beredskap blir styrkt.

Regjeringa la 20. mars 2013 fram melding til Stortinget om terrorberedskap. Meldinga er ei oppfølging av NOU 2012: 14 Rapport fra 22. juli-kommisjonen.

Regjeringa sette 8. november 2012 ned eit utval for å analysere utfordringane i norsk politi. Analysen skulle peike på forslag til forbetringspunkt og tiltak for å leggje til rette for betre oppgåveløysing og meir effektiv ressursbruk i politiet. Utvalet leverte utgreiinga si NOU 2013: 9 den 19. juni.

Regjeringa legg stor vekt på å sikre ei berekraftig utvikling. Hovudutfordringar for ei slik utvikling er internasjonal fattigdom, urettferdig fordeling, store miljøøydeleggingar og menneskeskapte klimaendringar. Regjeringa er godt i gang med å følgje opp dei enkelte punkta i klimameldinga og klimaforliket frå 2012.

Stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2014-2023 blei lagd fram våren 2013. Regjeringa vil utvikle eit moderne og framtidsretta transportsystem som gjer trafikkavviklinga enklare, raskare og sikrare. Dette vil bidra til å styrkje konkurransekrafta i næringslivet, betre bymiljøet, bidra til regional utvikling og bidra til å oppfylle Klimaforliket. Planen er eit stort løft for transportsektoren i Noreg, med ein auke av den økonomiske ramma på om lag 50 pst.

Regjeringa har lagt fram stortingsmeldinga “Flere i arbeid” som særleg rettar merksemda mot å gjere det mogleg for fleire personar med nedsett arbeidsevne å delta i arbeidslivet, få fleire personar med psykiske lidingar i arbeid og auke innsatsen for unge utanfor arbeid og utdanning.

Regjeringa vidarefører arbeidet med treparts bransjeprogram i utsette bransjar, og ein har i 2013 starta arbeid i to nye bransjar. Regjeringa har i Revidert nasjonalbudsjett for 2013 lagt fram Handlingsplan 3 for eit anstendig og seriøst arbeidsliv og mot sosial dumping.

Det har skjedd ei betydeleg satsing på helsetenesta det siste året, og fleire får behandling. Styringskrava til dei regionale helseføretaka når det gjeld kvalitet og pasienttryggleik i sjukehusa er skjerpte.

Regjeringa har lagt fram ei ny forskingsmelding, der det blir slått fast at Regjeringa vil halde fram med å auke løyvingane til forsking i åra framover. Regjeringa vil utarbeide ein langtidsplan for forsking og høgare utdanning som skal ha eit tiårsperspektiv og leggje føringar for korleis vi rettar investeringar i blant anna kunnskapsbygg, forskingsinfrastruktur, stipendiatar og studieplassar.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om likestilling mellom kvinner og menn. Likestillingspolitikken skal styrkjast blant anna med eit forsterka trepartssamarbeid i arbeidslivet og ved å etablere regionale kompetansesenter for likestilling.

Stortinget har slutta seg til ein framlagd proposisjon om nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen i Oslo med ei kostnadsramme på vel 5,3 mrd. kroner. Statsbygg har fått i oppdrag å gjennomføre prosjektet, som skal vere ferdig i 2019.

Regjeringa har gjennomført ein overgang til prosenttoll for enkelte jordbruksvarer frå 2013 for å sikre føreseielege vilkår for landbruksnæringa og næringsmiddelindustrien. Dette saman med ei god jordbruksavtale forbetrar inntektsmogelegheitene for næringa vesentleg og er eit bidrag i arbeidet med å trappe opp norsk matproduksjon. Regjeringa har betra rammevilkåra for treforedlingsindustrien med ei tiltakspakke på 750 mill. kroner.

Regjeringa er oppteken av forenkling og har lagt fram rapporten “Enkelt og greit” med 45 tiltak som vil forenkle kvardagen for innbyggjarane. Tiltaka er eit resultat av innspel frå innbyggjarane sjølve og møte med ulike organisasjonar.

I 2013 blir 100-årsjubileet for allmenn stemmerett feira over heile landet, gjennom små og store tiltak og arrangement i regi av frivillige organisasjoner, utdannings- og kulturinstitusjonar og sentrale og lokale myndigheiter.

*****

Kronekursen, målt ved konkurransekursindeksen, var i august 5,0 pst. svakare enn i oktober i fjor. Spotprisen på råolje var i august i år på om lag 110 amerikanske dollar per fat, mot 112 dollar per fat i oktober i fjor.

Driftsbalansen overfor utlandet viste eit overskott på 412 mrd. kroner i 2012. Det var nesten 61 mrd. kroner meir enn året før. Tal for 1. halvår 2013 tyder på at overskottet på driftsbalansen kan bli noko lågare i år enn i 2012. Eksportverdien av både olje og gass og tradisjonelle varer var lågare i 1. halvår 2013 enn i same perioden 2012 , noko som bidrog til ei nedgang i den samla handelsbalansen i perioden.

Skilnadene i den globale økonomiske utviklinga speglar seg av i arbeidsmarknaden. Medan arbeidsløysa er høg i fleire europeiske land, har det vore ei betring i USA det siste året. I mange land er arbeidsløysa blant ungdom spesielt høg. På verdsbasis er det 73 millionar arbeidssøkjande personar utan arbeidsinntekt som er mellom 15 og 24 år. Den økonomiske veksten i industrilanda er for svak til å auke sysselsetjinga i vesentleg grad, og ein reknar med at arbeidsløysa vil halde seg høg framover.

Statens pensjonsfond (Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg) hadde ein samla marknadsverdi ved utgangen av 2. kvartal 2013 på 4 548 mrd. kroner. Resultata gjennom fjoråret og så langt i 2013 speglar av den gode utviklinga i aksje- og obligasjonsmarknadene i verda. Ein må samtidig vere budd på at verdien av fondet vil kunne svinge mykje i åra som kjem.

Ei brei forankring av forvaltninga av Statens pensjonsfond er viktig for at vi skal evne å stå fast ved den langsiktige strategien, særleg når det er uro i marknadene. Ei langsiktig og god forvaltning er ein føresetnad for at inntektene frå petroleumsressursane skal komme både dagens og framtidige generasjonar til gode. Behandlinga i Stortingen av årets melding om Statens pensjonsfond viser at det er brei politisk semje om strategien for forvaltninga av dei felles sparemidlane våre.

Regjeringa la i februar i år fram Perspektivmeldingen 2013 (Meld. St. 12). Det er lang tradisjon i Noreg for å leggje fram ei melding om langsiktige utviklingstrekk i norsk økonomi kvart fjerde år. Analysane i meldinga viser at statsfinansane er solide, men også at aldringa i befolkninga etter kvart vil stille dei offentlege velferdsordningane overfor krevjande utfordringar. Regjeringa har sett ned eit utval for å gå gjennom næringsskattlegginga blant anna i lys av den internasjonale utviklinga.

Regjeringa fremja våren 2013 forslag om nye kapitalkrav for bankar og andre finansinstitusjonar. Dei nye krava blei vedtekne i Stortinget i juni, og dei vil støtte opp om ein trygg og solid banksektor i Noreg.

Regjeringa har bestemt at det skal stillast krav om såkalla land-til-land-rapportering som kan medverke til å synleggjere uttak av naturressursar i utvinningsindustrien, og pengestraumar som er knytte til slike uttak.

Regjeringa la i desember 2012 fram forslag om reglar om at store føretak skal rapportere korleis dei følgjer opp samfunnsansvaret sitt. Reglane blei vedtekne i Stortinget våren 2013, og dei vil leggje til rette for at føretak gjennom meir openheit kan vise at dei tek samfunnsansvaret sitt på alvor.

Dei fleste norske tilsette har hatt god lønnsvekst dei siste åra. Samla lønnsvekst var i 2012 på 4 pst. Lønnsoppgjeret i 2013 var eit mellomoppgjer i dei fleste tariffområda. Det var få tvistar i årets oppgjer. Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval som skal sjå på lønnsdanninga i Noreg i lys av dei utfordringane som følgjer av det høge kostnadsnivået i landet. Utvalet skal levere rapport i desember i år.

Talet på tiltaksplassar for arbeidsledige er redusert noko i takt med ei stabilisering av arbeidsmarknaden. Samla planlagt tiltaksnivå for ledige og personar med nedsett arbeidsevne er på 71 000 plassar i 2013.

Andre kvartal 2013 var det sesong- og influensakorrigerte sjukefråværet 6,5 pst. av alle avtalte dagsverk. Fråværet auka noko i fjor haust, men nivået er likevel eit av dei lågaste vi har sett etter at IA-avtala blei inngått i 2001. Eitt av måla i IA-avtala er å redusere sjukefråværet med 20 pst. frå nivået i 2001. Det korrigerte sjukefråværet i andre kvartal 2013 er 9,5 pst. lågare enn nivået i andre kvartal 2001.

Den gjeldande IA-avtala går ut 31. desember 2013. Regjeringa har begynt forhandingar om ei ny IA-avtale og utarbeidd eit grunnlagsmateriale for forhandlingane saman med partane i arbeidslivet. Eit forpliktande trepartssamarbeid og fokus på arbeidsplassen som den viktigaste arenaen for inkluderingsarbeidet bør framleis liggje til grunn for samarbeidet.

Regjeringa legg stor vekt på arbeidet i Arktisk råd. På ministermøtet i Kiruna i mai blei ei oljevernavtale som vil styrkje beredskapen i Arktis, underskriven. I tillegg blei seks land, og i prinsippet også EU, tekne opp som nye observatørar. Ei avtale om søk og redning i Arktis tredde i kraft i januar i år.

Dei to siste åra har Noreg leidd Barentsrådet. Under 20-årsmarkeringa i Kirkenes i juni blei det vedteke ei erklæring om det framtidige Barentssamarbeidet med stor vekt på næringsutvikling. Regjeringa har ført vidare det breie tosidige samarbeidet med Russland.

Vårt samarbeid bygger på medlemskåpet i NATO. Regjeringa har arbeidd aktivt for å sikre at tryggings- og forsvarssamarbeidet i NATO blir vidareført på ein god måte. Regjeringa har styrkt den militære deltakinga i FN-leidde fredsoperasjonar ved å bidra til den nye FN-operasjonen i Mali. Noreg leier no frå fregatten Fridtjof Nansen NATOs antipiratoperasjon «Ocean Shield» utanfor kysten av Somalia. Bidraget til NATOs operasjon i Afghanistan, der Norge har militært personell på om lag 200, er framleis det største bidraget til ein pågåande internasjonal operasjon.

Regjeringa har bidratt til å styrkje det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet blant anna når det gjeld digital tryggleik.

Regjeringa legg stor vekt på det humanitære perspektivet i internasjonale nedrustingsspørsmål. Noreg var i mars 2013 vertskap for ein konferanse om dei humanitære konsekvensane av kjernevåpen.

Regjeringa har halde fram Noreg sitt internasjonale engasjement der vi har opparbeidd høgt internasjonalt truverd. Etter at forhandlingar mellom den colombianske regjeringa og FARC-geriljaen blei opna i Oslo i oktober 2012, har Noreg saman med Cuba lagt til rette for fredssamtaler i Havanna.

Regjeringa har lagt fram melding til Stortinget om rettferdig fordeling i utviklingspolitikken. Som første långivar har Noreg fullført ein revisjon av alle uteståande fordringar i utviklingsland. Ansvarleg långiving har vore spesielt i fokus. Regjeringa har vidareutvikla arbeidet med tiltak mot ulovlege pengetransaksjonar og med å styrkje kvaliteten på tilskottsforvaltninga.

Regjeringa har gjennomført ein uavhengig gjennomgang av den gjelda utviklingsland no har til Noreg («gjeldsrevisjon»). Regjeringa har sletta heile gjelda Myanmar har til Noreg, om lag 3,2 mrd. kroner, utan å belaste bistandsbudsjettet.

Noreg var blant initiativtakarane til framlegget om ei internasjonal avtale om våpenhandel, som blei vedteken på generalforsamlinga i FN 2. april. Noregs presidentskap for Konvensjonen om klaseammunisjon blei avslutta då Zambia tok over 10. september i år.

Noreg har leidd arbeidet i FN med å følgje opp FNs retningslinjer for det menneskerettsansvaret næringslivet har. Noreg har også spela ei leiande rolle for å fremje internasjonale arbeidstakarrettar. Vi var blant anna vertskap for den europeiske ILO-konferansen i Oslo i vår.

Det blei i vår organisert eit større internasjonalt møte i Oslo om høgreekstremisme og hatkriminalitet og korleis det internasjonale samfunnet best kan bidra til å betre situasjonen til minoritetane. Noreg var også vertskap for ein internasjonal konferanse om menneskerettar og seksuell orientering i april i år. Noreg har bidratt aktivt til å styrkje rettane og plassen til minoritetar i Europa gjennom dei norske EØS-midlane.

Regjeringa har ført ein aktiv europapolitikk basert på Soria Moria-erklæringa og dei tiltaka som blei presenterte i Meld. St. nr. 5 (2012-2013) om EØS-avtala og dei andre avtalene Noreg har med EU, som blei lagd fram i fjor haust.

Regjeringa har vidareført moderniseringa av forsvarssektoren og følgt opp gjeldande langtidsplan i tråd med vedtak i Stortinget.

Arbeidet med å ta vare på og anerkjenne personell som på vegner av Noreg har delteke i internasjonal teneste, er styrkt i tråd med handlingsplanen til regjeringa. Det tverrsektorielle samfunnsansvaret har særlig vore sentralt.

Dei første F-35-flya vil etter planen komme til Noreg i 2017. Regjeringa har vidareført arbeidet med å sikre framtidige moglegheiter for norsk industri innanfor F-35-programet.

Regjeringa har prioritert å styrkje den operative evna til Forsvaret gjennom å vidareutvikle struktur, organisasjon og yteevne. Satsinga på nordområda er vidareført med fokus på overvaking, hevding av suverenitet og maktutøving.

Tilrettelegging for alliert øving og trening i Noreg har det siste året gitt gode resultat. Interessa for å trene og øve i Noreg er stor. Gode arenaer for samtrening med norske avdelingar har bidratt til dette. Alliert trening i Noreg vil vere ein prioritet frå norsk side også i tida framover.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om kompetanse i forsvarssektoren, og sett i gang eit større reformarbeid for å setje i verk denne. Vedtaket om kjønnsnøytral verneplikt er viktig for å møte utfordringar knytte til kompetanse i eit moderne innsatsforsvar.

Regjeringa har i 2013 vidareført innsatsen mot fattigdom. Handlingsplanen mot fattigdom er retta inn mot tre delmål: at det skal bli mogleg for alle å komme i arbeid, at alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg og å betre levekåra for dei som har det vanskelegast. I perioden 2008 til 1. tertial 2013 har 13 900 personar gjennomført/planmessig avvikla kvalifiseringsprogram. Om lag halvparten av deltakarane gjekk over til ordinært arbeid eller til eit arbeidsretta løp.

Stortinget vedtok 10. juni 2013 endringar i arbeidsmiljølova. Lovvedtaket inneber blant anna å innføre ein lovfesta rett til utvida stillingsprosent som samsvarer med den reelle arbeidstida. Vidare omfattar lovendringane søksmålsrett for fagforeiningar ved ulovleg innleige og i tillegg utvida kompetanse for Arbeidstilsynet.

Regjeringa presenterte i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2012 hovudtrekka i den planlagde yrkesskadereforma. Forslaget er å slå saman dagens to regelverk for yrkesskade i éi lov, og å samle den administrative behandlinga. Det vil gi eit meir rettferdig og tidsmessig regelverk. Regjeringa har lagt fram ein første lovproposisjon som i hovudsak gjeld materielle reglar for rett til erstatning etter den nye arbeidsskadeforsikringslova.

Stortinget vedtok 2. april 2013 endringar i folketrygdlova som bidrar til å førebyggje og avdekkje trygdemisbruk. Stortinget gav 19. mars 2013 samtykke til å inngå ein nordisk konvensjon om trygd av 12. juni 2012. Den nye konvensjonen vil blant anna leggje til rette for å redusere og motverke grensehindringar.

Den nye verjemålslova tredde i kraft 1. juli 2013. Eit siktemål med lova er å sikre rettstryggleiken og integriteten for personar under verjemål. Lova inneber at oppgåvene til dei tidlegare kommunale overformynderia er overførte til fylkesmannsembeta. Ei ny sentral verjemålsmyndigheit er oppretta på Hamar.

Den sentrale forvaltninga for Kriminalomsorga er blitt skilt ut frå Justis- og beredskapsdepartementet og lokalisert på Lillestrøm. Samtidig blei namnet endra til Kriminalomsorgsdirektoratet. Utskiljinga vil skape ei tydelegare rollefordeling mellom departement og direktorat.

Regjeringa la 8. mars 2013 fram melding til Stortinget om førebygging av og tiltak mot vald i nære relasjonar og i august 2013 ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar for perioden 2014-2017. Handlingsplanen er ei oppfølging av meldinga til Stortinget. Regjeringa la i august 2013 fram ein handlingsplan for kriminalitetsførebygging for perioden 2013-2016, med særleg vekt på barn og unge.

Regjeringa oppnemnde 7. september 2012 eit utval som har greidd ut om dagens organisering av Sivilforsvaret, Politireserven og Heimevernet for å vurdere ulike former for samanslåingar, samordning og effektiviseringstiltak. Utvalet leverte rapport 8. april 2013. Utgreiinga er send på brei høyring med frist 15. august 2013.

Regjeringa overførte 1. april 2013 samordningsansvaret for førebyggjande IKT-tryggleik i sivil sektor frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet. Regjeringa set med dette IKT-tryggleik i samanheng med samfunnstryggleiken elles.

Regjeringa fremja i 2011 forslag om innkjøp av nye redningshelikopter. Kontrakten for Svalbard blei inngått i desember 2012. Innkjøpa på fastlandet pågår. Satsinga på dette området vil føre til ei betydeleg styrking av redningstenesta.

Regjeringa si prioritering av utbygging og innføring av nytt digitalt radiosamband for nød- og beredskapsetatane, Nødnett, er ei stor og nødvendig investering i samfunnskritisk infrastruktur. Utbygginga pågår for fullt og Nødnett skal vere landsdekkjande innan utgangen av 2015.

Endringar i lovgivinga om industrielt rettsvern m.m., som styrkjer reglane for handheving av patent, designrettar, varemerkerettar m.m., tok til å gjelde 1. juli 2013.

Det er med verknad frå 1. juli 2013 vedteke forenklingar av aksjelova, særleg med sikte på behova for dei små og mellomstore selskapa. Endringane inneber at det har blitt enklare å stifte aksjeselskap og reglane for leiingsorgana og generalforsamlinga er gjorde meir fleksible.

Regjeringa la i mai 2013 fram forslag om endringar i straffelovgivinga for terrorhandlingar og organisert kriminalitet. Stortinget vedtok endringane i juni 2013. Ansvaret for planlegging og førebuingar av terrorhandlingar er utvida. Det er no bl.a. straffbart å motta trening for å begå terrorhandlingar. Strafferamma for terrorhandlingar i straffelova 1902 er heva til 30 år.

Regjeringa la i 2013 fram forslag til ei rekkje endringar i straffeprosesslova, som blant anna styrkjer rettsstillinga til vitne og informantar og gjer det lettare for politiet å bruke såkalla overskottsinformasjon. Stortinget vedtok endringane i juni 2013.

Det sivile situasjonssenteret ved Krisestøtteeininga i Justis- og beredskapsdepartementet har vore i funksjon i vel eitt år. Situasjonssenteret er i døgnkontinuerleg drift.

Regjeringa har sett i gang fleire tiltak innanfor bustad- og bygningspolitikken. Regjeringa har sett i gang eit langsiktig og breitt utforma samarbeidsprogram med byggjenæringa. Det er sett ned eit offentleg utval som skal vurdere og fremje forslag til endringar i eigarseksjonslova.

Regjeringa har starta oppfølginga av Meld. St. 17 (2012-2013) Byggje – Bu – Leve. Det er blant anna sendt på høyring forslag om endringar i huseigarlova med sikte på å auke bustabiliteten til leigarar, og forslag om endringar i Plan- og bygningslova for å få enklare og raskare byggjeprosessar. Tilskott til utleigebustader for vanskegstilte er styrkt. Det blir arbeidd med ein langsiktig strategi for den offentlege innsatsen overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Stortinget slutta seg i juni 2013 til Meld. St. 13 (2012-13) Ta heile Noreg i bruk. Regjeringa vil føre ein regionalt differensiert distrikts- og regionalpolitikk og leggje til rette for busetjing i heile landet. Det er i 2013 sett i verk ei rekkje nye tiltak: kompetanseutvikling i regionale næringsmiljø, ny gründerportal, auka utviklingskapasitet i mindre distriktskommunar og næringsutvikling og verdiskaping i fjellområda. I tillegg blei innsatsen for utbygging av breiband og Bulyst styrkt.

Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval som skal leggje fram forslag til ei ny kommunelov. Utvalet skal blant anna gjere ein fullstendig gjennomgang av kommunelova for å styrke det lokale sjølvstyret.

Regjeringa la våren 2013 fram ein strategi for innovasjon i kommunesektoren. Strategien legg til rette for nytenking og innovasjonsarbeid i kommunesektoren, slik at ein kan få fram nye og betre løysingar for innbyggjarane i kommunane.

Regjeringa har sendt på høyring framlegg til revidert helseregisterlov der det bl.a. blir foreslått at pasientjournalen skal følgje pasienten gjennom heile pasientperioden.

Regjeringa har lagt fram ein ny kreftstrategi, og dertil gjort framlegg om endringar i tobakkskadelova for å redusere talet på røykjarar og styrkje retten til vern som barn har mot passiv røyking.

Regjeringa har lagt fram ei ny stortingsmelding om omsorg for framtida inkludert Omsorgsplan 2020. Planen skal først og fremst gi brukarane av helse- og omsorgstenestene nye moglegheiter til å klare seg sjølve betre i kvardagen trass i sjukdom, problem eller nedsett funksjon. Samtidig skal den gi grunnlag for å vidareutvikle det faglege arbeidet, både for dei som har størst behov for lindring og pleie, og dei som treng dagleg assistanse gjennom eit heilt liv. Planen skal leggje til rette for ein langsiktig omstillingsprosess som skal sikre nyskaping og utvikling av nye løysingar, teknologi, kunnskap og nye faglege metodar. Organisatoriske og fysiske rammer må endrast og vi må mobilisere og ta i bruk dei samla omsorgsressursane i samfunnet på nye måtar.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om kvalitet og pasienttryggleik som skal bidra til at tenestetilbodet er tilpassa den enkelte pasient og brukar, og at tilbodet er sikkert og av god kvalitet.

Regjeringa har også lagt fram ei stortingsmelding om folkehelsepolitikk. Meldinga presenterer ein samla strategi for å utvikle ein folkehelsepolitikk for vår tid og styrkje det førebyggjande arbeidet i helse- og omsorgstenesta.

Regjeringa la i mars 2013 fram Meld. St. 24 (2012-2013) Framtidens barnehage. I meldinga gir Regjeringa ei tydeleg retning for barnehagepolitikken framover, både for kvalitet og innhald, dei tilsette sin kompetanse og styringa av barnehagesektoren. Som ei oppfølging av meldinga la Regjeringa 15. august 2013 fram ein ny kompetansestrategi for barnehagane. Strategien skal bidra til å rekruttere barnehagelærarar og andre kvalifiserte yrkesgrupper til barnehagen og til å heve kompetansen til dei barnehagetilsette.

Våren 2019 la Regjeringa fram Meld. St. 20 (2012-2013) På rett vei – Kvalitet og mangfold i fellesskolen. Hovudbodskapen i meldinga er at norsk skole er på rett veg og at elevane lærer meir enn tidlegare. Særleg har ein klart å heve nivået til dei svakaste elevane. Regjeringa presenterer i meldinga ei rekkje tiltak som skal auke gjennomføringsgraden i vidaregåande opplæring og heve kvaliteten på og relevansen av fagopplæringa.

Strategien til Regjeringa for utvikling av ungdomstrinnet inneber ei særleg satsing på klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Målsetjinga er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i satsingane innan strategiperioden går ut i 2017.

Regjeringa har som mål at alle elevar skal inkluderast og oppleve meistring. Regjeringa har styrkt innsatsen for eit positivt og inkluderande skolemiljø gjennom å tilby ressursar til skolar og kommunar med særskilde utfordringar.

Regjeringa har høge ambisjonar for kvaliteten i høgare utdanning og forsking gjennom ein politikk for samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Finnmark er slått saman til éin institusjon med verknad frå 1. august 2013. Det er også gjort vedtak om å slå saman Høgskolen i Buskerud og Høgskolen i Vestfold med verknad frå 1. januar 2014. Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap skal organiserast som éin institusjon frå 1. januar 2014.

Stortinget har våren 2013 vedteke ei startløyving til byggjeprosjektet for samlokalisering av det nye universitetet og Veterinærinstituttet på Ås. Kostnadsramma for prosjektet er nær 6,5 mrd. kroner. Vidare blei det gitt startløyving til nytt teknologibygg for Høgskolen i Sør-Trøndelag, til nybygg for samlokalisering av Kunsthøgskolen i Bergen og til rehabiliteringsprosjektet for Universitetsmuseet i Bergen.

Regjeringa har saman med utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet arbeidd langsiktig for å auke rekrutteringa til teknologi- og realfagsutdanningane. Arbeidet har vore vellykka, og det blir no uteksaminert 20 pst. fleire kandidatar innanfor desse utdanningane enn i 2010.

Regjeringa har dei seinare åra gitt støtte til bygging av om lag 1 000 nye studentbustader i året. For 2013 blei nivået heva ytterlegare i samband med Revidert nasjonalbudsjett, og det er gitt tilsegn om tilskott til 1 483 studentbustader.

Regjeringa ønskjer å sikre midlar til den beste forskinga og dei beste forskings- og innovasjonsmiljøa. Frå 2013 har 13 nye forskingsmiljø fått status som Senter for framifrå forskning.

Regjeringa oppfordrar til auka internasjonalisering og har sett i verk tiltak som skal stimulere norske forskingsmiljø til å delta i forskingsprogramma innanfor EU. Regjeringa tek sikte på at Noreg skal delta som fullt medlem i EUs neste rammeprogram for forsking, Horisont 2020, og det blir arbeidd aktivt med utforminga av rammeprogrammet. I konkurranse med fleire europeiske land blei hovudkontoret for ei ny europeisk datateneste for samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking etablert i Bergen i juni 2013.

Regjeringa har lagt fram den første stortingsmeldinga om klimatilpassing i Noreg, der det blir gjort greie for konsekvensar av klimaendringane og for det arbeidet styresmaktene gjer med klimatilpassing.

Stortinget har samtykt i framlegget frå Regjeringa om å tiltre den internasjonale Hongkong-konvensjonen om sikker og miljøforsvarleg gjenvinning av skip. Noreg ser dermed ut til å bli det første landet i verda som tiltrer konvensjonen.

Regjeringa har arbeidd aktivt for ei ny internasjonal avtale, Minamata-konvensjonen om kvikksølv.

På FNs klimakonferanse i Doha blei det hausten 2012 vedteke nye talfesta utsleppsforpliktingar for Noreg og ei gruppe land, inkludert EU, for perioden 2013-2020. Som følgje av dette har Regjeringa foreslått at Stortinget skal gi samtykke til endringar i Kyotoprotokollen.

Regjeringa innfører denne hausten ei kompensasjonsordning for industrien, som skal hindre auka globale klimagassutslepp ved at industrien flytter til land med mindre streng klimaregulering.

Regjeringa har lagt fram ein avfallsstrategi som blant anna inneheld tiltak for å auke materialgjenvinninga, ei produsentansvarsordning for kasserte fritidsbåtar og eit samarbeid med bransjen om å redusere nyttbart matsvinn.

Stortinget gav i juni samtykke til å ratifisere Nagoya-protokollen, om tilgang til genressursar. Formålet med protokollen er å oppnå ei rettferdig og likeverdig fordeling av dei fordelane som følgjer av bruken av genetiske ressursar. Noreg har hatt ei sentral rolle i forhandlingane mellom industriland og utviklingsland.

Endringar i småbåtlova om bruk av vass-skuterar og forskift om bruk av vass-skuterar tok til å gjelde 1. juli 2013.

Regjeringa oppretta i desember 2012 Làhko nasjonalpark i Nordland som Noregs 36. nasjonalpark på fastlandet.

Regjeringa har oppretta dei tre første marine verneområda med heimel i naturmangfoldloven § 39: Framvaren i Vest-Agder, Tauterryggen i Nord-Trøndelag og Saltstraumen i Nordland.

Forvaltningsplanen for Nordsjøen og Skagerrak blei behandla av Stortinget våren 2013. Regjeringa har med dette laga fullstendige forvaltningsplanar for alle dei norske havområda.

Regjeringa har vedteke ei ny forskrift om miljøvern og tryggleik i Antarktis etter at Antarktistraktat-landa har forhandla fram eit nytt, strengt regelregime for ansvar ved miljøskade. Den nye forskrifta gir eit styrkt vern av miljøet i Antarktis.

Petroleumsverksemda er og har vore ei viktig drivkraft for vekst i norsk økonomi. Verdien av olje- og gasseksporten var i 2012 på om lag 615 mrd. kroner. Netto kontantstraum til staten frå petroleumsaktiviteten var på om lag 400 mrd. kroner i 2012.

Samla elektrisitetsproduksjon var om lag 148 TWh i 2012, den høgaste registrerte produksjonen i norsk kraftsektor i løpet av eitt år. Elektrisitetsforbruket var om lag 130 TWh.

Det er stor utbyggingsaktivitet i energisektoren. Det blei i 2013 gitt løyve til vasskraft- og vindkraftprosjekt som vil kunne gi ein samla årleg produksjon på om lag 3,5 TWh. Same året blei 46 småkraftverk, seks vindkraftverk og utviding av fem vasskraftverk sette i drift. Desse vil gi ein samla årleg produksjon på om lag 1 TWh.

Det har i første halvår 2013 blitt gitt endeleg løyve til vind- og vasskraftverk som kan gi ein samla årleg produksjon på om lag 1 TWh. I tillegg gav Olje- og energidepartementet i august 2013 konsesjon til vindkraftverk og sentralnett på Fosen og i Snillfjordområdet. Utbygging av desse kan gi til saman om lag 3,7 TWh/år og utgjere eit betydeleg bidrag til å oppfylle ambisjonane våre for fornybar energi. Olje- og engergidepartementet gav i august 2013 konsesjon til kraftleidningen Ofoten-Balsfjord, som er viktig for å sikre området trygg kraftforsyning.

Regjeringa la i 2013 fram Prop 113 L (2012-2013) om endringar i energilova. Lovendringane skal sikre ei heilskapleg forvaltning av kraftnettet og stadfester politikken til Regjeringa om at ansvaret for å eige og drive utanlandssambanda skal liggje hos Statnett. Olje- og energidepartementet har i 2013 motteke søknad frå Statnett om å få byggje eitt straumsamband til Tyskland og eitt til Storbritannia.

Ordninga med el-sertifikat legg til rette for omfattande utbygging av fornybar energi i Noreg. I 2012 blei anlegg med ein normalårsproduksjon tilsvarande 3,2 TWh sette i drift og godkjende for tildeling av elsertifikat i Noreg og Sverige.

Enova har inngått nye avtaler om fornybar energiproduksjon, energieffektivisering, konvertering og utvikling av ny energi- og klimateknologi som tilsvarer om lag 1,6 TWh/år i 2012. Enova har til saman innvilga støtte til 752 små og store prosjekt i løpet av 2012, i tillegg til 6 260 enkelttiltak i hushaldningar.

Norsk oljeproduksjon har gradvis blitt redusert sidan 2001 og var i 2012 på om lag 1,9 mill. fat olje per dag. Om lag 43 pst. av Noregs ressursbase er produsert til no. Gass-salet er aukande. I 2012 var norsk gasseksport på om lag 113 mrd. standardkubikkmeter (Sm3).

Det er høg aktivitet i petroleumsnæringa. 14 nye utbyggingsplanar er behandla i 2012 og fram til oktober 2013. Det inkluderer blant anna Aasta Hansteen som er rekna til 30 mrd. kroner. I 2012 blei det investert for om lag 172 mrd. kroner på kontinentalsokkelen.

I februar 2013 blei det tildelt 51 utvinningsløyve til i alt 40 selskap. I den 22. konsesjonsrunden i juni 2013 blei det tildelt 24 utvinningsløyve i 29 selskap. Løyva omfattar 20 løyve i Barentshavet og fire i Norskehavet.

Nordområda er det viktigaste strategiske satsingsområdet for Regjeringa i utanrikspolitikken. I petroleumspolitikken blir det lagt til rette for ny aktivitet i nord. Etter avtala med Russland om avgrensinga i Barentshavet og Polhavet har Regjeringa gjennomført ein opningsprosess for Barentshavet søraust, og Stortinget har for første gong sidan 1994 opna eit nytt område for petroleumsverksemd.

Olje- og energidepartementet gjorde i desember 2012 endringar i reguleringa av tredjepartstilgang på norsk sokkel. I juni 2013 fastsette departementet nye tariffar for nye transportavtaler i Gassled. Formålet med begge endringane er å leggje til rette for utvinning av mest mogleg av dei samfunnsøkonomisk lønnsame petroleumsressursane.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om næringspolitikken. Næringspolitikken skal støtte opp om mangfaldet i norsk næringsliv, leggje til rette for omstilling og fleksibilitet og bli utforma slik at han bidrar til eit lønnsamt næringsliv.

Tiltak som alt er gjennomførte eller påbegynte under forenklingsprosjektet i regi av Nærings- og handelsdepartementet er venta å gi årlege gevinstar på 5 mrd. kroner innan utgangen av 2015.

EØS-varelova blei vedteken av Stortinget 12. februar 2013 og tredde i kraft 12. april 2013.

Regjeringa har lagt fram ein strategi for mineralnæringa. Stortinget har ved behandlinga av budsjettet for 2013 slutta seg til at det skal etablerast ei norsk CO2-kompensasjonsordning for industrien for perioden 1.7. 2013–31.12.2020.

Implementeringa av strategien Regjeringa har lagt opp til for reiselivsnæringa – Destinasjon Norge – går etter planen og fleire viktige tiltak er gjennomførte.

Regjeringa har sett i gang konseptvalutgreiingar om etablering av eit nytt sentralt mellomlager for brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall i Noreg og om ei framtidig nedbygging av atomanlegga på Kjeller og i Halden.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om immaterielle verdiar og rettar. Regjeringa har lagt fram ein strategi for auka innovasjonseffekt av offentlege innkjøp.

I mars 2013 godkjende overvakingsorganet i EFTA eit nytt system for fastsetjing av renter for marknadslåna frå Eksportkreditt Norge. Det nye prisingssystemet gir større fleksibilitet til å prise lån i samsvar med marknadsutviklinga.

Regjeringa har styrkt deltakinga i utviklingsprogramma til den europeiske romorganisasjonen ESA og lagt fram ei melding til Stortinget om norsk satsing på romverksemd i åra framover.

Frihandelsavtalene med Hongkong og Montenegro tredde i kraft 1. november 2012. 24. juni 2013 skreiv Noreg under frihandelsavtaler med Bosnia-Hercegovina og dei mellomamerikanske statane Costa Rica og Panama.

Ved utgangen av 2012 var verdien av det direkte eigarskapet staten har på Oslo Børs, 489 mrd. kroner. Verdien av dei unoterte selskapa med forretningsmessige målsetjingar var på 103 mrd. kroner ved utgangen av 2012. Det gir eit samla verdianslag per 31.12.2012 på vel 590 mrd. kroner i dei til saman 24 selskapa der staten har forretningsmessige målsetjingar med eigarskapet.

For rekneskapsåret 2012 mottok staten i 2013 totalt 28,8 mrd. kroner i utbytte frå dei selskapa der staten er eigar. Av dette utgjer utbytte frå dei børsnoterte selskapa 22,7 mrd. kroner. Det totale utbyttet frå selskapa er 1,7 mrd. kroner høgare enn for forrige rekneskapsår.

Staten har i 2012 og første del av 2013 vore involvert i fleire eigardisposisjonar, blant anna i samband med tilsegn om trekkfasilitet til SAS og sal av eigardelar i Secora. Gjennom kjøp av aksjar i marknaden er statens eigardel i Cermaq auka frå 43,5 til 59,2 pst. Staten vil få ei inntekt på mellom 2 og 3 mrd. kroner ved eit sal av fôrverksemda i dette selskapet.

Regjeringa har i perioden styrkt eigarskapsforvaltninga i staten med nye personalressursar.

Det norske regelverket for bruk av private væpna vakter på norske skip som tredde i kraft 1. juli 2011, blei evaluert etter eitt år. Det var brei semje om at regelverket fungerer etter formålet. Reglane blei derfor vidareførte frå januar 2013, og ordninga skal evaluerast etter eitt år.

Regjeringa fremja i april forslag til ny lov om stillingsvern mv. for arbeidstakarar på skip (skipsarbeidslova). I lova, som erstattar sjømannslova, er det gjort ein fullstendig revisjon av det arbeidsrettslege vernet til sjøfolk. Lova blei vedteken i Stortinget i juni og tredde i kraft 20. august.

Regjeringa har betra rammevilkåra for treforedlingsindustrien med ei tiltakspakke på 750 mill. kroner. Satsinga omfattar tiltak for kostnadseffektiv transport, investeringsmidlar og forsking og utvikling for auka bruk av tre.

Regjeringa har modernisert eigedomslovgivinga gjennom endringar i jordlova og odelslova. Bl.a. er beløpsgrensene i priskontrollen på landbrukseigedommar heva for å gi rom for auka omsetning av landbrukseigedommar. Regjeringa har utarbeidd ei heilt ny jordskiftelov som legg til rette for enklare og meir effektiv saksbehandling.

Daglegvarelovlutvalet, som har greidd ut korleis ein best kan sikre prinsippet om god handelsskikk og omsynet til forbrukarane i lovgivinga, la fram innstilling 30.4.2013. Utvalet tilrår at det blir innført ei lov om god handelsskikk. Utgreiinga til Daglegvarelovutvalet har vore på høyring.

Den offentlege forvaltninga av reindrifta blir endra med verknad frå 1. januar 2014. Områdestyra skal avviklast og oppgåvene deira blir overførte til dei respektive fylkesmannsembeta. Det blir gjort ei administrativ overføring av områdekontora til fylkesmennene.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal vurdere pelsdyrnæringa og også beskrive og samanstille internasjonale utviklingstrekk og rammevilkår.

Noreg og Russland har gjennom god fiskeriforvaltning bygd opp verdas største torskebestand i Barentshavet. I pelagisk sektor er det derimot ei vedvarande usemje med Island og Færøyane om fordelinga av makrell, noko som har ført til at det gjennom fleire år har blitt fiska meir enn det Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har tilrådd. Det gir grunn til uro at Færøyane frå i år også har sagt seg usamd med dei andre kyststatane om fordelinga av norsk vårgytande sild og einsidig fastsett ein høgare kvote.

Regjeringa har gitt høg prioritet til arbeidet mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske og andre typar fiskerikriminalitet gjennom internasjonalt samarbeid. Noreg og EU gjorde i juli 2012 avtale om utkastforbod i Skagerrak. Noreg har også arbeidd for å få EU til å innføre utkastforbod i dei andre farvatna sine.

Framlegget frå Regjeringa til ny lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova) blei vedteken av Stortinget i juni og trer i kraft 1. januar 2014. Lova erstattar den gamle råfisklova frå 1951 og inneber ei viktig oppdatering og fornying av regelverket.

Den totale norske havbruksproduksjonen var i 2012 på 1,25 mill. tonn, og havbruk utgjorde 61 pst. av den totale sjømateksporten målt i verdi. Laks er den viktigaste oppdrettsarta. Havbruksnæringa skal operere innanfor miljømessig berekraftige rammer og arbeider med å løyse utfordringane som er knytte til lakselus og rømming. Ved tildeling av nye løyve i 2013 er det stilt krav om meir miljøvennlege produksjonsløysingar.

Regjeringa la 22. mars fram Meld. St. 22 (2012-2013) Verdens fremste sjømatnasjon. Den langsiktige politikken i meldinga skal realisere vekstpotensialet som er påpeikt i fleire rapportar dei siste åra. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som innan utgangen av 2014 skal gjennomgå rammevilkåra i sjømatindustrien.

Noreg og Canada har teke selforbodet i EU til tvisteløysing i WTO. Saka handlar om viktige prinsipp knytte til berekraftig forvaltning av levande marine ressursar.

BarentsWatch er eit pionerprosjekt der overvakingsdata for kyst- og havområda våre blir samla i ein felles portal som vil vere tilgjengeleg for alle. I oktober 2012 blei det første varselet om polart lågtrykk gitt på BarentsWatch.

Stadig nye område blir kartlagde gjennom det mangeårige botnkartleggingsprogrammet MAREANO.

Regjeringa er oppteken av tryggleik til sjøs og oljevernberedskap. Lostenesta legg viktige rammevilkår for sjøtransporten. Eit offentleg utval har gjennomgått lostenesta og la fram utgreiinga si 10. juni i år. Utgreiinga er no ute på høyring.

Sjøtryggleiken i Barentsområdet er ytterlegare styrkt ved at eit nytt norsk-russisk skipsrapporteringssystem, Barents SRS, blei teke i bruk 1. juni i år. Rapporteringssystemet vil sikre at sjøtrafikksentralane i Murmansk og Vardø får tidleg melding om trafikk som krev særleg merksemd, og gi norske og russiske styresmakter eit betre beslutningsgrunnlag dersom det oppstår ulykker.

To av dei nye multifunksjonsfartøya til Kystverket, med oppgåver innanfor vedlikehald av farleia og oljevern, er leverte og sette i drift.

Arbeidet med å hogge opp kryssaren “Murmansk” i Hasvik kommune blei sluttført i 2013.

Sjøtransport er ein viktig del av det norske transportsystemet, og den står for rundt 90 pst. av godstransportarbeidet i utanrikshandelen og 42 pst. av innanlands godstransportarbeid. For å bidra til å overføre gods frå veg til sjø, la Regjeringa fram ein nærskipsfartsstrategi i september 2013.

Løyvingane til veg og jernbane blei i 2013 trappa opp i samsvar med Nasjonal transportplan 2010-2019. Dei økonomiske rammene for 2010-2013 er overoppfylte. Mange nye veganlegg er sette i gang. I november 2012 begynte anleggsarbeidet på Ryfastsambandet på rv 13. Solbakktunnelen blir verdas lengste undersjøiske vegtunnel. Stortinget har vedteke fleire nye bompengeprosjekt.

Ei rekkje store veganlegg er, eller blir opna i 2013. I august 2013 opna Hardangerbrua. Med sine 1 380 meter er ho Noregs lengste hengjebru.

Den sterke satsinga på trafikktryggleik held fram med å gi resultat. I 2012 miste 145 menneske livet i trafikken. Ikkje sidan 1950 har talet vore lågare.

Satsinga på jernbanen gir framleis gode resultat. NSB AS har opplevd ein rekordstor auke i persontrafikken på fleire strekningar. Auken har vore størst på regiontoga på Vestfoldbanen. Ruteomlegginga på Austlandet i desember 2012 med nye tog har gitt eit meir attraktivt tilbod for dei aller fleste togkundane. Betre punktlegheit i persontogtrafikken på fleire togstrekningar er ei viktig årsak til at fleire no brukar toget. Betre punktlegheit er òg eit resultat av den omfattande oppgraderinga av jernbanestrekninga i Oslo mellom Lysaker og Etterstad, som i hovudsak blei fullført i 2012.

For å auke kapasiteten i jernbanetrafikken blir det no bygd dobbeltspor på IC-strekningane Langset – Kleverud på Dovrebanen og Holm – Nykirke og Farriseidet – Porsgrunn på Vestfoldbanen.

Talet på kollektivreiser på annan kollektivtrafikk fortsette også å auke frå 2011 til 2012. Regjeringa la i vår fram to eigarmeldingar, éi om verksemda til NSB AS og éi om verksemda til Avinor AS.

Revidert lov om elektronisk kommunikasjon tredde i kraft 1. juli 2013.

Regjeringa har lagt fram meldinga Digital agenda for Norge – IKT for vekst og verdiskaping. Målet er å leggje til rette for at Noreg tek i bruk informasjons- og kommunikasjonsteknologi som fremjar vekst og verdiskaping.

Forskrift om universell utforming av IKT-løysingar har tredd i kraft. Forskrifta inneber krav om at nettløysingar og sjølvbeteningsautomatar retta mot publikum, skal vere universelt utforma.

Regjeringa ønskjer å tryggje personvernet og la derfor hausten 2012 fram ei melding til Stortinget om utfordringar for personvernet.

Kyrkjeforliket frå 2008 mellom alle partia på Stortinget er følgt opp i samsvar med føresetnadene.

Regjeringa har inngått ei samarbeidsavtale med ideell sektor om leveransar av helse- og sosialtenester. Ideell sektor er ein viktig samarbeidspartnar for offentleg sektor i produksjonen av helse- og sosialtenester til befolkninga, og avtala skal bidra til eit betre samarbeid mellom staten og ideell sektor.

Regjeringa bestemte i mai 2013 å oppheve forskrifta som sette forbod mot opptening av bonuspoeng på flyreiser innanlands. Samtidig blei Konkurransetilsynet bede om å følgje marknaden nøye for å sikre at bonusprogramma ikkje blir brukte på ein måte som skader konkurransen. Dersom marknadsutviklinga tilseier det, vil verkemiddelbruken bli vurdert på nytt.

I oktober 2012 la Regjeringa fram Meld. St. 6 En helhetlig integreringspolitikk. Målet med integreringspolitikken er at alle får brukt ressursane sine og teke del i fellesskapet. Meldinga fekk brei oppslutning då ho blei behandla i Stortinget i mars 2013.

Gjennom integreringsmeldinga har Regjeringa halde fram med å styrkje tiltak for integrering. Som ei oppfølging av meldinga har Regjeringa hausten 2013 lagt fram ein handlingsplan for betre utnytting av ressursane til innvandrarane i arbeidslivet. Regjeringa har i 2013 sett av nye 30 mill. kroner til tiltaket Jobbsjansen. Tiltaket skal auke sysselsetjinga blant innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden, og som ikkje blir fanga opp av andre ordningar.

I 2013 har mange flyktningar sete i asylmottak medan dei har venta på å bli busette i ein kommune. Våren 2013 inngjekk staten og kommunesektoren ei busetjingsavtale. Kommunesektoren forpliktar seg i avtala til å busetje så mange flyktningar som det er behov for i åra som kjem.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om levekår og tiltak for personar med utviklingshemming. Det har skjedd ei vesentleg betring i levekåra sidan ansvarsreforma for over 20 år sidan, men det er framleis behov for ein innsats for å sikre likestilling, handlefridom og deltaking for personar med utviklingshemming.

Stortinget behandla i juni 2013 Prop 106 L (2012-2013) frå Regjeringa med framlegg til endringar i barnevernlova og med framlegg om styrking av kvaliteten i heile barnevernet.

For å styrkje barnevernstenesta i dei mest utsette kommunane er det øyremerkt midlar til å auke kapasiteten og å satse på kunnskap og samhandlingstiltak. Det er oppretta over 270 nye stillingar sidan andre halvår 2012.

Regjeringa har lagt fram forslag til forenklingar i foreldrepengeordninga. Ordninga skal bli meir fleksibel for foreldra og enklare å forvalte for Arbeids- og velferdsetaten. Foreldreperioden er utvida og det er innført ei tredeling som inneber like lange kvotar for kvar av foreldra og ein noko lengre fellesdel som foreldra kan dele seg imellom som dei ønskjer.

Arbeidsmiljølova er endra slik at yrkesaktive kvinner som ammar barn som er under eitt år, får rett til lønna ammefri inntil éin time dagleg.

Diskrimineringsvernet er styrkt, bl.a. gjennom ei ny lov om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Det er også vedteke ny likestilllingslov, ny diskrimineringslov om etnisitet og ny diskriminerings- og tilgjengelegheitslov.

Noreg ratifiserte FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne 3. juni 2013.

Barnelova er endra for å styrkje barn sin rett til informasjon og medverknad i foreldretvistar og sikre betre vern for utsette barn. Vidare er reglane om farskap og morskap endra for at dei skal vere tilpassa endringar i familiemønsteret, den teknologiske utviklinga som gjer det enklare med assistert befruktning, og sikker fastsetjing av farskap ved DNA-analyse.

Regjeringa la i mai 2013 fram for Stortinget Prop 171 L (2012-2013) om endringar i adopsjonslova.

I 2013 er det 150 år sidan Edvard Munch blei fødd. Prosjektet «MUNCH150» er eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og Munch-museet (Oslo kommune). MUNCH150 feirar Edvard Munchs verk og viktige rolle og bidrar til å auke kunnskapen om kunsten hans nasjonalt og internasjonalt.

Regjeringa har lagt fram stortingsmeldinga “Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken”. Regjeringa har styrkt den internasjone kulturinnsatsen og la fram melding om internasjonal kulturinnsats for Stortinget i vår. Regjeringa har i tillegg lagt fram ein handlingsplan for kulturnæringar for å bidra til auka verdiskaping og eksport i kulturnæringane.

Lov om omsetning av bøker er vedteken av Stortinget. Det er også lagt fram ein lovproposisjon om endringar i lov om folkebibliotek. Lova trer i kraft 1. januar 2014. Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris blei oppretta i fjor etter eit initiativ frå dei nordiske kulturministrane. Den første eigne stortingsmeldinga om arkivpolitikken er lagd fram.

I 2013 la Kulturdepartementet fram ein strategi for dans. Strategien legg grunnlaget for ei vidare utvikling av profesjonell dansekunst i Noreg.

I 2013 tok lov om Norsk kulturråd til å gjelde. Lova avklarar og tydeleggjer det faglege sjølvstende til rådskollegiet gjennom ei lovfesting av prinsippet om ei armlengdes avstand.

Ein proposisjon om endringar i medieeigarskapslova blei vedteken i Stortinget 17. juni. Formålet med endringane er at lova vert tilpassa teknologiske og marknadsmessige endringar i sektoren og bidra til eit mediemessigt mangfald

I 2013 er det løyvt 948 mill. kroner til momskompensasjonsordninga for Frivillige organisasjonar. Det er den største satsinga på frivillig sektor over statsbudsjettet nokon gong. Auken i løyvingar for ordninga for perioden 2009 til 2013 utgjer 752 mill. kroner.

Stortinget har vedteke at tippenøkkelen skal endrast frå og med 2015. Den første innfasinga av denne endringa er gjennomført i 2013. Det er i 2013 fordelt totalt 1 641 mill. kroner i spelemidlar til idrettsformål og 500 mill. kroner til kulturformål.

Gitt på Oslo Slott 4. oktober 2013

Under vår hand og riksseglet