Statsminister Jens Stoltenberg besøkte bedrifter i Telemark og Buskerud onsdag. Utfordringane næringslivet møter som følgje av den internasjonale finanskrisa var eit sentralt tema for besøket.

– Eg er oppteken av å vera ute og møta dei som vert ramma av finanskrisa for å høyra korleis dei opplever situasjonen og for å få deira råd og innspel til kva tiltak dei meiner trengs for at me skal klara å ta vare på arbeidsplassar og skapa nye når det trengs. Eit tett samarbeid mellom styresmakter og næringsliv er nødvendig for å få best moglege resultat, sa Stoltenberg.

Video: Regjeringa.no


I Telemark besøkte statsministeren bedrifta Berget Systems AS. I Buskerud besøkte han Kongsberggruppen og det nye komposittanlegget på Arsenalet, samt Kongsberg Automotive på Hvittingfoss. Statsministeren besøkte også farmasibedrifta MSD i Drammen.

LO-leiar Roar Flåthen deltok på delar av programmet.