Fekk innspel frå næringslivet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Lyd og bilde | Dato: 17.02.2010
Statsminister Jens Stoltenberg, kunnskapsminister Kristin Halvorsen og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vitja tysdag Herøya Industripark i Telemark. Med seg i bagasjen tilbake til Oslo hadde dei ei rekkje råd om omstilling og næringsutvikling.
- Eg har fått innspel på at ein ynskjer næringvenlege kommunar, gode tenester og skule og barnehage for å rekruttere folk.
Det sa statsråd Liv Signe Navarsete etter å ha møtt representantar frå næringslivet i Telemark.
Saman med Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen vitja ho tysdag Herøya Industripark i Telemark. Med seg i bagasjen tilbake til Oslo hadde dei ei rekkje råd om omstilling og næringsutvikling.