Statsministeren på Vestlandet 19. mai
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Statsministerens kontor
Lyd og bilde | Dato: 18.05.2010
Statsministeren, kunnskapsministeren og kommunal- og regionalministeren besøkjer Sogn og Fjordane og Hordaland onsdag 19. mai, som ein del av prosjektet ”Samarbeid for arbeid”.
Statsminister Jens Stoltenberg, kunnskapsminister Kristin Halvorsen og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete besøkjer Sogn og Fjordane og Hordaland onsdag 19. mai, som ein del av prosjektet ”Samarbeid for arbeid”.
Besøket startar på oljebasen i Florø, før det er skolebesøk på Hardbakke i Solund og besøk i Bergen. Dei tre reiser sjøvegen frå Florø til Bergen. Med seg om bord har dei ei gruppe gründarar som skal gje innspel på korleis ein skapar nye og framtidsretta arbeidsplassar i distrikta.
I Bergen møter dei rundt hundre personar frå skole, arbeidsliv, næringsliv og politikk. Der skal dei diskutere og få innspel på alle områda innen "Samarbeid for arbeid". I Bergen deltek også statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ved Statsministerens kontor og barne-, inkluderings- og likestillingsministeren Audun Lysbakken.
Kom med dine innspel på www.samarbeidforarbeid.no.
Sjå video med statsministeren (flash).
Video: Statsministerens kontor.
Les programmet for dagen her.