Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.30 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 3. mars:
Kl. 10.00: Statsministeren deltek i den munnlege spørjetimen i Stortinget.

Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer Rosenberg verft i Stavanger, der han blant anna møter dei tilsette og får ei orientering om verftet. Pressefolk kan bli med på ei omvising på verftet. Oppmøte for presse i vakta i Bangarvågsgata 12 kl. 14.45.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.

Kl. 15.45: Statsministeren taler til Statoils årlege leiarsamling, på Stavanger Forum.

Fredag 5. mars:
Kl. 12.00: Statsministeren møter bloggarar som har engasjert seg i debatten om ”Samarbeid for arbeid”, og som har klart å skapa ein god debatt om sjukefråvær, fråfall i vidaregåande skule, næringsutvikling eller om bærekraftig økonomi.

Les meir her: http://samarbeidforarbeid.regjeringen.no/forside/statsministeren-m%c3%b8ter-bloggere/

Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.

Kl. 13.00: Statsministeren møter vinnaren av ”Årets ungdomsbedrift” i Akershus, på Statsministerens kontor. Tema for møtet er ungt entreprenørskap og framtidig næringsutvikling.

Pressekontakt er statssekretær Mina Gerhardsen, telefon 918 52 986.

Laurdag 6. mars:
Kl. 11.40: Statsministeren besøkjer Stormberg AS i Kristiansand, der han blant anna vil få ei orientering om bedrifta sitt arbeid med inkludering i arbeidslivet.

Adresse: Barstølveien 44, Sørlandsparken. Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.

Kl. 13.00: Statsministeren deltek på årsmøtet i Vest-Agder Arbeiderparti, på Radisson Blu Caledonien Hotell i Kristiansand. Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.