Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministeren til 2012-toppmøte om kjernefysisk tryggleik i Seoul

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

26.-27. mars deltek statsminister Jens Stoltenberg på eit toppmøte om kjernefysisk tryggleik i Seoul i Sør-Korea. Hovudtema på møteter arbeidet for å sikra alt kjernefysisk materiale i verda og hindra at dette kjem på avvegar. Møtet i Seoul er ei oppfølging av toppmøtet om kjernefysisk tryggleik i Washington i 2010, kor statsminister Stoltenberg òg deltok. Møtet samlar stats- og regjeringssjefar og organisasjonsleiarar frå om lag 50 land.

26.-27. mars deltek statsminister Jens Stoltenberg på eit toppmøte om kjernefysisk tryggleik i Seoul i Sør-Korea. Hovudtema på møtet er arbeidet for å sikra alt kjernefysisk materiale i verda og hindra at dette kjem på avvegar. Møtet i Seoul er ei oppfølging av toppmøtet om kjernefysisk tryggleik i Washington i 2010, kor statsminister Stoltenberg òg deltok. Møtet samlar stats- og regjeringssjefar og organisasjonsleiarar frå om lag 50 land.

Me ber om påmelding frå dei journalistane som ønskjer å dekkje møtet innan tysdag 21. februar. Etter fristen vil det ikkje vera mogleg å endre akkrediteringa (akkreditere fleire eller endre namna på dei akkrediterte).

Påmelding sendes til smkinfo@smk.dep.no. Kontaktperson for påmelding er Marianne Olsen, telefon 22 24 40 07.

Pressekontakt på Statsministerens kontor er kommunikasjonsrådgjevar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.