Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i
vekeprogrammet: regjeringskonferanse måndag og torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.


NATO-toppmøtet sundag 20. – måndag 21. mai
Statsministeren deltek på NATO-toppmøtet i Chicago. Den norske delegasjonen blir leia av statsminister Jens Stoltenberg og inkluderer både forsvars- og utanriksministeren.

Pressekontaktar er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224, og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Tysdag 22. mai:
Kl. 10.00 (lokal tid):
Statsminister Jens Stoltenberg leier møte i Kommisjonen for livsviktige medisinar til kvinner og born i FN-bygningen i New York. Sjå eiga pressemelding om kommisjonens arbeid.

Pressekontaktar er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Fredag 25. mai:
Kl. 12.00: Statsministeren vil vere til stades i bisettelsen til Gunnar Sønsteby i Oslo domkirke.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Øivind Østang, telefon 913 46 470.

Nordisk statsministermøte 10.-11. juni
Nordisk statsministermøte finn stad sundag 10. og måndag 11. juni. I år skal dei fem statsministrane besøkje Lofoten, før dei reiser vidare med Hurtigruten til Tromsø. Statsministrane frå Sverige, Danmark, Finland, Island og Noreg møtast årleg for å diskutere nordiske, europeiske og internasjonale spørsmål.

Me ber om at redaksjonar som ønskjer og dekkje det nordiske statsministermøtet, søkjer akkreditering for journalistar og fotografar til: smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 30. mai kl.: 1200. Me gjer merksam på at nokre av programpostane har eit avgrensa tal med plassar, og at det i desse tilfella blir oppretta pressepool. Me kjem tilbake med meir detaljert informasjon.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.