Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse måndag og torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 8. februar

Kl. 09.00: Statsministeren Jens Stoltenberg held tale ved opninga av Oslo Energy Forum på Holmenkollen Park Hotel Rica. Pressa kan delta på denne delen av arrangementet.

Presse som ynskjer å dekkje statsministeren si tale kan kontakte Oslo Energy Forum for akkreditering på ms@xynteo.com.

Statsministeren vil vere tilgjengeleg for pressa etter talen.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide,
telefon 957 26 510.

Onsdag 8. og torsdag 9. februar

Statsministeren deltek på Northern Future Forum i Stockholm, saman med regjeringssjefar frå Storbritannia, Baltikum og Norden. Tema for møta er felles sosiale utfordringar, med spesiell vekt på korleis halde seniorar i arbeid, korleis vi kan få fleire kvinnelege entreprenørar og fleire kvinner inn i leiarstillingar.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078 og kommunikasjonsrådgjevar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.