Historisk arkiv

Offisielt besøk frå Myanmar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Myanmars president Thein Sein kjem til Noreg på offisielt besøk 26.–28. februar. Statsminister Jens Stoltenberg er vert for besøket.

Myanmars president Thein Sein kjem til Noreg på offisielt besøk 26.–28. februar. Statsminister Jens Stoltenberg er vert for besøket.

Jens Stoltenberg og Thein Sein møttes også i november, då Stoltenberg var på arbeidsbesøk til Myanmar. Pressefolk må akkreditera seg til press@mfa.no innan onsdag 20. februar.

Program for besøket

Tysdag 26. februar
Lunsj med utanriksminister Espen Barth Eide. Stad: Holmenkollen Park Hotel. Pressekontakt i Utanriksdepartementet er kommunikasjonsrådgjevar Kjetil Elsebutangen, telefon 990 24 903.

Politiske samtalar med statsminister Jens Stoltenberg, etterfulgt av pressemøte. Stad: Statsministerbustaden i Inkognitogata 18. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

På kvelden er statsminister Jens Stoltenberg vert for regjeringa sin middag for president Thein Sein, på Akershus slott. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 27. februar
Besøk til Stortinget. Møte med presidentskapet og representantar for utanriks- og forsvarskomiteen. Kontakt Stortinget for detaljar. 

Audiens og lunsj på Slottet. Kontakt Slottet for detaljar.

På ettermiddagen møter presidenten det myanmarske miljøet i Noreg. Kontakt Kristin Hafseld i Utanriksdepartementet for detaljar, telefon 23 95 03 08.

Torsdag 28. februar
Besøk til Solbergfoss vasskraftverk i Askim, Østfold, saman med nærings- og handelsminister Trond Giske. Pressekontakt i Nærings- og handelsdepartementet er kommunikasjonssjef Trond Viken, telefon 992 18 303.