Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 48

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren inviterer denne veka mellom anna til møte om skrive- og lesevanskar og møte om hatfulle ytringar.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 24. november
Kl. 13.15: Statsminister Erna Solberg, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og arbeids- og sosialminister Robert Eriksson inviterer til møte om skrive- og lesevanskar.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Deltakarar på møtet er elevar med lese- og skrivevanskar, lærarar, rektorar, forskarar, fagpersonar og representantar frå næringsliv og forleggjar- og forfattarbransjen.

Om lag ein av fem elevar slit med lese- og skrivevanskar i større eller mindre grad. 

I tillegg til statsministeren held følgjande personar innlegg:

  • Erling Kagge, jurist og forlagssjef i Kagge Forlag. Han fortel om eigne erfaringar med lese- og skrivevanskar.
  • Oddny Judith Solheim er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Hennar forskingsområde er mellom anna lese- og skrivevanskar, og ho er prosjektleiar for forskingsprosjektet ”På Sporet”.
  • Petter M. Kristiansen er rektor ved Benterud skule (1. - 7. klasse), som er sertifisert av Dysleksi Noreg som «Dysleksivennleg skule».
  • Anne Marit Valle er førstelektor ved Universitetet i Nordland. Ho er òg barnehagelærar, lærar, lærarutdannar og forskar.  

Presse kan vere til stades ved starten av møtet kl. 13.15. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.45.

Møtedeltakarar er tilgjengelege for kommentarar etter møtet, om lag kl. 15.15. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 kl. 14.45.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.
Pressekontakt for kunnskapsministeren er Anbjørg Bakken, telefon 990 09 260.
Pressekontakt for arbeids- og sosialministeren er Trond Rasmussen, telefon 980 53 219.

Onsdag 26. november
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg, barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner inviterer til møte om hatefulle ytringar.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.30.

Deltakarar på møtet er representantar frå organsiasjonar, men også einskildpersonar, som har blitt utsatt for hatytringar på grunn av si seksuelle orientering, etnisk eller religiøs bakgrunn, funksjonsevne eller kjønn. Det er også deltakarar til stades som har blitt utsatt for hatytringar fordi dei er den dei er.

Desse held innlegg på møtet: Likestillings- og diskrimineringsombud Sunniva Ørstavik, seniorrådgiver hos politiet Ingjerd Hansen og advokat Jon Wessel-Aas. Desse deltek òg: Ingrid Haukland, Linnea Myhre, Mina Adampour, Ervin Kohn og Bård Nylund.

Presse kan vere til stades ved starten av møtet kl. 10.00.

Møtedeltakarane er tilgjengelege for kommentarar etter møtet, om lag kl. 12.15. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 kl. 11.45.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.
Pressekontakt for barne-, likestillings- og inkluderingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Wullum-Lindberg, telefon: 980 46 671.
Pressekontakt for kommunal- og moderniseringsministeren er kommunikasjonssjef Kjersti Bjørgo, telefon 971 64 835.

Torsdag 27. november
Statsministeren er i Stortinget, i samband med finansdebatten.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Fredag 28. november
Kl. 12.30: Statsministeren møter leiaren i Norske Reindriftsamers Landsforbund på Statsministerens kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Lørdag 29. november
Kl. 16.00: Statsministeren deltek under ljosfesten på Festplassen ved Lille Lungegårdsvann i Bergen.

Pressekontakt er politisk rådgivar Bendedicte Staalesen, telefon 468 11 754.