Historisk arkiv

Noreg følgjer opp Tryggingsrådets vedtak og innfører sanksjonar mot Iran

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Ei ny forskrift inneheld mellom anna forbod mot import og eksport av sensitivt utstyr og teknologi som kan nyttast i Irans kjernefysiske program. (09.02.07)

Pressemelding

Nr.: 15/07
Dato: 09.02.07

Noreg følgjer opp Tryggingsrådets vedtak og innfører sanksjonar mot Iran

Med utgangspunkt i Tryggingsrådets vedtak har Regjeringa i dag vedteke ei forskrift om sanksjonar mot Iran. Forskrifta inneheld mellom anna forbod mot import og eksport av sensitivt utstyr og teknologi som kan nyttast i Irans kjernefysiske program, samt påbod om frys av formuesgode som høyrer til personar eller einingar som er tilknytt Irans atomprogram.

Sanksjonane har sin bakgrunn i Irans kjernefysiske aktivitetar. Tryggingsrådet har tidlegare gitt Iran frist til å avvikle dei kjernefysiske aktivitetane sine, mellom anna å suspendere oppriking av uran og utvise full openheit andsynes IAEA. Iran har ikkje etterkome desse krava etter fristen. Forskrifta er vedteken med heimel i lov av 7. juni 1968 nr. 4 til gjennomføring av bindande vedtak av Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane, og vert innført som fylgje av resolusjon 1737 frå Tryggingsrådet av

23. desember 2006. Resolusjonen er bindande for alle medlemsstatane i FN.

Forskrifta inneheld:

  • Forbod mot import, eksport og anna overføring av sensitivt utstyr og teknologi som kan nyttast i Irans kjernefysiske program og til bygging av leveringssystem for kjernevåpen.
  • Forbod mot å yte tenester, medrekna mekling, finansiering og transport i tilknyting til slike sensitive varer.
  • Påbod om frys av formuesgode som høyrer til personar eller einingar som er knytt til Irans atomprogram. Det gjeld likeeins eit forbod mot å stille formuesgode til rådvelde for desse personane eller einingane.

Brot på forskrifta kan føre med seg straff og inndraging.

Forskrifta tek til å gjelde straks, og vil vere tilgjengeleg hos Lovdata.