Journaliststipend i tilknyting til
utviklingsministeren si reise til Sør-Amerika 14.-22.
august
Utviklingsminister Erik
Solheim tok i januar i år initiativ til at å nedsette ei
arbeidsgruppe som skulle utarbeide forslag til innrettinga av eit
utvida samarbeid med land i Latin-Amerika. Arbeidsgruppa viser i
rapporten sin til at den aktuelle politiske situasjonen i
Sør-Amerika opnar opp for eit historisk høve for sosial utjamning
og stabilisering av demokratiet. I forlenginga av
dette, reiser Utviklingsministeren 14.-22. august til Brasil
og Bolivia for å lære meir om situasjonen i landa og for å
undersøkje i kva grad Noreg kan bli ein relevant
samarbeidspartnar.
Utanriksdepartementet lyser ut
inntil fem pressestipend à inntil kroner 25 000,- for
journalistar som ønskjer å delta på reisa.
Søknaden bør innehalde ein
utfyllande plan for reisa, inkludert temaval og
publiseringskanalar. Det skal ikkje fyllast ut
søknadsskjema.
Det må sendast inn rapport frå
reportasjereisa, rekneskap med vedlagte kvitteringar og kopi av
skriftleg publisert materiale.
Søknaden kan sendast til:
Utanriksdepartementet
Informasjonsseksjonen
Postboks 8114 Dep.
0032 OSLO
E-postadresse:

Søknadsfrist: 9. august 2006
Kontaktpersonar:
Fung. informasjonssjef Odd Naustdal,
/ 22243012 / 91149490
eller informasjonsrådgjevar Marte Lid,
/ 22243944 /
91650528
Vedlegg: