Forslag om ytterlegare styrking av miljøvernet i Antarktis er sendt Stortinget
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Utenriksdepartementet
Nyhet | Dato: 02.06.2008
Antarktis er det reinaste og mest urørte større området på jorda og er difor godt eigna til overvaking av tilhøve som endringar i klima, ozonlaget og miljøgifter i næringskjeda.
Ot.prp. om lov om endring i bilandslova av februar 1930 nr. 3 og St.prp. om samtykke til godkjenning av ansvarsvedlegget, til Miljøprotokollen til Antarktistraktaten av 4. oktober 1991, er no oversendt Stortinget.
Antarktistraktaten av 1. desember 1959 og protokoll om miljøvern av 4. oktober 1991, regulerer det internasjonale samarbeidet om Antarktis og sikrar vern av miljøet på dette kontinentet. På det 28. samrådsmøtet under Antarktistraktaten i Stockholm 14. juni 2005 vart det etter mange års forhandlingar semje om eit vedlegg til miljøprotokollen som regulerer ansvar for miljøskadar i Antarktis (ansvarsvedlegget). For at tiltaket skal ta til å gjelde må det vere godkjent av alle samrådspartane.
Hovudinnhaldet i ansvarsvedlegget er at operatørar for verksemd i Antarktis er ansvarlege for å gjere raske og effektive mottiltak i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet i Antarktistraktatområdet, og der verksemda til operatøren er årsak til denne. Dersom operatøren lèt vere å gjere mottiltak i ein slik situasjon, vert vedkomande ansvarleg for kostnadene dersom andre må gjere mottiltak i staden for operatøren. For det tilfellet at naudsynte mottiltak ikkje vert gjorde ved ei miljøfarleg ulukke, inneheld vedlegget ein regel om at operatøren skal betale skadebot til eit fond, som skal administrerast av sekretariatet for Antarktistraktaten. Fiskeriverksemd er heller ikkje omfatta av regelverket.
Ansvarsvedlegget er ei kompromissløysing som bare gjeld ansvar i krisesituasjonar Det er ein føresetnad at partane innan år 2010 skal starte tingingar om eit vidare ansvar enn det som no følgjer av ansvarsvedlegget.

Antarktis er det reinaste og mest urørte større området på jorda og er difor godt eigna til overvaking av tilhøve som endringar i klima, ozonlaget og miljøgifter i næringskjeda. I tillegg har den norske aktiviteten i Antarktis dei seinare åra auka monaleg. Noreg er den nest største turistoperatøren, og ca. 20 % av alle personar som stig i land i Antarktis, gjer det frå skip med norske operatørar. Norsk forskingsverksemd er i ferd med å byggje seg opp, og i tillegg vert det no etablert ei monaleg satellittbasert jordobservasjonsverksemd.