Historisk arkiv

Nye avrettingar i Iran

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Iran gjennomførte i 2010 fleire avrettingar per innbyggjar enn noko anna land, medrekna avretting av minst to mindreårige lovbrytarar og fleire tilfelle av masseavrettingar. Veksten føyer seg inn i ein tendens som har gått over fleire år.

Iran gjennomførte i 2010 fleire avrettingar per innbyggjar enn noko anna land, medrekna avretting av minst to mindreårige lovbrytarar og fleire tilfelle av masseavrettingar. Veksten føyer seg inn i ein tendens som har gått over fleire år.

- Eg er uroa over den sterke veksten i bruk av dødsstraff i Iran i fjor, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.            

Det er særleg urovekkjande at denne veksten i talet på avrettingar skjer samstundes med at iranske styresmakter bryt grunnleggjande rettsprinsipp som følgjer av Iran si eiga lovgiving og internasjonale plikter.

Dei nylige avrettingane av to menneske for deltaking i demonstrasjonane i 2009 syner at dødsstraffa òg blir nytta mot politisk opposisjon.

Samstundes er situasjonen for iranske menneskerettsforsvararar blitt kraftig forverra dei seinare åra. Organisasjonar og enkeltmenneske som rapporterer om avrettingar blir hindra i arbeidet sitt, og det er difor vanskeleg for det internasjonale samfunnet å få innblikk i situasjonen.

Utanriksdepartementet har sterkt fokus på tilhøva for menneskerettane i Iran, og vil halde fram med dette arbeidet i tida framover.

- Noreg er prinsipiell motstandar av dødsstraff, og arbeider gjennom FN for å innføre ein generell stans i bruken av dødsstraff, framhevar utanriksminister Støre.