Historisk arkiv

Bistand til Afghanistan. Noreg underteiknar ny avtale med Verdsbanken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg og Verdsbanken har i Kabul underteikna ein ny avtale om støtte til Afghanistan gjennom fleirgjevarfondet ARTF - Afghanistan Reconstruction and Trust Fund. Avtalen gjeld for tre år og har ein samla verdi på 750 millionar kroner.

Noreg og Verdsbanken underteikna i Kabul i dag ein ny avtale om støtte til Afghanistan gjennom fleirgjevarfondet ARTF - Afghanistan Reconstruction and Trust Fund. Avtalen gjeld for tre år og har ein samla verdi på 750 millionar kroner.  

Afghanistan er eitt av dei ti fattigaste landa i verda. Ein tredjedel av folket lever under fattigdomsgrensa. Noreg har lova langsiktig stønad ut 2017 på vilkår av at afghanske styresmakter oppfyller sine lovnader om å arbeida for betre styresett, demokratisering, menneskerettar generelt  og kvinners rettar spesielt - og å iverksetja tiltak mot korrupsjon. Desse lovnadene og vilkåra er nedfelte i ein avtale mellom det internasjonale samfunnet og styresmaktene i Afghanistan, Tokyo-avtalen frå juli 2012.  Misnøye med manglande afghansk oppfylging av avtalen har ført til at det er gjort framlegg om at Noreg skal redusera bistanden med 50 millionar i 2014. Løyvinga vert då 700 millionar kroner. Det gjer likevel Afghanistan til eitt av dei største mottakarlanda av norsk bistand.  

Noreg har tre prioriterte innsatsområde: Godt styresett, utdanning og utvikling på landsbygda. Desse områda er sentrale i ARTF sitt arbeid til liks med prosjekt som går på m.a. opplæring av offentleg tilsette, reformer, finansforvalting og sysselsetjing.

ARTF vart oppretta i 2002 og er den største eksterne kjelda for tilskot til afghanske budsjett. Fondet har brukt 6,3 milliardar amerikanske dollar på tiltak i Afghanistan i samarbeid med afghanske styresmakter og i samsvar med afghanske nasjonale prioriteringar.  ARTF er den største og viktigaste kanalen for norsk bistand til Afghanistan.  Ein stor del av dette går til å løna tilsette i utdanningssektoren og politiet.

ARTF kan visa til mange positive og synlege resultat innan område som helse og utdanning, tilgang til vatn, landsbygdutvikling og landbruk, infrastruktur og økonomisk utvikling gjennom arbeidsmarknadstiltak.  ARTF har ein aktiv diskusjon med afghanske styresmakter om reformtiltak. I samtalane med Verdsbanken om den norske støtta har ein m.a. drøfta korleis fondet framover kan integrera kjønnsperspektivet på ein betre måte og meir aktivt bidra til å betra stoda for kvinner.

Fondet har strenge krav til pengebruk og oppfylging av prosjekt, og effektive mekanismar for rapportering og evaluering, både av interne organ i Verdsbanken og av eksterne aktørar. Også i evalueringa av 10 år med norsk bistand til Afghanistan fekk ARTF svært god omtale. I Afghanistan er korrupsjon eit alvorleg problem. Norske styresmakter legg stor vekt på å kjempa mot dette. Ein vurderer ARTF som ein av dei sikraste kanalane for forsvarleg forvalting av bistandsmidlar.