Nye utviklingsmål etter 2015
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 20.06.2014 | Sist oppdatert: 25.06.2014
- Godt styresett, menneskerettar og anti-korrupsjon må bli ein del av dei nye utviklingsmåla etter 2015, sa utanriksminister Børge Brende då han heldt innlegg i FNs generalforsamling 9. juni.
- Godt styresett, menneskerettar og anti-korrupsjon må bli ein del av dei nye utviklingsmåla etter 2015, sa utanriksminister Børge Brende då han heldt innlegg i FNs generalforsamling 9. juni.
Brende talte på vegner av dei nordiske landa. Meir enn 60 andre land hadde ordet etter utanriksministeren. Innlegga tydde på at oppslutninga om eit eige styresettmål ikkje er overveldande.
Mange land la større vekt på sosiale og økonomiske rettar enn på dei sivile og politiske. Særleg utviklingslanda var opptatt av at retten til utvikling må med i målsettet og at dei rike landa må stå ved løfta sine og bera hovudtyngda av finansieringa av tiltak for å oppfylle utviklingsmåla etter 2015.