Historisk arkiv

Auka norsk støtte til Unicefs arbeid for utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg støttar Unicefs arbeid for barns rettar med 590 millionar kroner i år. Av dette skal 520 millionar kroner gå til utdanning.

Noreg støttar Unicefs arbeid for barns rettar med 590 millionar kroner i år. Av dette skal 520 millionar kroner gå til utdanning.

Utanriksminister Børge Brende og leiaren i Unicef, Anthony Lake har skrive under samarbeidsavtalen som er ein del av regjeringas satsing på utdanning i utviklingspolitikken. Utdanningsstøtta gjennom Unicef i 2014 utgjer ein auke på 20 millionar kroner frå i fjor. Pengane skal brukast til ei brei satsing på utdanning, spesielt for jenter. Den omfattar både auka tilgang og betre kvalitet på læringa.

- Utdanning er avgjerande i kampen mot fattigdom. Tilgangen til utdanning er ikkje berre ein rett i seg sjølv, men fører også med seg andre goder både for enkeltmenneske og for samfunnet. Unicef er ein viktig partnar i regjeringas satsing på utdanning. Programsamarbeidsavtalen med Unicef støttar grunnleggande rettar for barn, seier utanriksminister Børge Brende.

Avtalen inneheld også 30 millionar kroner til auka tilgang på reint drikkevatn og betra sanitærforhold. 25 millionar kroner skal gå til arbeid mot vald og utnytting av barn, og 15 millionar kroner til betre system for å kunne ta seg av dei mest vanskelegstilte barna.