Kontakt Utanriksdepartementet

Her finn du adresser, telefonnummer og annan kontaktinformasjon til Utanriksdepartementet.

Besøk: 7. juniplassen 1 / Victoria terrasse, 0251 Oslo Postadresse: Postboks 8114 Dep. NO-0032 OSLO

Besøksadresse:
7. juniplassen 1 / Victoria terrasse, 0251 Oslo  

Postadresse:
Postboks 8114 Dep.
NO-0032 OSLO

Depkatalog:

E-post:

Utanriksdepartementet er forplikta til å behandle alle dokument, inkludert e-post, i samsvar med føresegnene i offentleglova (lov av 19. mai 2006 nr. 16). Det betyr mellom anna at alle saksdokumenta til departementet, inkludert all korrespondanse til og frå departementet, som hovudregel er offentlege. Den som ønskjer det, kan be om innsyn i saksdokumenta til departementet etter offentleglova. Send derfor ikkje brev eller e-postar til departementet med informasjon som du ikkje ønskjer skal bli allment kjend.

Dersom dokumentet inneheld teiepliktige opplysningar, vil desse bli strokne før det blir gitt innsyn i dokumentet. Opplysningar om nokons helsetilstand, og opplysningar om at nokon er eller har vore pasient, er alltid teiepliktige.

Departementet er etter arkivlova (lov av 4. desember 1992 nr. 126) forplikta til å føre offentleg journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå departementet førast opp. Følgjande opplysningar går som hovudregel fram av offentleg journal: Avsendars namn, mottakars namn, datoen i dokumentet og ei kort beskriving av innhaldet i dokumentet. Journalen blir likevel alltid ført på ein slik måte at han ikkje røper teiepliktige opplysningar.

Vil du ha eit skriftleg svar, må du oppgi namn og ordinær postadresse.
Tilsette i UD: Depkatalog

Telefon:
Sentralbord 23 95 00 00 Telefaks 23 95 00 99

For førespurnader om akutthjelp utanfor arbeidstid - 23 95 00 00

Utanriksdepartementet på sosiale medium

Pressekontaktar

Noregs utanriksstasjonar

Norgesportalen finn du nettsidene til utanriksstasjonane.