St.prp. nr. 38 (2006-2007)

Om samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av programmet «Aktiv Ungdom» (2007-2013)

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1719/2006/EF av 15. november 2006 om skiping av programmet «Aktiv ungdom» for tidsrommet 2007–2013

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 149 nr. 4,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1 ,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 2 ,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3 , og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Ved traktaten om skiping av Det europeiske fellesskapet, heretter kalla «traktaten» er det innført unionsborgarskap, og det er fastsett at Fellesskapet skal medverke til innsats på området utdanning, yrkesretta opplæring og ungdom, først og fremst gjennom å oppmuntre til utveksling av ungdom og ungdomsleiarar og av utdanning av høg kvalitet.

  2. Traktaten om Den europeiske unionen byggjer på prinsippa om fridom, demokrati, respekt for menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane, likestilling mellom menn og kvinner og motkjemping av skilnadshandsaming. Fremjinga av eit aktivt borgarskap blant ungdom bør medverke til utviklinga av desse verdiane.

  3. Handlingsprogrammet «Ung i Europa» vart innført ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1031/2000/EF 4 . Røynslene frå dette programmet viser at samarbeidet og fellesskapsinnsatsen på dette området bør vidareførast og styrkjast.

  4. Ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 790/2004/EF av 21. april 2004 5 vart det innført eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som driv ungdomsverksemd på europeisk plan.

  5. Under det ekstraordinære møtet til Det europeiske rådet i Lisboa 23.–24. mars 2000 vart det fastsett eit strategisk mål for EU som omfattar ein aktiv sysselsetjingspolitikk der det vert lagt større vekt på livslang læring, som Det europeiske rådet har utfylt med strategien for berekraftig utvikling under møtet sitt i Gøteborg 15.–16. juni 2001.

  6. I Laeken-fråsegna, som er lagd ved konklusjonane frå presidentskapet under møtet til Det europeiske rådet 14.–15. desember 2001, er det stadfesta at ei av dei grunnleggjande utfordringane for EU er spørsmålet om korleis borgarane, særleg ungdom, skal kunne førast nærmare det europeiske prosjektet og dei europeiske institusjonane.

  7. I kvitboka «Ny innsats for europeisk ungdom», som vart vedteken av Kommisjonen 21. november 2001, vert det gjort framlegg til ei ramme for samarbeid på ungdomsområdet med vekt på deltaking, informasjon, volontørverksemd og ei større forståing av ungdom. Desse framlegga vart vedtekne av Europaparlamentet i resolusjonen av 14. mai 2002 6 .

  8. I resolusjonen av 27. juni 2002 frå Rådet og representantane for regjeringane i medlemsstatane samla i Rådet 7 vert det lagt særleg vekt på ein open metode for samordning som omfattar dei prioriterte områda, deltaking, informasjon, volontørverksemd for ungdom og betre kunnskap om ungdom. Det bør takast omsyn til dette ved gjennomføringa av programmet «Aktiv ungdom», heretter kalla «programmet».

  9. I konklusjonane sine av 6. mai 2003 8 strekar Rådet under kor viktig det er å halde ved lag og utvikle eksisterande fellesskapsordningar som er særskilt retta mot ungdom, ettersom desse er sentrale når det gjeld utviklinga av samarbeidet mellom medlemsstatane på ungdomsområdet, og vidare, at prioriteringane og måla for desse ordningane bør tilpassast ramma for europeisk samarbeid på ungdomsområdet.

  10. Under vårmøtet til Det europeiske rådet 22.–23. mars 2005 vart Den europeiske ungdomspakta vedteken som ei av dei ordningane som skal medverke til å oppnå Lisboa-måla for vekst og sysselsetjing. Pakta legg vekt på tre område: sysselsetjing, integrasjon og sosial framgang, utdanning, opplæring og mobilitet, og sameining av arbeids- og familieliv.

  11. Fellesskapsinnsatsen skal medverke til utdanning og opplæring av høg kvalitet, og må ta sikte på å fjerne ulikskapar og fremje likestilling mellom menn og kvinner, i medhald av artikkel 3 nr. 2 i traktaten.

  12. Det bør takast omsyn til dei særlege behova til funksjonshemma.

  13. Det er naudsynt å fremje eit aktivt borgarskap og, ved gjennomføringa av tiltaksområda, å styrkje kampen mot alle former for utstøyting og skilnadshandsaming, medrekna dei som har årsak i kjønn, rase eller etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning, i samsvar med artikkel 13 nr. 1 i traktaten.

  14. Kandidatstatane og dei EFTA-statane som er part i EØS-avtala, har rett til å ta del i fellesskapsprogram i samsvar med dei avtalane som er gjorde med desse statane.

  15. Under møtet sitt i Thessaloniki 19.–20. juni 2003 vedtok Det europeiske rådet «Thessaloniki-dagsordenen for Vest-Balkan: på veg mot europeisk integrasjon», der det er fastsett at fellesskapsprogramma skal opnast for dei statane som tek del i stabiliserings- og assosieringsprosessen på grunnlag av rammeavtaler som skal inngåast mellom Fellesskapet og desse statane.

  16. Det bør fastsetjast føresegner med sikte på å opne programmet for deltaking frå Sveits.

  17. I Barcelona-fråsegna, som vart vedteken under konferansen for Europa og middelhavsstatane i 1995, vart det slått fast at ungdomsutveksling bør vere eit middel for å førebu framtidige generasjonar på eit nærmare samarbeid mellom partane i dette området, samstundes som det vert teke omsyn til prinsippa om menneskerettar og dei grunnleggjande fridommane.

  18. I konklusjonane sine av 16. juni 2003 har Rådet, på grunnlag av kommisjonsmeldinga «Eit utvida europeisk naboskap — ei ny ramme for samkvem med naboane våre i aust og sør», utarbeidd tiltaksområde for Fellesskapet når det gjeld auka samarbeid med nabostatane på områda kultur, felles forståing, utdanning og opplæring.

  19. Midtvegsrapporten for vurdering av det eksisterande ungdomsprogrammet og det offentlege samrådet om komande fellesskapsinnsats på områda utdanning, opplæring og ungdom syner at det er ein stor og i nokre høve aukande trong for at samarbeidet og mobiliteten på ungdomsområdet på europeisk plan skal vidareførast, og det vert uttrykt eit sterkt ønske om ein enklare, meir brukarvennleg og fleksibel metode for å gjennomføre ein slik innsats.

  20. I samsvar med prinsippet om god økonomistyring kan gjennomføringa av programmet gjerast enklare ved å nytte finansiering i form av faste summar, anten i form av støtte til deltakarane i programmet eller i form av fellesskapsstøtte til dei strukturane som vert skipa for å forvalte programmet på nasjonalt plan.

  21. Programmet bør overvakast jamleg og vurderast i samarbeid med Kommisjonen og medlemsstatane, slik at det kan tilpassast, særleg når det gjeld prioriterte område for gjennomføring av tiltaka. Denne overvakinga og vurderinga bør omfatte målbare og relevante mål og indikatorar.

  22. Utforminga av det rettslege grunnlaget for dette programmet må gjerast tilstrekkeleg fleksibel til at det kan gjerast høvelege tilpassingar i tiltaka dersom dette skulle verte naudsynt og ønskeleg i tidsrommet 2007–2013, og til at dei altfor detaljerte føresegnene i tidlegare program kan unngåast. Denne avgjerda bør difor avgrensast til å omfatte allmenne definisjonar av tiltaksområda, med tilhøyrande administrative og finansielle føresegner.

  23. Det bør sikrast at programmet vert avslutta på korrekt måte, særleg når det gjeld framhaldet av fleirårige ordningar i samband med forvaltinga av programmet, t.d. finansieringa av teknisk og administrativ støtte. Frå og med 1. januar 2014 bør den tekniske og administrative støtta om naudsynt syte for forvaltinga av tiltaksområde som enno ikkje er vortne avslutta innan utgangen av 2013.

  24. Det må fastsetjast særlege reglar for bruken av rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 9 og gjennomføringstiltaka for forordninga, og dessutan unntak frå desse føresegnene som er vortne naudsynte på grunn av særtrekka ved dei aktuelle støttemottakarane og tiltaksområda.

  25. Det bør gjerast høvelege tiltak for å hindre avvik og svik og for å krevje tilbakebetaling av midlar som er tapte, utbetalte på urettkome vis eller nytta på feil måte.

  26. I dette vedtaket er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 37 i den tverrinstitusjonelle avtala av 17. mai 2006 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og god økonomistyring 10 .

  27. Ettersom måla for denne avgjerda ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane fordi det krevst fleirsidige partnarskap, tiltak for tverrnasjonal mobilitet og utveksling av informasjon på europeisk plan, og difor, på grunn av den tverrnasjonale og fleirnasjonale dimensjonen ved dei framlagde tiltaksområda og tiltaka betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet, slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  28. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 11 .

  29. Det bør vedtakast mellombels tiltak innan 31. desember 2006 for å overvake tiltaksområda, i medhald av avgjerd nr. 1031/2000/EF og nr. 790/2004/EF —

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Skiping av programmet

  1. Ved denne avgjerda vert det skipa eit fellesskapshandlingsprogram, «Aktiv ungdom», heretter kalla «programmet», som har som mål å utvikle samarbeidet i Den europeiske unionen innanfor ungdomsområdet.

  2. Programmet skal gjennomførast i tidsrommet 1. januar 2007–31. desember 2013.

Artikkel 2

Overordna mål for programmet

  1. Programmet skal ha følgjande overordna mål:

    1. fremje eit aktivt borgarskap blant ungdom generelt og det europeiske borgarskapet deira spesielt,

    2. utvikle solidaritet og fremje toleranse blant ungdom, særleg for å styrkje den sosiale utjamninga i Unionen,

    3. skape ymsesidig forståing mellom ungdom i ulike statar,

    4. medverke til å utvikle kvalitet når det gjeld ordningar til støtte for samarbeid på ungdomsområdet og ressursar til ungdomsorganisasjonane i det sivile samfunnet,

    5. fremje europeisk samarbeid på ungdomsområdet.

  2. Dei overordna måla for programmet skal utfylle dei måla som er fastsette for andre område av fellesskapsverksemda, særleg innanfor området livslang læring, medrekna yrkesretta opplæring og ikkje-formell og uformell læring, og dessutan innanfor andre område som t.d. kultur, idrett og sysselsetjing.

  3. Dei overordna måla for programmet skal medverke å utvikle politikken til EU, særleg med omsyn til å sannkjenne det kulturelle, fleirkulturelle og språklege mangfaldet i Europa, skape sosial utjamning og motkjempe all skilnadshandsaming som byggjer på kjønn, rase eller etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning, og med omsyn til berekraftig utvikling.

Artikkel 3

Særskilde mål for programmet

Programmet skal ha følgjande særskilde mål:

  1. Innanfor ramma av det overordna målet om å fremje eit aktivt borgarskap blant ungdom generelt og det europeiske borgarskapet deira spesielt:

    1. gje ungdom og ungdomsorganisasjonar høve til å ta del i samfunnsutviklinga generelt og utviklinga i EU spesielt,

    2. utvikle den kjensla som ungdom har av å høyre til i EU,

    3. oppmuntre ungdom til å ta del i det demokratiske livet i Europa,

    4. fremje mobilitet blant ungdom i Europa,

    5. utvikle tverrkulturell læring på ungdomsområdet,

    6. fremje dei grunnleggjande verdiane til EU blant ungdom, særleg når det gjeld respekt for menneskeverdet, likestilling, respekt for menneskerettane, toleranse og lik handsaming,

    7. oppmuntre til initiativ, entreprenørskap og kreativitet,

    8. leggje til rette for at vanskelegstilt ungdom, medrekna funksjonshemma ungdom, kan ta del i programmet,

    9. sikre at prinsippet om likestilling mellom menn og kvinner vert etterlevd ved deltakinga i programmet, og at likestilling mellom kjønna vert fremja gjennom alle tiltaksområda,

    10. gje tilbod om ikkje-formell og uformell utdanning med ein europeisk dimensjon, og leggje til rette for nyskaping i samband med utøvinga av eit aktivt borgarskap.

  2. Innanfor ramma av det overordna målet om å utvikle solidaritet og fremje toleranse blant ungdom, særleg for å styrkje den sosiale utjamninga i EU:

    1. gje ungdom høve til å uttrykkje eit personleg engasjement gjennom volontørverksemd på europeisk og internasjonalt plan,

    2. trekkje ungdom med i tiltaksområde som fremjar solidaritet mellom borgarar i EU.

  3. Innanfor ramma av det overordna målet om å skape ymsesidig forståing mellom ungdom i ulike statar:

    1. leggje til rette for utveksling og tverrkulturell dialog mellom ungdom i EU og ungdom i nabostatane,

    2. medverke til å utvikle betre støttestrukturar for ungdom i desse statane, og utvikle rolla til personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar,

    3. utvikle samarbeidet med andre statar om prosjekt på ulike område som omfattar ungdom og personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar.

  4. Innanfor ramma av det overordna målet om å medverke til utviklinga av kvalitet når det gjeld ordningar for støtte til samarbeid på ungdomsområdet og ressursar til ungdomsorganisasjonane i det sivile samfunnet:

    1. medverke til nettverksarbeid mellom dei organisasjonane som det gjeld,

    2. utvikle opplæringa av og samarbeidet mellom personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar,

    3. fremje nyskaping når det gjeld utvikling av verksemd for ungdom,

    4. medverke til å betre informasjonen for ungdom, samstundes som det vert lagt særleg vekt på tilgangen til informasjon for funksjonshemma ungdom,

    5. støtte langsiktige ungdomsprosjekt og –initiativ frå regionale og lokale organ,

    6. lette godkjenninga av ikkje-formell læring og kunnskap som ungdom har tileigna seg gjennom deltaking i programmet,

    7. utveksle god praksis.

  5. Innanfor ramma av det overordna målet om å fremje europeisk samarbeid på ungdomsområdet, samstundes som det vert teke tilbørleg omsyn til lokale og regionale aspekt:

    1. oppmuntre til utveksling av god praksis og til samarbeid mellom forvaltingar og avgjerdstakarar på alle nivå,

    2. oppmuntre til ein strukturert dialog mellom avgjerdstakarar og ungdom,

    3. betre kunnskapen om og forståinga av ungdom,

    4. medverke til samarbeid mellom ulike former for nasjonal og internasjonal volontørverksemd for ungdom.

Artikkel 4

Tiltaksområde

Dei særskilde og overordna måla for programmet skal nåast gjennom dei følgjande tiltaksområda, som det er gjort nærmare greie for i vedlegget.

  1. Ung i Europa

    Føremålet med dette tiltaksområdet er å

    • støtte utveksling av ungdom for å auke mobiliteten deira,

    • støtte ungdomsinitiativ, –prosjekt og –verksemd som gjeld deltaking i det demokratiske livet, med sikte på å utvikle borgarskap og ymsesidig forståing blant ungdom.

  2. Europeisk volontørteneste

    Føremålet med dette tiltaksområdet er å støtte deltakinga for ungdom i ulike former for volontørverksemd, både i og utanfor EU.

  3. Ung i verda

    Føremålet med dette tiltaksområdet er å

    • støtte prosjekt med dei partnarstatane som er nemnde i artikkel 5 nr. 2, særleg når det gjeld utveksling av ungdom og personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar,

    • støtte initiativ som kan styrkje den ymsesidige forståinga og kjensla av solidaritet og toleranse blant ungdom, og å utvikle samarbeid på ungdomsområdet og i det sivile samfunnet i desse statane.

  4. Ordningar for støtte til samarbeid på ungdomsområdet

    Føremålet med dette tiltaksområdet er å støtte organ som driv ungdomsverksemd på europeisk plan, særleg når det gjeld drift av ikkje-statlege ungdomsorganisasjonar og nettverketsarbeidet deira, og rådgjeving til personar som utarbeider prosjekt, å sikre kvaliteten gjennom utveksling, opplæring og nettverksarbeid mellom personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar, å oppmuntre til nyskaping og kvalitet, å syte for at ungdom får informasjon, å utvikle strukturar og verksemd som er naudsynte for at måla for programmet kan nåast, og å oppmuntre til partnarskap med lokale og regionale styresmakter.

  5. Støtte til europeisk samarbeid på ungdomsområdet

    Føremålet med dette tiltaksområdet er å

    • leggje til rette for ein strukturert dialog mellom ulike aktørar på ungdomsområdet, særleg ungdommen sjølv, personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar, og avgjerdstakarar,

    • støtte seminar for ungdom om sosiale, kulturelle og politiske spørsmål som ungdom interesserer seg for,

    • medverke til utviklinga av politisk samarbeid på ungdomsområdet,

    • lette utviklinga av dei nettverka som er naudsynte for å få betre kunnskap om ungdom.

Artikkel 5

Deltaking i programmet

  1. Programmet er ope for deltaking for dei følgjande statane, heretter kalla «deltakarstatane»:

    1. medlemsstatane,

    2. EFTA-statar som er part i EØS-avtala, i samsvar med føresegnene i den nemnde avtala,

    3. kandidatstatar som er omfatta av ein strategi for tidsrommet før tilmeldinga, i samsvar med dei overordna prinsippa, vilkåra og reglane som er fastsette i dei rammeavtalene som er gjorde med desse statane for deltakinga deira i fellesskapsprogram,

    4. statane på Vest-Balkan, i samsvar med ordningar som skal avtalast med desse statane i medhald av rammeavtalene om dei allmenne prinsippa som skal fastsetjast for deltakinga deira i fellesskapsprogram,

    5. Sveits, på grunnlag av ei tosidig avtale som skal inngåast med denne staten.

  2. Tiltaksområda i nr. 2 og 3 i vedlegget skal vere opne for samarbeid med tredjestatar som har inngått avtaler med Fellesskapet som gjeld ungdomsområdet, heretter kalla «partnarstatar».

Dette samarbeidet skal eventuelt gjennomførast ved hjelp av tilleggsløyvingar som partnarstatane skal stille til rådvelde i samsvar med framgangsmåtar som skal avtalast med desse statane.

Artikkel 6

Tilgang til programmet

  1. Programmet skal gje støtte til ideelle prosjekt for ungdom, ungdomsgrupper, personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar, ideelle organisasjonar og samanslutningar og i visse grunngjevne tilfelle, andre partnarar som arbeider innanfor ungdomsområdet.

  2. Utan at det rører ved dei reglane for gjennomføring av dei tiltaksområda som er fastlagde i vedlegget, er programmet meint for ungdom mellom 15 og 28 år, sjølv om visse tiltaksområde er opne for ungdom heilt ned til 13 år eller opp til 30 år.

  3. Støttemottakarane skal ha lovleg bustad i ein stat som tek del i programmet, eller i ein partnarstat, alt etter kva slags tiltaksområde det dreier seg om.

  4. Alle unge skal utan skilnadshandsaming kunne ha tilgang til programverksemda, på det vilkåret at føresegnene i vedlegget er stetta. Kommisjonen og deltakarstatane skal syte for at det vert gjort ein særleg innsats for å hjelpe ungdom som har særlege problem med å ta del i programmet av utdanningsmessige, sosiale, fysiske, psykologiske, økonomiske, kulturelle eller geografiske årsaker eller fordi dei bur i fjerntliggjande område.

  5. Deltakarstatane skal leggje vinn på å gjere høvelege tiltak for at deltakarane i programmet kan ha tilgang til helsetenester i samsvar med føresegnene i fellesskapsretten. Deltakarstatane skal gjere høvelege tiltak for å fjerne hindringar for at deltakarane i den europeiske volontørtenesta kan halde ved lag trygderettane sine. Deltakarstatane skal òg leggje vinn på å vedta eigna tiltak i samsvar med traktaten for å fjerne juridiske og administrative hindringar for deltaking i programmet.

Artikkel 7

Internasjonalt samarbeid

Programmet skal òg vere ope for samarbeid med internasjonale organisasjonar som har kompetanse på ungdomsområdet, særleg Europarådet.

Artikkel 8

Gjennomføring av programmet

  1. Kommisjonen skal syte for at dei tiltaksområda som er omfatta av dette programmet, vert gjennomførde i samsvar med vedlegget.

  2. Kommisjonen og deltakarstatane skal gjere eigna tiltak for å utvikle strukturar på europeisk, nasjonalt og eventuelt på regionalt eller lokalt plan for å verkeleggjere måla for programmet og få mest mogleg nytte av dei tiltaksområda som programmet omfattar.

  3. Kommisjonen og deltakarstatane skal gjere høvelege tiltak for å fremje sannkjenninga av ikkje-formell og formell utanning for ungdom, t.d. gjennom utferding av dokument eller attestar der det vert teke omsyn til nasjonale tilhøve, og som kan prove at ungdom og personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar har teke del i eit tiltaksområde i medhald av programmet. Dette målet kan styrkjast gjennom komplementaritet med annan fellesskapsinnsats slik det er fastsett i artikkel 11.

  4. I samarbeid med deltakarstatane skal Kommisjonen syte for eigna vern av dei økonomiske interessene til Fellesskapet, særleg ved innføring av tiltak, administrativ kontroll og sanksjonar som er verknadsfulle, svarar til brotet og hindrar nye brot.

  5. Kommisjonen og deltakarstatane skal syte for at dei tiltaksområda som får støtte i medhald av programmet, vert offentleggjorde på rett måte.

  6. Deltakarstatane skal

    1. gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at programmet fungerer godt på nasjonalt plan ved å trekkje inn dei partane som driv verksemd innanfor ulike aspekt ved ungdomsarbeid, i samsvar med nasjonal praksis,

    2. skipe eller peike ut, og dessutan overvake dei nasjonale kontora ved gjennomføringa av tiltaksområda på nasjonalt plan, i medhald av artikkel 54 nr. 2 bokstav c) i forordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 og i samsvar med dei følgjande kriteria:

      1. organet som er skipa eller utpeikt som nasjonalt kontor, skal vere eit eige rettssubjekt eller del av ein organisasjon som er eit eige rettssubjekt (og vere underlagt lovgjevinga i deltakarstaten). Eit departement skal ikkje peikast ut som nasjonalt kontor,

      2. organet må ha tilstrekkeleg personale som har eigna kompetanse for å kunne arbeide i eit internasjonalt samarbeidsmiljø, ein føremålstenleg infrastruktur og eit administrativt miljø som set det i stand til å unngå eventuelle interessekonfliktar,

      3. organet skal kunne nytte dei reglane for økonomistyring og avtalevilkår som er fastsette på fellesskapsplan,

      4. organet skal kunne stille tilstrekkelege økonomiske garantiar (som helst er utferda av ei offentleg styremakt), og ha ein styringsrett som står i høve til det nivået av fellesskapsmidlar som det vil få ansvaret for å forvalte,

    3. ta ansvaret for at dei nasjonale kontora som er nemnde i bokstav b), vil forvalte dei midlane som dei får overført med sikte på tildeling av prosjektstøtte, på ein god måte. Dei skal særleg ha ansvar for å sikre at dei nasjonale kontora stettar prinsippa for klarleik, lik handsaming, forbod mot finansiering gjennom midlar frå fleire fellesskapskjelder og for plikta til å krevje tilbakeføring av eventuelle midlar som støttemottakarane er skuldige,

    4. gjere dei tiltaka som er naudsynte for å revidere og overvake økonomien til dei nasjonale kontora som er nemnde i bokstav b), og særleg:

      1. før det nasjonale kontoret tek til å arbeide, syte for at Kommisjonen får dei garantiane som er naudsynte om at kontoret i samsvar med reglane for god økonomistyring har eigna framgangsmåtar, kontrollsystem, rekneskapssystem og framgangsmåtar for tildeling av kontraktar og tilskot,

      2. ved utgangen av kvart rekneskapsår gje Kommisjonen garantiar for at dei finansielle systema og framgangsmåtane til nasjonale kontora er pålitelege og at rekneskapane deira er nøyaktige.

      3. ta ansvaret for eventuelle midlar som ikkje vert betalte tilbake i tilfelle avvik, aktløyse eller svik frå dei nasjonale kontora som er nemnde i bokstav b), og som fører til at Kommisjonen må krevje tilbake midlar frå det nasjonale kontoret.

  7. Som ein del av den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 10 nr. 1, kan Kommisjonen utarbeide retningslinjer for kvart av tiltaksområda i vedlegget, for såleis å tilpasse programmet til eventuelle endringar i prioriteringane for det europeiske samarbeidet på ungdomsområdet.

Artikkel 9

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast.

    Tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.

  3. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  4. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 10

Gjennomføringstiltak

  1. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda når det gjeld følgjande saker, skal vedtakast etter den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 9 nr. 2:

    1. reglane for gjennomføring av programmet, medrekna den årlege arbeidsplanen,

    2. den allmenne jamvekta mellom dei ulike tiltaksområda som programmet omfattar,

    3. når det gjeld finansiering, skal kriteria (t.d. kor stor del ungdom utgjer av folkesetnaden, BNP og geografisk avstand mellom statar) nyttast for å fastsetje ei rettleiande fordeling av midlar mellom medlemsstatane for dei tiltaksområda som skal forvaltast på eit desentralisert grunnlag,

    4. overvaking av den avtala som er nemnd i nr. 4.2 i vedlegget, medrekna den årlege arbeidsplanen og arbeidsrapporten frå Det europeiske ungdomsforumet,

    5. reglane for vurdering av programmet,

    6. reglane for attestering av at dei ungdommane som det gjeld, har teke del i programmet,

    7. reglane for tilpassing av dei tiltaksområda som er nemnde i artikkel 8 nr. 7.

  2. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda når det gjeld alle andre saker, skal vedtakast etter den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 9 nr. 3.

Artikkel 11

Komplementaritet med annan fellesskapsinnsats

  1. Kommisjonen skal sikre at det er komplementaritet mellom dette programmet og fellesskapsinnsats på andre område, særleg innanfor utdanning, yrkesretta opplæring, kultur, borgarskap, idrett, språk, sysselsetjing, helse, forsking, entreprenørskap, fellesskapsinnsats utanfor Unionen, sosial integrasjon, likestilling mellom kjønna og motkjemping av skilnadshandsaming.

  2. Der det høver, kan programmet dele midlar med andre fellesskapsordningar for å gjennomføre tiltaksområde som stettar måla både for dette programmet og dei aktuelle ordningane.

  3. Kommisjonen og medlemsstatane skal leggje vekt på dei tiltaksområda innanfor programmet som medverkar til å utvikle måla for fellesskapsinnsats på andre område, t.d. utdanning, yrkesretta opplæring, kultur, idrett, språk, sosial integrasjon, likestilling mellom kjønna og motkjemping av skilnadshandsaming.

Artikkel 12

Komplementaritet med nasjonal politikk og ­nasjonale ordningar

  1. Deltakarstatane kan søkje Kommisjonen om rett til å tildele eit EU-merke til nasjonale, regionale eller lokale tiltaksområde som svarar til dei som er nemnde i artikkel 4.

  2. Ein deltakarstat kan stille nasjonale midlar til rådvelde for støttemottakarane slik at midlane vert forvalta i samsvar med reglane for programmet, og for dette føremålet nytte dei desentraliserte strukturane innanfor programmet, på det vilkåret at staten syter for ei utfyllande og høvesvis finansiering av desse strukturane.

Artikkel 13

Allmenne finansielle føresegner

  1. Den budsjettet for gjennomføringa av programmet for det tidsrommet som er nemnt i artikkel 1, er 885 000 000 millionar euro for det tidsrommet som er fastsett i artikkel 1.

  2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 14

Finansielle føresegner som gjeld støtte mottakarane

  1. Juridiske og fysiske personar kan få tilskot i medhald av programmet.

  2. Alt etter kva slags støttemottakarar og kva slags tiltaksområde det dreier seg om, kan Kommisjonen avgjere at dei kan fritakast frå den kontrollen av yrkeskompetanse og kvalifikasjonar som krevst for å fullføre tiltaksområdet eller arbeidsprogrammet. Kommisjonen skal respektere prinsippet om rimeleg samhøve når han fastset krava til den finansielle støttesummen, og ta omsyn til særtrekka ved mottakarane, alderen deira, kva slags tiltaksområde det dreier seg om og omfanget av den finansielle støtta.

  3. Alt etter kva slags tiltaksområde det dreier seg om, kan den finansielle støtta gjevast i form av tilskot eller stipend. Kommisjonen kan òg tildele prisar til tiltaksområde eller prosjekt som er gjennomførde i medhald av programmet. Alt etter kva slags tiltaksområde det dreier seg om, kan støtte i form av faste støttesummar og/eller utgifter per eining tillatast.

  4. Avtaler om tilskot til tiltaksområde bør inngåast innan to månader etter at tilskotet er gjeve.

  5. Driftstilskot som vert gjevne i medhald av programmet til organisasjonar som driv verksemd på europeisk plan, slik det er definert i artikkel 162 i kommisjonsforordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002 av 23. desember 2002 om fastsettelse av nærmere regler for gjennomføring av rådsforordning (EF) nr. 1605/2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett( 12 ), skal ikkje reduserast automatisk i samsvar med artikkel 113 nr. 2 i forordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 i tilfelle vidareføring.

  6. I medhald av artikkel 54 nr. 2 bokstav c) i forordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 kan Kommisjonen overlate oppgåver som høyrer inn under ansvarsområdet til offentlege styresmakter, til dei strukturane som er nemnde i artikkel 8 nr. 2 i denne avgjerda, særleg oppgåver som gjeld gjennomføringa av budsjettet.

  7. I medhald av artikkel 38 nr. 1 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002 skal det valet som det er gjort greie for i nr. 6 i denne artikkelen, òg gjelde for strukturar i alle deltakarstatar.

Artikkel 15

Overvaking og vurdering

  1. Kommisjonen skal syte for at programmet jamleg vert overvaka i høve til måla sine. Denne overvakinga skal omfatte dei rapportane som er nemnde i nr. 3, og særskild verksemd. Ungdom skal ta del i samråd som Kommisjonen gjennomfører i samband med denne overvakinga.

  2. Kommisjonen skal syte for ei jamleg, uavhengig og ekstern vurdering av programmet.

  3. Deltakarstatane skal sende over til Kommisjonen ein rapport om gjennomføringa av programmet innan 30. juni 2010 og ein rapport om verknadene av programmet innan 30. juni 2015.

  4. Kommisjonen skal leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet:

    1. ein førebels vurderingsrapport om dei resultata som er oppnådde og om dei kvalitative og kvantitative sidene ved gjennomføringa av programmet innan 31. mars 2011,

    2. ei melding om vidareføringa av programmet innan 31. desember 2011,

    3. ein endeleg vurderingsrapport innan 31. mars 2016.

Artikkel 16

Overgangsføresegn

Tiltaksområde som er sette i verk før 31. desember 2006 i medhald av avgjerd nr. 1031/2000/EF og avgjerd nr. 790/2004/EF, skal forvaltast i medhald av desse avgjerdene heilt til dei vert avslutta.

Løyvingar kan eventuelt førast opp i budsjettet etter 2013 for å dekkje utgifter til teknisk og administrativ støtte som er naudsynt for å kunne forvalte tiltaksområde som ikkje er fullførde innan 31. desember 2013. Det utvalet som er nemnt i artikkel 8 i avgjerd nr. 1031/2000/EF, skal bytast ut med det utvalet som er nemnt i artikkel 9 i denne avgjerda.

I medhald av artikkel 18 i forordning (EF, Euratom) nr.  1605/2002 kan løyvingar som svarar til særlege driftsinntekter frå tilbakebetaling av summar som er utbetalte på feil grunnlag i medhald av avgjerd nr. 1031/2000/EF og avgjerd nr. 790/2004/EF, gjerast tilgjengelege for programmet.

Artikkel 17

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde den 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen .

Ho skal nyttast frå 1. januar 2007.

Utferda i Strasbourg, 15. november 2006.

For Europaparlamentet

President

J. BORRELL FONTELLES

For Rådet

Formann 

P. LEHTOMÄKI

Vedlegg

Gjennom dei tiltaksområda som skal gjennomførast for å verkeleggjere dei overordna og særskilde måla for programmet, vert det gjeve støtte til små prosjekt som skal fremje ei aktiv deltaking frå ungdom, samstundes som det vert sikra at prosjekta er synlege og verknadsfulle på europeisk plan.

Det skal ikkje stillast krav om særlege røynsler eller kvalifikasjonar for ungdom som skal ta del i programmet, bortsett frå i unntakstilfelle.

Programmet bør gjennomførast på ein brukarvennleg måte.

Programmet bør stimulere initiativ, entreprenørskap og kreativitet blant ungdom, gjere det lettare for vanskelegstilt ungdom, medrekna funksjonshemma, å ta del i programmet, og sikre at prinsippet om likestilling mellom menn og kvinner vert respektert når det gjeld deltakinga i programmet, og at likestilling mellom kjønna vert fremja gjennom alle tiltaksområda.

Det er mogleg å ta del i tiltaksområda på det vilkåret at det finst høveleg forsikringsdekking tilgjengeleg for å sikre vern av ungdom under gjennomføringa av verksemd innanfor programmet.

Tiltaksområde

Tiltaksområda kan fordelast på følgjande tiltak:

Tiltaksområde 1 — Ung i Europa

Målet for dette tiltaksområdet er å styrkje eit aktivt borgarskap blant og felles forståing mellom ungdom gjennom følgjande tiltak:

1.1. Ungdomsutveksling

Gjennom ungdomsutveksling kan éi eller fleire ungdomsgrupper takast imot av ei gruppe frå ein annan stat for å ta del i felles verksemd. I prinsippet kan ungdom mellom 13 og 25 år ta del.

Slik verksemd, som byggjer på tverrnasjonale partnarskap mellom ulike aktørar i eit prosjekt, inneber at ungdom tek aktivt del, og tek sikte på å gje ungdom høve til å oppdage og verte medvitne om ulike sosiale og kulturelle tilhøve, lære av kvarandre og styrkje kjensla deira av å vere europeiske borgarar. Støtta er i hovudsak retta mot verksemd som inneber fleirsidig gruppemobilitet, men utelukkar ikkje tosidig verksemd av same type.

Tosidig gruppeutveksling er særleg rettkome dersom det dreier seg om ungdom som tek del for første gong i europeisk verksemd, eller dersom deltakarane er små eller lokale grupper utan tidlegare røynsler på europeisk plan. Utveksling for vanskelegstilt ungdom kan særleg vere aktuelt for å fremje deltakinga deira i programmet.

Gjennom dette tiltaket vert det òg gjeve støtte til førebuings- og oppfølgingsverksemd som tek sikte på å styrkje den aktive deltakinga blant ungdom i slike prosjekt, særleg i form av verksemd som er meint å skulle hjelpe ungdom på det språklege og tverrkulturelle planet.

1.2. Støtte til ungdomsinitiativ

Gjennom dette tiltaket vert det gjeve støtte til prosjekt der ungdom tek aktivt og direkte del i verksemd som dei sjølve har utforma og der dei sjølve er hovudaktørane, for såleis å utvikle initiativ, entreprenørskap og kreativitet. I prinsippet er dette meint for ungdom mellom 18 og 30 år, men visse initiativ kan òg omfatte ungdom frå 15 år innanfor høvelege rammer.

Gjennom dette tiltaket vert det gjeve støtte til gruppeprosjekt som er utforma på lokalt, regionalt og nasjonalt plan og til nettverksarbeid mellom liknande prosjekt i ulike statar, med sikte på å styrkje det europeiske aspektet deira og betre samarbeidet og utvekslinga av røynsler mellom ungdom.

Det skal takast særleg omsyn til vanskelegstilt ungdom.

1.3. Prosjekt for medverknad for ungdom

Gjennom dette tiltaket vert det gjeve støtte til deltaking for ungdom i det demokratiske livet. Prosjekta og verksemda oppmuntrar ungdom til aktiv deltaking i samfunnslivet på lokalt, regionalt, nasjonalt eller internasjonalt plan.

I prinsippet kan ungdom mellom 13 og 30 år ta del.

Prosjekta eller verksemda byggjer på internasjonale partnarskap som gjer det mogleg å samle idear, røynsler og god praksis på europeisk plan frå prosjekt eller verksemd på lokalt eller regionalt plan, med sikte på å betre deltakinga frå ungdom på ulike nivå. Slik verksemd kan omfatte tilskiping av samråd med ungdom for å finne ut kva dei treng og kva dei ønskjer, med sikte på å utvikle nye metodar for ei aktiv deltaking frå ungdom i eit demokratisk Europa.

Tiltaksområde 2 — Europeisk volontør­teneste

Føremålet med volontørtenesta er å utvikle solidaritet og fremje eit aktivt borgarskap og ymsesidig forståing mellom ungdom gjennom følgjande tiltak.

Unge volontørar tek del i ei ideell og ubetalt allmennyttig verksemd i ein annan stat enn heimstaten. Den europeiske volontørtenesta må ikkje ha ein negativ innverknad på mogleg eller eksisterande betalt arbeid, og heller ikkje kome i staden for slikt arbeid.

Tenesta skal vare i minst to månader og kan vare i opptil tolv månader. I tilbørleg grunngjevne tilfelle, og særleg for å lette deltakinga for vanskelegstilt ungdom, kan kortare periodar og volontørprosjekt for ungdomsgrupper tillatast.

Gjennom dette tiltaket vert det òg gjeve støtte til felles deltaking for ungdomsgrupper i verksemd på lokalt, regionalt og nasjonalt plan på ei rekkje område, medrekna kultur, idrett, sivil vernebuing, miljø og utviklingshjelp.

I unntakstilfelle, alt etter kva slags oppgåver som skal utførast og kva situasjonar volontørane vert stilte overfor, kan det for visse typar prosjekt vere naudsynt å velje ut kandidatar med særlege kvalifikasjonar.

Gjennom dette tiltaket vert det gjeve støtte til ungdom mellom 18 og 30 år, medan visse initiativ òg kan omfatte ungdom frå 16 år innanfor høvelege rammer.

Gjennom dette tiltaket får volontørane heilt eller delvis dekt utlegga sine og utgifter til forsikring, opphald og reise, og det kan eventuelt utbetalast tilleggsstøtte til vanskelegstilt ungdom.

Det vert òg gjeve støtte til verksemd som tek sikte på opplæring av og rettleiing for unge volontørar, og samordningsverksemd for dei ulike partnarane, i tillegg til initiativ som tek sikte på å byggje vidare på dei røynslene som ungdom har fått gjennom deltaking i den europeiske volontørtenesta.

Medlemsstatane og Kommisjonen skal syte for at visse kvalitetsnormer vert etterlevde. Volontørtenesta må omfatte ein utdanningsdimensjon av ikkje-formell karakter som kjem til uttrykk gjennom pedagogisk verksemd som tek sikte på å førebu ungdom på eit personleg, tverrkulturelt og teknisk plan, og gjennom ei jamleg personleg støtte. Partnarskap mellom dei ulike aktørane som medverkar i prosjektet, og førebygging av risiko vert rekna som særleg viktig.

Tiltaksområde 3 — Ung i verda

Føremålet med dette tiltaksområdet er å utvikle felles forståing mellom menneske og ei open innstilling til omverda, og samstundes medverke til å utvikle system av høg kvalitet som kan støtte ungdomsverksemda i dei statane som det gjeld. Tiltaket er ope for deltaking for partnarstatane.

3.1. Samarbeid med nabostatane til EU

Gjennom dette tiltaket vert det gjeve støtte til prosjekt som vert sette i verk i samarbeid med dei partnarstatane som vert rekna som nabostatar i medhald av føresegnene i den europeiske naboskapspolitikken til EU og i medhald av artikkel 5 nr. 2, og i samarbeid med Den russiske føderasjonen og statane på Vest-Balkan inntil dei stettar krava i artikkel 5 nr. 1 bokstav d).

Gjennom tiltaket vert det gjeve støtte til ungdomsutveksling — i hovudsak fleirsidig, men utan å utelukke tosidig utveksling — som gjer det mogleg for fleire ungdomsgrupper frå deltakarstatane og nabostatane å treffast for å ta del i felles verksemd. I prinsippet kan ungdom mellom 13 og 25 år ta del. Slik verksemd, som byggjer på tverrnasjonale partnarskap mellom dei ulike aktørane i eit prosjekt, omfattar opplæring på førehand av tilsynspersonale og aktiv deltaking frå ungdom, slik at ungdom kan få høve til å oppdage og verte klar over ulike sosiale og kulturelle tilhøve. Det kan òg gjevast støtte til verksemd som tek sikte på å styrkje ei aktiv deltaking frå ungdom i prosjekta, særleg verksemd som inneber førebuing på eit språkleg og tverrkulturelt plan.

På det vilkåret at det vert skipa høvelege forvaltingsstrukturar i nabostatane, kan det gjevast støtte til initiativ frå einskildpersonar eller grupper på lokalt, regionalt eller nasjonalt plan i desse statane dersom initiativa vert gjennomførde i samverknad med liknande initiativ i statar som tek del i programmet. Det dreier seg om verksemd som dei unge har utforma sjølve, og der dei sjølve er hovudaktørane. I prinsippet er verksemda meint for ungdom mellom 18 og 30 år, men visse initiativ kan òg omfatte ungdom frå 16 år innanfor høvelege rammer.

Gjennom dette tiltaket vert det gjeve støtte til verksemd som tek sikte på å knyte saman og betre ressursane innanfor ikkje-statlege organisasjonar på ungdomsområdet og å skipe nettverk mellom desse, ettersom desse organisasjonane kan spele ei viktig rolle i utviklinga av det sivile samfunnet i nabostatane. Tiltaket omfattar opplæring av personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar, og utveksling av røynsle, sakkunne og god praksis mellom desse. Gjennom tiltaket vert det gjeve støtte til verksemd som kan føre til skiping av langsiktige prosjekt og partnarskap av høg kvalitet.

Gjennom dette tiltaket vert det òg gjeve støtte til prosjekt som stimulerer til nyskaping og kvalitet med sikte på å innføre, gjennomføre og fremje nyskapande metodar på ungdomsområdet.

Informasjonsverksemd for ungdom og personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar kan få finansiell støtte.

Gjennom dette tiltaket kan det gjevast støtte til verksemd som kan fremje samarbeid med nabostatane på ungdomsområdet, t.d. for å fremje samarbeid og utveksle idear og god praksis på ungdomsområdet, saman med andre tiltak for å fremje og spreie resultata frå ungdomsprosjekt og –verksemd som får støtte i dei statane som det gjeld.

3.2. Samarbeid med andre statar

Gjennom dette tiltaket vert det gjeve støtte til samarbeid på ungdomsområdet, særleg til utveksling av god praksis med dei andre partnarstatane.

Tiltaket oppmuntrar til utveksling mellom og opplæring av personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar, og til utvikling av partnarskap og nettverk mellom ungdomsorganisasjonar.

Fleirsidig og tosidig utveksling av ungdom mellom desse statane og deltakarstatane kan gjennomførast innanfor ulike temaområde.

Det vert gjeve støtte til verksemd som kan vise til ein mangfaldiggjerande verknad.

Ved samarbeid med industristatar er det berre dei europeiske støttemottakarane som får finansiert prosjekt gjennom dette tiltaket.

Tiltaksområde 4 — Ordningar for støtte til ­samarbeid på ungdomsområdet

Føremålet med dette tiltaksområdet er å utvikle kvaliteten innanfor støttestrukturane for ungdom, å støtte rolla til personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar, å utvikle kvaliteten til programmet og å fremje samfunnsengasjementet blant ungdom på europeisk plan ved å støtte organ som driv ungdomsverksemd på europeisk plan.

4.1. Støtte til organ som driv ungdomsverksemd på europeisk plan

Gjennom dette tiltaket vert det gjeve støtte til ikkje-statlege organisasjonar som driv verksemd på europeisk plan innanfor ungdomsområdet, og som arbeider for å verkeleggjere eit mål som er av allmenn europeisk interesse. Verksemda deira må medverke til at ungdom tek del i det offentlege livet og i samfunnet, og til utviklinga og gjennomføringa av europeisk samarbeid på ungdomsområdet i vid tyding.

For å kunne få tildelt driftstilskot må eit organ stette dei følgjande krava:

  • det må ha vore skipa på lovleg måte i minst eitt år,

  • det må vere eit ideelt organ,

  • det må vere etablert i ein av deltakarstatane i samsvar med artikkel 5 nr. 1, eller i ein av visse austeuropeiske statar (dvs. Kviterussland, Moldova, Den russiske føderasjonen, Ukraina),

  • det må drive verksemda si på europeisk plan, aleine eller i samordning med andre samanslutningar, det må ha ein struktur og ei verksemd som omfattar minst åtte deltakarstatar; det kan dreie seg om eit europeisk nettverk som representerer organ som driv verksemd innanfor ungdomsområdet,

  • verksemda må drivast i samsvar med dei prinsippa som ligg til grunn for fellesskapsverksemda innanfor ungdomsområdet,

  • det kan dreie seg om eit organ som driv berre med ungdomsarbeid, eller eit organ som har vidare mål, men som i ein del av verksemda si driv berre med ungdomsarbeid,

  • det må trekkje inn ungdom for å forvalte den ungdomsverksemda som skal gjennomførast.

Støttemottakarane vert valde ut på grunnlag av innbydingar til framlegg. Det kan inngåast fleirårige rammeavtaler om partnarskap med dei organa som er valde ut. Slike rammeavtaler skal likevel ikkje utelukke at det kvart år kan sendast ut innbydingar til framlegg med sikte på fleire støttemottakarar.

Hovudverksemda som ungdomsorganisasjonane driv, og som truleg vil medverke til å styrkje og effektivisere fellesskapsinnsatsen, omfattar følgjande:

  • representasjon av mangfaldet i synspunkta og interessene til ungdom på europeisk plan,

  • ungdomsutveksling og volontørteneste,

  • uformelle og ikkje-formelle læringsprogram og program for ungdomsverksemd,

  • fremjing av tverrkulturell læring og forståing,

  • drøftingar om europeiske spørsmål, EU-politikk eller ungdomspolitikk,

  • spreiing av informasjon om fellesskapsinnsats,

  • tiltak for å fremje deltaking og initiativ frå ungdom.

Innanfor ramma av dette tiltaket skal det berre takast omsyn til driftstilskot som er naudsynte for at det utvalde organet skal kunne utføre den vanlege verksemda si på ein tilfredsstillande måte, særleg personalutgifter, diverse utgifter (leige, eigedomsutgifter, utstyr, kontormateriale, telekommunikasjon, porto osv.), utgifter til interne møte og til publisering, informasjon og spreiing.

Tilskotet vert tildelt med tilbørleg respekt for den retten som organet har til sjølv å velje medlemmene sine og til sjølv å kunne utforme verksemda si nærmare.

Minst 20 % av budsjettet til dei organa som det gjeld, må finansierast gjennom andre kjelder enn gjennom fellesskapsmidlar.

4.2. Støtte til Det europeiske ungdomsforumet

I medhald av dette tiltaket kan det gjevast tilskot til den verksemda som vanlegvis vert driven av Det europeiske ungdomsforumet, heretter kalla «forumet», som er ein organisasjon som arbeider for å verkeleggjere eit mål som er av allmenn europeisk interesse, samstundes som dei følgjande prinsippa vert tilbørleg respekterte:

  • forumet står fritt til å velje medlemmene sine, for såleis å sikre at ulike typar ungdomsorganisasjonar vert representerte på beste måte,

  • forumet står fritt til å utarbeide detaljerte spesifikasjonar for verksemda si,

  • forumet skal ha størst mogleg deltaking i verksemda til forumet frå ungdomsorganisasjonar som ikkje er medlem i forumet, og frå ungdom som ikkje er medlem i nokon organisasjon,

  • forumet skal medverke aktivt i dei politiske prosessane som er relevante for ungdom på europeisk plan, særleg ved å gje svar til dei europeiske institusjonane når dei rådfører seg med det sivile samfunnet, og ved å formidle haldningane til desse institusjonane vidare til medlemmene sine.

Forumet får løyvingar som dekkjer driftsutgifter og utgifter som er naudsynte for at det skal gjennomføre tiltaka sine. Ettersom det er naudsynt å sikre kontinuiteten til forumet, skal det tildelast programressursar i samsvar med følgjande retningslinje: ressursane som skal tildelast forumet, skal vere minst 2 millionar euro per år.

Forumet kan få tilskot etter at ein høveleg arbeidsplan og eit høveleg budsjett er mottekne. Tilskota kan gjevast kvart år eller fornyast innanfor ei rammeavtale om partnarskap med Kommisjonen.

Minst 20 % av budsjettet til forumet må finansierast gjennom andre kjelder enn gjennom fellesskapsmidlar.

Hovudverksemda til forumet er følgjande:

  • representere ungdomsorganisasjonar overfor EU,

  • samordne haldningane til medlemmene sine overfor EU,

  • formidle informasjon om ungdom til dei europeiske institusjonane,

  • formidle informasjon frå EU til nasjonale ungdomsråd og ikkje-statlege organisasjonar,

  • fremje og førebu deltakinga frå ungdom i det demokratiske livet,

  • medverke til ei ny ramme for samarbeid på ungdomsområdet som er fastsett på EU-plan,

  • medverke i utviklinga av politikken, arbeidet og utdanninga på ungdomsområdet, formidle informasjon om ungdom og utvikle representative strukturar for ungdom i heile Europa,

  • ta del i drøftinga og utgreiinga om ungdom i Europa og i andre delar av verda og om fellesskapsinnsatsen på ungdomsområdet.

4.3. Opplæring av og nettverksarbeid for personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar

Gjennom dette tiltaket vert det gjeve støtte til personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar innanfor dette området, særleg prosjektleiarar, ungdomsrådgjevarar og pedagogisk personale innanfor prosjekta. Det kan òg gjevast støtte til utveksling av røynsler, sakkunne og god praksis mellom personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar, og til verksemd som kan føre til at det vert skipa langsiktige prosjekt, partnarskap og nettverk av høg kvalitet. Det kan t.d. omfatte hospitering på arbeidsplassar.

Det skal leggjast særleg vekt på verksemd som kan fremje deltakinga frå dei ungdommane som finn det mest vanskeleg å ta del i fellesskapsinnsats.

4.4. Prosjekt som oppmuntrar til nyskaping og kvalitet

Gjennom dette tiltaket kan det gjevast støtte til prosjekt som tek sikte på å innføre, gjennomføre og fremje nyskapande metodar på ungdomsområdet. Desse nyskapande metodane kan ha samanheng med innhald og mål i samband med utviklinga av den europeiske ramma på ungdomsområdet, medverknad frå partnarar med ulik bakgrunn eller spreiing av informasjon.

4.5. Informasjonsverksemd for ungdom og for personar som arbeider med ungdom og i ungdoms­organisasjonar

Gjennom dette tiltaket kan det gjevast støtte til informasjons- og kommunikasjonstenester som er retta mot ungdom ved å betre tilgangen deira til slike tenester, slik at det vert lettare for dei å ta del i det offentlege livet og verkeleggjere potensialet sitt som aktive, ansvarlege borgarar. For dette føremålet vert det gjeve støtte til verksemd på europeisk og nasjonalt plan som skal gje ungdom betre tilgang til informasjons- og kommunikasjonstenester, betre tilbod når det gjeld informasjon av høg kvalitet og betre deltaking for ungdom når det gjeld førebuing og spreiing av informasjon.

Dette tiltaket medverkar t.d. til å utvikle ungdomsportalar på europeisk, nasjonalt, regionalt og lokalt plan for spreiing av informasjon som er særleg retta mot ungdom, gjennom alle typar informasjonskanalar, særleg dei som oftast vert nytta av ungdom. Gjennom tiltaket kan det òg gjevast støtte til tiltak som skal fremje medverknaden frå ungdom i førebuing og spreiing av forståeleg, brukarvennleg og målretta informasjonsprodukt og råd, for såleis å betre kvaliteten på informasjonen og gjere han tilgjengeleg for all ungdom. Alle publikasjonar skal vise respekt for likestilling og mangfald.

4.6. Partnarskap

Gjennom dette tiltaket er det mogleg å finansiere partnarskap med regionale og lokale organ, for såleis å utvikle langsiktige prosjekt som kombinerer ulike tiltak innanfor programmet. Finansieringa legg vekt på prosjekt- og samordningsverksemd.

4.7. Støtte til strukturane innanfor programmet

Gjennom dette tiltaket er det mogleg å finansiere dei strukturane som er fastsette i artikkel 8 nr. 2, særleg dei nasjonale kontora. Tiltaket gjer det òg mogleg å finansiere tilsvarande organ som fungerer som gjennomføringsorgan på nasjonalt plan, t.d. nasjonale koordinatorar, ressurssenter, EURODESK-nettet, ungdomsplattforma for Europa og middelhavsstatane og samanslutningane for europeiske volontørar, i samsvar med artikkel 54 nr. 2 bokstav c) og nr. 3 i forordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002.

4.8. Tilføring av tilleggsverdi til programmet

For å lette gjennomføringa av programmet kan Kommisjonen skipe til seminar, kollokvium eller møte, gjennomføre føremålstenlege informasjons-, publiserings- og spreiingstiltak og dessutan overvake og vurdere programmet. Denne verksemda kan finansierast gjennom tilskot, gjennomførast ved tildeling av kontraktar eller organiserast og finansierast direkte av Kommisjonen.

Tiltaksområde 5 — Støtte til europeisk ­samarbeid på ungdomsområdet

Føremålet med dette tiltaksområdet er å fremje europeisk samarbeid på ungdomsområdet.

5.1. Møte mellom ungdom og personar som har ansvar for ungdomspolitikk

Gjennom dette tiltaket vert det gjeve støtte til samarbeid, seminar og strukturert dialog mellom ungdom, personar som arbeider med ungdom og i ungdomsorganisasjonar og personar som har ansvar for ungdomspolitikk. Denne verksemda omfattar særleg fremjing av samarbeid og utveksling av idear og god praksis på ungdomsområdet, konferansar som vert organiserte av dei vekslande formannskapa for EU, og andre tiltak som tek sikte på å utnytte og spreie resultata frå prosjekt og frå fellesskapsverksemda på ungdomsområdet.

Dette tiltaket omfattar den europeiske ungdomsveka, som kan omfatte tilskipingar i medlemsstatane og på europeisk plan om arbeidet til dei europeiske institusjonane, dialog mellom europeiske avgjerdstakarar og ungdom, og påskjøning for prosjekt av høg kvalitet som er vortne fremja gjennom programmet.

Gjennom dette tiltaket kan det særleg gjevast støtte til dei måla som er fastsette gjennom den opne samordningsmetoden på ungdomsområdet og den europeiske ungdomspakta, og til samarbeid mellom nasjonal og internasjonal volontørverksemd for ungdom.

5.2. Støtte til verksemd som kan gje betre forståing av og kunnskap om ungdom

Gjennom dette tiltaket vert det gjeve støtte til særskilte prosjekt for å kartleggje eksisterande kunnskap innanfor dei områda som har fått prioritet på ungdomsområdet og er fastsette innanfor ramma av den opne samordningsmetoden, og til prosjekt som kan utfylle, ajourføre og lette tilgangen til slik kunnskap.

Tiltaket tek òg sikte på å støtte utviklinga av metodar for å analysere og jamføre granskingsresultat og å sikre kvaliteten deira.

Programmet kan òg støtte nettverksarbeid mellom dei ulike aktørane på ungdomsområdet.

5.3. Samarbeid med internasjonale organisasjonar

Dette tiltaksområdet kan nyttast til å støtte samarbeidet mellom EU og internasjonale organisasjonar som arbeider innanfor ungdomsområdet, særleg Europarådet, Dei sameinte nasjonane eller særorganisasjonane til dei sameinte nasjonane.

Informasjon

For at det skal vere mogleg å leggje fram døme på god praksis og mønsterprosjekt skal det utviklast ein database som inneheld informasjon om dei ideane som finst når det gjeld ungdomsverksemd på europeisk plan.

Kommisjonen skal stille til rådvelde ei rettleiing som forklarar måla, reglane og framgangsmåtane for programmet, og som særleg forklarar dei juridiske rettane og pliktene som det inneber å ta imot tilskot.

Forvalting av programmet

Minstetildelingar

Med atterhald for artikkel 13 skal følgjande minstesummar kunne tildelast tiltaksområda, sett i høve til den finansielle ramma som er fastsett i den nemnde artikkelen:

Tiltaksområde 1 — Ung i Europa 30 %

Tiltaksområde 2 — Europeisk volontørteneste 23 %

Tiltaksområde 3 — Ung i verda 6 %

Tiltaksområde 4 — Ordningar for støtte til samarbeid på ungdomsområdet 15 %

Tiltaksområde 5 — Støtte til europeisk samarbeid på ungdomsområdet 4 %

Budsjettet for programmet kan òg dekkje utgifter som er knytte til førebuing, oppfølging, overvaking, revisjon og vurdering som er direkte naudsynt for forvaltinga av programmet og verkeleggjeringa av måla for programmet, særleg til granskingar, møte, informasjons- og publiseringsverksemd, utgifter knytte til IT-nett for utveksling av informasjon og til eventuelle andre former for administrativ og teknisk støtte som Kommisjonen kan fastsetje i samband med forvaltinga av programmet.

Kontroll og revisjon

Det er skipa ei ordning for stikkprøvekontroll når det gjeld prosjekt som er valde ut i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 14 nr. 3 i denne avgjerda.

Støttemottakarar skal i fem år rekna frå den siste utbetalinga stille til rådvelde for Kommisjonen alle underlagsdokument som gjeld utgifter. Dei må syte for at underlagsdokument som eventuelt er å finne hjå partnarar eller medlemmer, vert stilte til rådvelde for Kommisjonen.

Kommisjonen kan ved hjelp av sitt eige personale eller eit anna kvalifisert eksternt organ som han sjølv vel ut, utføre revisjon av den måten tilskota er vortne nytta på. Slik revisjon kan utførast i heile det tidsrommet som avtala gjeld for, og i eit tidsrom på fem år etter dagen for utbetaling av den siste tilskotsdelen. Resultata av revisjonen kan føre til at Kommisjonen tek avgjerd om å krevje tilbakebetaling av midlar.

Personalet til Kommisjonen og eksternt personale som har fått fullmakt frå Kommisjonen, skal i den grad det er naudsynt for å gjennomføre revisjon, få eigna tilgang til kontora til støttemottakaren og til all informasjon, medrekna informasjon i elektronisk form.

Revisjonsretten og Det europeiske kontoret for motkjemping av svik (OLAF) skal ha same rettar som Kommisjonen, særleg når det gjeld retten til tilgang.

Dei avgjerdene som Kommisjonen har teke i medhald av artikkel 10, avtalene med nasjonale kontor, avtalene med deltakande tredjestatar og andre avtaler som følgjer av desse, skal innehalde føresegner om at Kommisjonen eller ein representant som har fått fullmakt av Kommisjonen, Det europeiske kontoret for motkjemping av svik (OLAF) og Revisjonsretten kan gjennomføre inspeksjon og finansiell kontroll, om naudsynt på staden. Det kan gjennomførast inspeksjonar av nasjonale kontora eller om naudsynt, av støttemottakarane.

Kommisjonen kan òg utføre kontrollar og inspeksjonar på staden i medhald av rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2185/96 av 11. november 1996 om kontroll og inspeksjon på stedet som foretas av Kommisjonen for å verne De europeiske fellesskaps økonomiske interesser mot bedrageri og andre uregelmessigheter 13 .

Når det gjeld fellesskapsinnsats som vert finansiert i medhald av denne avgjerda, tyder «avvik» slik det er nemnt i artikkel 1 nr. 2 i rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 av 18. desember 1995 om beskyttelse av Det europeiske fellesskaps økonomiske interesser 14 alle brot på ei føresegn i fellesskapsretten eller alle brot på ei avtaleplikt som følgjer av ei handling eller forsømming frå ein av partane si side, som skadar eller kan skade det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen eller andre budsjett som Fellesskapa forvaltar, ved at dei vert påførde ei utilbørleg utgift.

1

TEU C 234 av 22.9.2005, s. 46.

2

TEU C 71 av 22.3.2005, s. 34.

3

Europaparlamentsfråsegn av 25. oktober 2005 (enno ikkje offentleggjord i TEU), felles haldning frå Rådet av 24. juli 2006 (TEU C 251 E av 17.10.2006, s. 20) og haldning frå Europaparlamentet av 25. oktober 2006 (enno ikkje offentleggjord i TEU).

4

TEF L 117 av 18.5.2000, s. 1. Avgjerda sist endra ved rådsforordning (EF) nr. 885/2004 (TEU L 168 av 1.5.2004, s. 1).

5

TEU L 138 av 30.4.2004, s. 24.

6

TEU C 180 E av 31.7.2003, s. 145.

7

TEF C 168 av 13.7.2002, s. 2.

8

TEU C 115 av 15.5.2003, s. 1.

9

TEF L 248 av 16.9.2002, s. 1.

10

TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.

11

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23. Avgjerda endra ved avgjerd nr. 2006/512/EF (TEU L 200 av 22.7.2006, s. 11).

12

TEF L 357 av 31.12.2002, s. 1.

13

TEF L 292 av 15.11.1996, s. 2.

14

TEF L 312 av 23.12.1995, s. 1.