Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside
Du er her: regjeringen.no / Utenriksdepartementet / Pressesenter / Pressemeldinger / Regjeringa vedtek gjeldssletting for Elfenbenskysten
Pressemelding, 27.11.2009
Nr.: 106/09
Regjeringa vedtek gjeldssletting for Elfenbenskysten
Regjeringa har i dag vedteke å slette omlag 53 millionar kroner av Elfenbenskysten si gjeld til Noreg.
Avtala byggjer på ei multilateral rammeavtale som vart inngått i Parisklubben – kreditorlanda sitt felles forum – 15. mai 2009. Parisklubben vedtok då å gje Elfenbenskysten gjeldslette under det internasjonale gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa, det såkalla HIPC-initiativet.
I tråd med den norske gjeldsplanen vert gjelda sletta utan at noko budsjett vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over anna utviklingshjelp til fattige land, men kjem i tillegg til denne.
Elfenbenskysten si attståande gjeld til Noreg vil verte sletta når landet har fullført HIPC-handsaminga si.