Historisk arkiv

Noreg fordømmer drap på demonstrantar i Jemen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

– Eg fordømmer valdsbruken mot demonstrantar i Jemen og er svært uroa over den negative og valdelege utviklinga i landet, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

– Eg fordømmer valdsbruken mot demonstrantar i Jemen og er svært uroa over den negative og valdelege utviklinga i landet, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

I løpet av dei siste vekene har mange demonstrantar blitt drepne under demonstrasjonar i Jemen. Fredag vart eit stort tal demonstrantar skotne og drepne då fleire tusen var samla i demonstrasjonar ved universitetet i hovudstaden Sanaa. Over hundre personar skal vere skadde.

– Eg oppmodar alle partar til å avstå frå maktbruk. Det er uakseptabelt at styresmaktene brukar vald under demonstrasjonane. Styresmaktene må respektere ytringsfridomen og tillate fredelege demonstrasjonar, seier utanriksministeren.