Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim reiser til El Salvador, 5.–7. januar 2012.

Det er første gong Solheim besøkjer landet som statsråd. Han vil møte mellom anna president Mauricio Funes, utanriksminister Hugo Martinez og miljøvernminister Herman Rosa Chavez. 

– El Salvador er eit av dei landa i verda som vil merkje klimaendringane hardast. Landet blei hardt råka av ekstremt uvêr og flaum i haust. Det førde til omfattande øydeleggingar og tap av mange menneskeliv, seier Solheim.  

Noreg støttar El Salvador med fem millionar kroner for å byggje opp landet igjen etter uvêret.  

Les meir: Noreg gjer fem millionar kroner til El Salvador.

President Funes er frå det venstreorienterte partiet Farabundo Martí National Liberation Front (FMLN). Han vann presidentvalet i mars 2009 med knapp margin. Då hadde det konservative partiet Arena vore ved makta i 20 år.  

– Maktskiftet er eit av få døme på at ein tidlegare gerilja kan ta over makta på fredeleg vis gjennom frie, demokratiske val, seier Solheim.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trond Viken, mobil 992 18 303 (med på reisa). Eventuelt pressevakta for utviklingssaker, telefon 913 95 000.

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 36. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.