Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim deltek når FN sitt befolkningsfond (UNFPA) lanserar den nye rapporten om befolkningsveksten i verda. Ifølge rapporten blir vi sju milliardar menneske 31. oktober i år.

Sjølv om kvinner får færre barn enn dei gjorde i 1960, fortsetter verdas folketal å vokse. Truleg vil vi vere 9,3 milliardar menneske i 2050, og fleire enn 10 milliardar ved utgangen av dette hundreåret. Verdas folk er yngre – og eldre – enn nokon gong.

- Folketal skapar paradoks. I nokre av dei fattigaste landa er høge fødselstal eit hinder for utvikling. I nokre av dei rikaste landa er låge fødselstal og få menneske i jobb eit hinder for økonomisk vekst, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Noreg støtta i fjor FNs befolkningsfond (UNFPA) med 449 millionar kroner . Dei er ein viktig samarbeidspartnar for Noreg i arbeidet med å nå tusenårsmålet om at fleire kvinner skal overleve fødsel. Fondet arbeider mellom anna for å sikre helsetilbod til kvinner slik at de kan få barn (reproduktiv helse).

Kva: Lansering av rapporten State of the World Population 2011
Kor: Nobels fredssenter, Vestbanen.
Når: Onsdag 26. oktober klokka 09:00 – 10:00.

Solheim kommenterer rapporten etter at den er presentert av Rune Frøseth frå FN sitt befolkningsfond. Desmond McNeill frå Senter for utvikling og miljø, samt Helge Brunborg frå Statistisk sentralbyrå kommenterer også rapporten.

Lanseringa sluttar med at Solheim opnar utstillinga 7 Billion Actions på Rådhusplassen – eit samarbeid mellom UNFPA, FN-sambandet og National Geographic. Utanriksdepartementet støttar utstillinga som varer fram til 8. november.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trond Viken, rørleg telefon 992 18 303. E-post: trv@mfa.no

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgivarar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 38. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.