Statsrådane vil sjå nærare på korleis norsk støtte vernar regnskogen og skapar bærekraftig utvikling før FNs toppmøte Rio+20. 

Påmelding til feltbesøket frå pressa innan 1. juni.

Utviklingsminister Heikki Holmås og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell reiser saman til Amazonas for å besøke verdas største program for betaling av økosystem tenester. Dette handlar om betaling for det menneska får frå naturen, til dømes skog. Dette er eit viktig emne under FN sitt toppmøte om bærekraftig utvikling i Rio de Janeiro. (Meir informasjon om Rio+20 her). 

Tid: Fredag 15. juni kl 13:00 til søndag 17. juni ca kl 12:00
Stad: Frå byen Manaus i Amazonas med båt oppover Negro-elva
 

Hovudmålet for feltbesøket er Bolsa Floresta, eit prosjekt som vert støtta frå Amazonas-fondet med om lag 60 millionar kroner. Gjennom regjeringa sitt klima- og skogprosjekt har Noreg støtta Amazonas-fondet med til saman 2,55 milliardar kroner sidan 2009. Noreg betaler for resultata Brasil når i å redusere avskoginga. Dei siste sju åra har Brasil lukkast i å redusere avskoginga med 70 prosent. 

Frå storbyen Manaus, midt inne i Amazonasjungelen, vil statsrådane reise med båt langs elva. Turen går forbi elvekrysset der elva Solimões møter Negro-elva og vidare til landsbyane Tumbira, Saracá og Santo Antônio do Boto. Overnatting vil finne stad i elvebåten. Ein må rekne med to personar pr lugar. Ein mindre eigenandel som dekker kost og losji for dei som deltek kan bli aktuelt. 

Pressekontaktar:
Dei som ønskjer eit meir detaljert program kan kontakte utviklingsministerens kommunikasjonsrådgjevar Svein Bæra,  e-post: svb@mfa.no ; mobil 916 72 042. 

For miljøvernministeren deltek kommunikasjonssjef Jon Berg,
e-post: jon.berg@md.dep.no; mobil: 905 69 495. 

Påmelding til UD ved Svein Bæra innan 1. juni (e-post: svb@mfa.no ) 

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Utviklingsministerens rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 34. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.