For å styrke barn sin rett til utdanning skal skular i land som er ramma av konflikt vere fredssoner.

Noreg har arbeidd saman med Nepal, Redd Barna og FN sitt barnefond UNICEF for å fremje tanken om skular som fredssoner. Erfaringar frå Nepal under det såkalla maoistopprøret mellom 1996 og 2006 har vore viktige i dette arbeidet. Då lukkast partane i konflikten å bli samde om at skular skulle haldast utanfor stridshandlingar.

- Retten til utdanning gjeld alle barn i alle land, og kan ikkje setjast på vent på grunn av konflikt, seier Arvinn Gadgil, statssekretær for utviklingssaker i Utanriksdepartementet.

Han deltek på eit internasjonalt seminar i Nepal sin hovudstad Kathmandu 11.-12. mai. Representantar frå India, Liberia, Sør-Sudan og Elfenbenskysten kjem til seminaret.

 

Les meir her.

 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Svein Bæra, mobil 916 72 042

 

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Utviklingsministerens rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 35. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.