Historisk arkiv

Nye energimål for verda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Noreg, Tanzania og Mexico skal leie arbeidet med å meisle ut energimål for verda, som del av dei nye måla til FN når tusenårsmåla går ut på dato i 2015.

Noreg, Tanzania og Mexico skal leie arbeidet med å meisle ut energimål for verda, som del av dei nye måla til FN når tusenårsmåla går ut på dato i 2015.

FNs tusenårsmål for ei betre verd skal vere innfridde innan 2015. No er arbeidet i gang med nye mål for tida fram til 2030. FN har gjeve Noreg i oppgave å legge til rette for arbeidet med dei måla som handler om energi, saman med Mexico og Tanzania. 

- Korleis verda løyser utfordringane knytta til energi blir avgjerande både for å skape utvikling og hindre farlege klimaendringer i åra som kjem, seier utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås. 

Dei norske FN-organisasjonane har invitert ei rekke norske organisasjoner til eit nasjonalt møte om energimåla i Oslo. Stassekretær Arvinn Gadgil vil halde eit innlegg. Pressa er velkomen. 

Tid:     Tirsdag morgon 12. mars kl. 8-10
Stad:   Norad, Ruseløkkveien 26, 4 etg.
 

Neste veke, 19.-21. mars, reiser Holmås til Tanzania for å starte opp dei første samtalane om energimåla der. Ein legg til rette for brei dialog der synspunkt frå styresmakter, sivilt samfunn og næringsliv skal høyres. 

Framleis lever 1,3 milliardar menneske utan elektrisk straum. I eit land som Tanzania har under 15 prosent av folket elektrisitet. 

- Det vil vere store skilnader på kva utfordringar ulike land ser på energipolitikken. Derfor er eit samarbeid mellom ulike energinasjonar som Mexico, Tanzania og Noreg eit godt grunnlag for at tilgang til energi blir ein prioritert del av FNs nye mål for ei betre verd, seier Holmås. 

Noreg vil vere vert for eit internasjonalt toppmøte om energimåla i Oslo den 9. april. Her vil representantar frå både Tanzania, Mexico og internasjonale organisasjonar vere til stades. Dialogen kring energi er viktig i seg sjølv. For å gi fleire ei mogleg stemme før toppmøtet, er det invitert til ein global nettdebatt

- Ei berekraftig framtid er aller mest viktig for dei unge. Derfor skal ungdom inviterast særskild til å vere med i debatten og komme med innspel for korleis verda kan få betre utvikling gjennom energi, samstundes med at vi berger klimaet, seier Holmås. 

Alle innspela skal munne ut i eit sett med tilrådingar som skal overrekkast til generalsekretæren i FN etter toppmøtet.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms)