Noreg er i front for rettferdig fordeling. Tysdag deltek utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås på det internasjonale toppmøtet i København for å diskutere korleis rettferdig fordeling kan bli ein del av dei nye globale utviklingsmåla.

FNs tusenårsmål for ei betre verd går ut på dato i 2015. No er diskusjonen i full gong om nye utviklingsmål for tida fram mot 2030. Det internasjonale toppmøtet i København samlar over førti leiarar frå heile verda. Eit viktig tema for Noreg er rettferdig fordeling.

– Verda har forandra seg sidan alle FNs medlemsland vart samde om tusenårsmåla i 2000. Mange land har hatt kraftig økonomisk vekst, og vorte rikare. Kampen mot fattigdom må framleis vere eit hovudmål fram mot 2030, men tida er inne for å settje rettferdig fordeling på dagsorden. Ulikhet er kanskje det største hinderet for å bli kvitt fattigdom i verda i dag, seier utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås.

Les meir om arbeidet med nye utviklingsmål her.

Diskusjonen om korleis dei nye utviklingsmåla etter 2015 skal utformast, går no over heile kloden. FN leiar diskusjonen som har som mål å engasjere ungdom, frivillige organisasjonar, akademia og private aktørar. I tillegg vert det arrangert politiske toppmøter som det i København tysdag, som Danmark, Ghana, FNs barnefond (Unicef) og FNs kvinneenhet (UN Women) står bak.

– Et viktig bodskap frå Noreg er at landa sjølv må ta hovudansvaret for å redusere fattigdom og ulikhet gjennom eit robust skattesystem og omfordeling av inntekter, og byggje ut velferdsordningar. Og vi kan støtte dei, seier Holmås.

Noreg er ikkje aleine om denne tilnærminga. Både Verdsbanken og Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) er tydelege på at økonomisk vekst ikkje er nok for å redusere fattigdom. Rike land må difor støtte utviklingsland i arbeidet for at den økonomiske veksten skal koma dei fattige til gode.

Konsultasjonen om ulikhet: www.worldwewant2015.org/inequalities.

Sjå óg FNs sider om arbeidet med tusenårsmålene her.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Astrid Versto, mobil 901 92 920 (med på reisa).