Noregs forhold til USA

USA er Noreg sin viktigaste allierte. Eit godt og nært forhold til USA er difor avgjerande for Noreg og norsk suverenitet.

Noreg samarbeider med USA på ei lang rekkje områder - innanfor tryggingspolitikken og Nato, i Nordområda og Arktis, samt innanfor engasjementspolitikken, kultur, næringsliv, handel/økonomi, forsking, energi og miljø.

Besøk og politiske samtalar

Noreg har regelmessig besøksutveksling og samtalar med amerikanske styresmakter på høgt nivå. I mai 2013 besøkte kronprinsparet Houston og San Fransisco og i oktober 2011 besøkte kongeparet det norske Amerika i Midtvesten og New York. Utanriksminister Børge Brende besøkte Washington i november 2013.

Utenriksminister Børge Brende møtte utenriksminister John Kerry i Washington 15. november 2013. Foto: R. Imerslund, Utenriksdepartementet
Utenriksminister Børge Brende møtte utenriksminister John Kerry i Washington 15. november 2013. (Foto: Ragnhild Imerslund/Utenriksdepartementet)


Fleire norske statsrådar, statssekretærar og stortingskomitear besøker USA kvart år. Det er også jamn kontakt mellom andre politiske miljø i Noreg og USA.

Nato, forsvarssamarbeid og Nordområda

Noreg har Nato som sitt viktigaste tryggingspolitiske instrument. Vi er einige med USA om at Nato må halde fram som det sentrale forum for transatlantisk tryggingspolitisk samarbeid. Noreg ser det som avgjerande at USA opprettheld både sine transatlantiske tryggingspolitiske forpliktingar gjennom Nato og eit aktivt engasjement i Europa.

For Noreg som ikkje-medlem av EU er dette spesielt viktig. Noreg blir i Washington sett som ein påliteleg og truverdig alliert. Vi bidreg til internasjonal krisehandtering med militære og sivile ressursar i internasjonale operasjonar med mandat frå FN sitt tryggingsråd. Vi har årlege tryggingspolitiske konsultasjonar med USA på ekspedisjonssjefsnivå.

USA er opptekne av dei nye utfordringane i vårt nærområde. Energi-, miljø- og tryggleikspørsmål i regionen står på dagsorden i samtalar mellom våre to land. Den geo-politiske utviklinga i nordområda, andre ikkje-arktiske nasjonar sine aukande aktivitetar i Arktis, Norge sitt bilaterale forhold til Russland, det grensenære samarbeidet i nord, forsvarleg forvaltning av naturressursane og eit styrka Arktisk råd er viktige tema.

Engasjementspolitikk

USA oppfattar Noreg som ein utanrikspolitisk relevant aktør på ei heil rekkje tema. Noreg og USA samarbeidar nært om globale helsespørsmål, særleg barne- og mødrehelse, regnskog, likestilling og ikkje minst i sentrale fredsprosessar i mellom anna Afghanistan, Myanmar og Midtausten. Det breie samarbeidet vi har innanfor desse felta var ein viktig grunn til at det amerikanske utanriksdepartementet tok initiativet til ein meir systematisk - såkalla global - dialog med Noreg som førebels einaste vestlege land.

Næringsliv, forsking og utdanning

Norsk næringsliv har sterke band til USA. Eit breitt spekter av norske verksemder har etablert seg i USA – frå den tradisjonelle norske skipsfarten, olje- og energi til nye kreative og teknologibaserte verksemder. Særleg er Texas, California og New York økonomisk viktig. Houston står i ei særstilling med 150 norske verksemder.

Framtida sin teknologi blir i stor grad utvikla i California og norske teknologiselskap i etablerer seg i regionen. New York er eit av verdas finansielle sentrum og har gjennom meir enn hundre år vore viktig for norsk næringsliv. Verdsmetropolen har også eit gryande norsk designmiljø. Det gir Noreg merksemd i amerikanske politiske og finansielle miljø at Statens pensjonsfond utland har nærare 35 prosent av sine investeringar i USA. USA er verdsleiande på forsking og innovasjon. USA rommar mange høgt profilerte og verdsleiande universitet og utdanningsinstitusjonar. Desse trekk til seg eit aukande tal norske studentar og forskarar.

Kultur

I USA ligg fleire av dei mest toneangivande kulturinstitusjonane og kulturmiljøa i verda. Norske kunstnarar deltek på viktige utstillingar på prestisjetunge institusjonar som MoMA, Guggenheim og New Museum. Der er ei gryande interesse for norsk arkitektur og design i dragsuget etter Snøhetta som står for museumspaviljongen på Ground Zero og oppussinga av Times Square på gateplan.

Norsk litteratur gjer det bra i USA, både krimlitteratur, etablerte namn som Per Petterson og Karl Ove Knausgård og nye namn som Kjersti Annesdatter Skomsvold. På teaterfronten blir Ibsen sine stykker satt opp på Broadway og stjerna Liv Ullmann og Jon Fosse blir lagt merke til. Norske filmar deltek på viktige amerikanske filmfestivalar, noko som ofte leiar til at filmane får distribusjon i USA. USA er viktig for musikkbransjen og norske band og musikarar som Kvelertak, Ane Brun, Enslaved, Lindstrøm og Leif Ove Andsnes turnerer og deltek på viktige festivalar.

Sist oppdatert: 30.01.2014