Barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland
Avslutningskonferanse for forskningsprogrammet for born, ungdom
og familie
Folkets Hus, 3. november 1999
Kjære konferansedeltakarar, forskarar og
arrangørar!
Eg er svært glad for å få opna denne
konferansen, om born og unge og familiane deira. Alle vi som er her
er opptekne av korleis born og unge har det og korleis det vi som
vaksne gjer påverkar dei unge. Vi har ulike ståstadar, kunnskap og
erfaringar – difor er ein slik konferanse særleg viktig.
Det er resultata frå eit omfattande
forskingsprogram som skal leggjast fram – eit program som starta
opp i 1994 og som vert avslutta i år. Det har vore lagt ned mykje
arbeid på desse åra – 20 prosjekt har vore gjennomført, og heile 40
forskarar har vore involvert. På dette området har det skjedd store
endringar, difor treng vi ny kunnskap. I dag skal fleire av
forskarane legge fram resultata sine. Eg er glad for å sjå ei så
stor og interessert forsamling, det er viktig at kunnskapen frå
forskarane kjem ut til ei brei brukargruppe.
Forskingsprogrammet Barn, ungdom og familie har
for det aller meste vore finansiert av Barne- og
familiedepartementet. I tråd med Regjeringa sin forskingspolitikk
har departementet løyvd midlar gjennom Noregs Forskingsråd, som
gjennom programstyret har vore ansvarlege for prioriteringane til
dei ulike forskingsprosjekta. Det er med andre ord ikkje
departementet som avgjer kva for forskingsmiljø som skal få støtte,
denne avstanden mellom departement og forskarar er tilsikta. Dersom
forskarane var direkte avhengig av departementet for å få midlar,
ville dei kan hende vera varsame med å leggja fram kritiske
forskingsresultat. Eg ynskjer uavhengig forsking. Det treng ei kvar
regjering - for å kunna forma ut politikken sin.
Etter mi meining, bør dei politiske og
samfunnsmessige utfordringane stå i eit nært forhold til forskinga.
Dette inneber for det fyrste at viktige spørsmål i samfunnet må
forskast på. Samstundes må resultata frå forskinga bli gjort
tilgjengeleg, slik at kunnskapen påvirkar løysingane som blir valt
og dei avgjerder som blir fatta både på politisk og administrativt
nivå. Forskinga skal òg bidra til at nye spørsmål og
problemstillingar, vert gjenstand både for ny forsking og politisk
handsaming.
På dette grunnlaget vil eg takke Forskingsrådet,
programstyret og forskarane for det arbeidet dei har lagt ned
gjennom forskingsprogrammet, for engasjementet de har vist og for
den formidlinga som er gjort og skal gjennomførast.
Eg vil nytta høvet til å leggja fram nokre av
dei utfordringane vi har når det gjeld politikken for born, ungdom
og familiar. Eg vonar samstundes at forskingsresultata som vert
lagt fram i dag vil vera med på å kasta lys over desse
utfordringane.
Ei viktig utfordring er å styrkja familien og
foreldra si rolle når det gjeld å skape tryggleik for born og
ungdom i samfunnet vårt. Det er mange trekk ved samfunnet som
trugar denne tryggleiken. Foreldra møter stadig fleire krav i
arbeidslivet, dei skal vere tilgjengelege og pliktoppfyllande, og
dei skal sikra seg ei karriere. Desse krava kjem lett i eit
konkurranseforhold til borna sine behov for tilgjengelege foreldre
som er til stades når borna treng dei.
Gjennom skilsmisser og ustabile sambuarskap
opplever stadig fleire born ustabile familieforhold. Det trugar
tryggleiken til borna når foreldra skil lag.
Samfunnet vårt går gjennom raske kulturelle
endringar, og det kjem familiar til Noreg frå andre kulturar. Dette
kan medføra at foreldregenerasjonen føler seg framand framfor dei
påverknader som deira born og unge vert utsett for. Rolla som
oppsedar og rettleiar blir vanskeleg. Når foreldra føler seg
framande for den kulturen som borna er ein del av, fell også noko
av tryggleiken til borna bort.
Frå Barne- og familiedepartementet si side er
det sett i gang fleire tiltak for å støtta opp om familielivet og
styrke ekteskap og parforhold. Det vert løyvd midlar både til
samlivstiltak og til eit nasjonalt program for foreldrerettleiing.
Både samlivstiltaka og programmet for foreldrerettleiing er basert
på forsking og utviklingsarbeid. Tiltaka er døme på at ulike
fagmiljø har dratt nytte av resultat frå forskinga til å utvikle
sin spisskompetanse.
Tryggleik er viktig, men born og unge si
meistring og deltaking er òg svært viktig. Dersom vi skal klare å
skapa betre oppvekst og levekår for born, må vi sørgja for at dei
får ta del og koma fram med eigne opplevingar og synspunkt i mykje
større grad en kva dei gjer i dag. Born og ungdom er individ med ei
rekke eigne interesser og synspunkt. Dei lever ikkje i si eiga verd
– eller under andre tilhøve enn oss vaksne. Dei er her og no, og
dei vil vera med på samfunnsutviklinga. Kven har større engasjement
enn born og ungdom når dei får sleppa til? Det er ikkje tvil om at
vi må auka borna og ungdommen si deltaking og innverknad.
Spørsmålet er meir korleis skal vi få det til?
Barne- og familiedepartementet og Kommunenes
Sentralforbund har utfordra kommunane til å styrka arbeidet med
born og unge si medverking i kommunale plan- og avgjerdsprosessar.
Departementet har òg oppretta Ungdommmens Demokratiforum, som skal
arbeida for å sikre ungdom større deltaking og innverknad i
samfunnsutviklinga.
Vi treng forsking som kan seia noko om i kva
grad born og unge deltek på ulike arenaer. Kva har deltaking å seia
for borna sitt samfunnsengasjement, og for innlæringa av
demokratiske prosessar og handlemåtar? Kven deltek og kven deltek
ikkje? Kva er haldningane til dei vaksne når det gjeld å sleppa
borna til? Kva for metodar kan vi ta i bruk for å styrke borna si
deltaking og medverknad?
Vi har òg store utfordringar når det gjeld å
sikre born og unge med minoritetsbakgrunn ein plass i fellesskapet.
Det er til dels store skilnader i levekåra til ungdom med
innvandrarbakgrunn og born og unge med norsk bakgrunn. Vi ser klåre
tendensar til polarisering mellom ungdomsgrupper basert på etnisk
bakgrunn. Å betra integreringa og vilkåra for born og unge med
minoritetsbakgrunn er blant dei viktigaste utfordringane når det
gjeld å følgja opp FN-konvensjonen om borna sine rettar.
Kva kan forskinga fortelja oss om born og unge
si integrering i samfunnet? Kva kan vi gjera når integreringa ikkje
er så god som vi ynskjer?
Utfordringane er mange fleire enn dei eg har
nemnt. Forskingsprogrammet Born, ungdom og familiar famnar òg svært
vidt.
I Barne- og familiedepartementet har vi inntrykk
av at forskingsprogrammet Born, ungdom og familiar har vore godt
gjennomført, med stor spennvidde og forgreiningar innanfor ulike
forskingsmiljø. Det har vore satsa på bidrag både frå
samfunnsvitskaplege og humanistiske fag. Fag som sosiologi,
psykologi og økonomi har vore representert så vel som historie,
litteraturvitskap og teologi. Forskingsinstitusjonar frå ulike
delar av landet har vore med. Så vel etablerte forskarar som
nyrekrutterte og studentar har gitt sine bidrag. Programmet har òg
lagt vekt på internasjonalisering og komparative analysar, og det
er etablert eit samarbeid med motsvarande program i England og
Danmark.
Det er lagt ned eit stort arbeid frå
programstyret si side for å følgja opp dei tema og
problemstillingane som er aktuelle for vidare forsking inn i det
nye Velferdsprogrammet som starta opp i år.
I Barne- og familiedepartementet har vi òg hatt
gleda av med jamne mellomrom å ha besøk av forskarar som har lagt
fram prosjekta og resultata sine. Det har vore arrangert seminar
med fleire forskarar, og forskarane har medverka enkeltvis. Dette
er ei form for kontakt og formidling som vi set stor pris på.
I dag skal mange fleire få ta del i forskarane
sine resultat. Her er brukarar i kommunane breitt representert –
familiekontor, barnehagar, barnevern, skular og PP-teneste.
Organisasjonar, høgskular og universitet er òg til stades. Eg vonar
de får ein dag med eit godt og spanande fagleg utbytte.
Lukke til med konferansen.
Lagt inn 3. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste,
ODIN-redaksjonen