Nr. | Vår ref | Dato |
V-6/99 | 92/8386 KU/KU2 IE:lwi | 11.02.99 |
Lov om arkiv og forskrift om offentlege arkiv tok til å gjelde
frå 1. januar 1999
Vedlagt følgjer særtrykk av lov om arkiv og
forskrift om offentlege arkiv, som tok til å gjelde frå 1. januar i
år.
Lova regulerer pliktene til både offentlege og
private arkivskaparar og er det første samla lovverket på dette
området. Det er ulike føresegner for offentlege og private arkiv,
og føresegnene om offentlege arkiv står i kapittel II i lova.
Reglane i dette kapitlet er felles for statlege og kommunale arkiv.
Også den tilhøyrande forskrifta om offentlege arkiv er felles for
stats- og kommunesektoren, men det vil framgå at det i enkelte
delar er ei viss differensiering mellom statlege og kommunale
føresegner.
Formålet med lova er å tryggje arkiv som har
monaleg kulturell eller forskingsmessig verdi, eller som inneheld
rettsleg eller viktig forvaltningsmessig informasjon, slik at desse
kan bli tekne vare på og gjorde tilgjengelege for ettertida, jf. §
1. Vidare fastset lova i § 6 at offentlege organ pliktar å ha
arkiv, og at desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er
tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.
Saman med den utfyllande forskrifta
representerer lova eit heilskapleg legalt rammeverk rundt alle
arkivrelaterte spørsmål i offentleg forvaltning, heilt frå
dokumenta oppstår som ledd i den daglege verksemda, via utskiljing
og avlevering av bevaringsverdig arkivmateriale til arkivdepot, og
under oppbevaring og tilgjengeleggjering for ettertida.
Det kan likevel reise seg mange spørsmål som ein
ikkje finn direkte svar på i lov og forskrift.
Alle slike spørsmål kan takast opp med
Riksarkivaren, eventuelt med statsarkivet i vedkomande distrikt.
Riksarkivaren vil vurdere om spørsmålet er av ein slik karakter at
det må leggjast fram for Kulturdepartementet.
I regi av Riksarkivaren er det sett i gang å
lage ei arkivhandbok med utfyllande forklaringar og kommentarar til
lov- og forskriftsteksten. Boka vil også innehalde arkivfaglege råd
og vink og vil rette seg til alle relevante brukarar i stat og
kommune. Det vil bli lagt særleg vekt på rettleiing for kommunar og
fylkeskommunar, der regelverket på arkivområdet til no har vore
mest mangelfullt. Det er venta at handboka vil liggje føre på
nyåret 2000.
I enkelte føresegner i forskrifta har
Riksarkivaren fått fullmakt til å gi meir spesifikke eller
utfyllande reglar. På dette grunnlaget har
Riksarkivaren i rundskriv 1/98 av 23. desember 1998
fastsett at ein del av det gamle regelverket som Riksarkivaren
tidlegare har gitt, framleis skal gjelde med heimel i dei
respektive føresegnene i forskrifta.
For
kommunale arkiv gjeld det følgjande:
1.Krav til bruk av mikrofilm i kommunalforvaltninga,
opphavleg fastsett av Riksarkivaren 1. juni 1984, revidert 1. juli
1990, jf. § 2-15 i arkivforskrifta.
2.Punkt II.5 i
Retningslinjer for arkivavgrensing og kassasjon i
fylkeskommunale arkiv, opphavleg fastsette av Riksarkivaren
med verknad frå 1. september 1986, jf. § 3-21 tredje ledd. Alle
føresegner utanom punkt II.5 er oppheva.
3.Punkt II.5 i
Retningslinjer for arkivavgrensing og kassasjon i kommunale
arkiv, opphavleg fastsette av Riksarkivaren med verknad frå 4.
juni 1987, jf. § 3-21 tredje ledd. Alle føresegner utanom punkt
II.5 er oppheva.
4. Retningslinjer for innbinding av kopibøker og register,
opphavleg fastsette av Riksarkivaren 22. februar 1996, jf. § 3-14
fjerde ledd.
Riksarkivaren vil innan utgangen av første
kvartal 1999 sende ut ei revidert utgåve av desse føresegnene.
Før arkivlova tok til å gjelde frå 1. januar i
år, hadde alle tidlegare arkivføresegner for
kommunar og fylkeskommunar heimel i § 39 i kommunelova. I
og med arkivlova er denne heimelen no vorten overflødig. Alle
tidlegare arkivreglar som Riksarkivaren har fastsett for kommunar
og fylkeskommunar, altså alt som ikkje er nemnt under pkt 1 – 4
ovanfor, er oppheva frå 1. januar i år.
Riksarkivaren er i ferd med å utarbeide eit
informasjonsopplegg overfor kommunesektoren. Det er også etablert
eit samarbeid mellom Riksarkivaren og Kommunenes Sentralforbund om
dette. Mellom anna vil den nye arkivlova bli tema på
rådmannssamlingane utover våren.
Departementet vil derfor i dette rundskrivet
berre nemne nokre få hovudpunkt, først og fremst slikt som det
hastar å kome i gang med. Når vi nedanfor nyttar uttrykket
”kommune”, omfattar det både kommunane og fylkeskommunane.
1. Alle kommunar bør snarast råd gå i gang med å
skaffe seg eit
oversyn over arkivlokala sine, særleg dei lokala som blir
nytta til oppbevaring av alle eldre og avslutta arkiv. Det følgjer
av § 4-11 i arkivforskrifta at kommunen skal forvisse seg om at
alle arkivlokale oppfyller føresegnene i §§ 4-3 – 4-9 i forskrifta.
Dersom dette ikkje er tilfelle, skal det lagast ein plan som viser
kva som skal til for å rette på tilhøva. Planen skal ordinært
leggjast fram for Riksarkivaren til godkjenning innan 1. januar
2002. Det er presisert i § 1-1 andre ledd andre punktum i
forskrifta at det er administrasjonssjefen som har det
overordna arkivansvaret i ein kommune. Det er derfor
administrasjonssjefen som må sjå til at kommunen kjem i gang med
denne kartlegginga, og at nødvendig planlegging og anna oppfølging
blir gjennomført slik som fastsett i kapittel IV i forskrifta.
2.Det følgjer av § 5-1 tredje ledd i forskrifta
at den enkelte kommune skal opprette
ei eiga depotordning for eldre og avslutta arkiv. Dersom
det ikkje alt er gjort, må det fastsetjast kven som skal ha det
løpande ansvaret for dei eldre og avslutta arkiva i
kommunen. Det dreier seg om eit samla ansvar for alt slikt
arkivmateriale i heile kommunen, og forskrifta krev at dette
ansvaret skal plasserast
ein stad. Dette tilsvarar det ansvaret som i enkelte
større kommunar er lagt til ein kommunearkivar. Den depotansvarlege
vil i alle tilfelle vere underordna administrasjonssjefen, som
altså har det
overordna administrative arkivansvaret i kommunen. Dei
praktiske depotoppgåvene kan eventuelt ivaretakast av ei
interkommunal arkivordning som nemnt under pkt. 3c nedanfor, jf. §
5-1 fjerde ledd i forskrifta.
3.a) Mens det løpande
depotansvaret alltid er knytt til kommunen som heilskap,
treng dette ikkje utan vidare vere tilfelle for alle dei andre
arkivfunksjonane. Dette heng saman med at det i arkivdanninga ikkje
nødvendigvis er
formålstenleg å operere med heile kommunen som eitt organ,
særleg ikkje i store kommunar der det finst verksemder med eigne
godt utbygde administrasjonar, som til dømes store sjukehus,
skolar, kommunale etatar osv. Men her er det opp til kommunen sjølv
å finne fram til den mest praktiske løysinga. Det framgår derfor av
§ 1-1 første ledd tredje punktum i forskrifta at kommunen skal
fastsetje kva for institusjonar eller einingar som
eventuelt skal reknast som eigne organ etter forskrifta.
Dette inneber også at kommunen
kan velje å sjå heile kommunen som eitt organ.
Dersom kommunen gjer ei organmessig oppdeling,
for eksempel slik at ein lèt eit sjukehus, ein skole osv vere eige
organ, vil den øvste leiinga i kvart enkelt av desse organa ha eit
overordna ansvar for arkivarbeidet i dette organet. Dette følgjer
direkte av føresegna i § 1-1 andre ledd første punktum i
forskrifta. Dette fritek likevel ikkje administrajonssjefen for det
overordna arkivansvaret som er nemnt i § 1-1 andre ledd andre
punktum. Han vil mellom anna ha ansvaret for at dei underliggjande
organa får nødvendige rettleiingar, råd og instruksar for
arkivarbeidet slik det følgjer av § 1-1 tredje ledd første punktum
i forskrifta.
b) Dersom kommunen er i tvil om kva som er den
mest tenlege og forsvarlege organiseringa, er det departementets
råd at ein ventar med å ta endeleg avgjerd etter § 1-1 første ledd
tredje punktum til ein har innhenta nærmare rettleiing om dette frå
arkivfagleg hald, anten frå statsarkivet i vedkomande distrikt
eller frå den interkommunale arkivordninga kommunen eventuelt er
med i. Vi viser også til det informasjonsopplegget som er under
førebuing i regi av Riksarkivaren og Kommunenes Sentralforbund.
c) Departementet vil understreke det tenlege i
at kommunane er med i ei interkommunal arkivordning. Dersom det
ikkje finst ei interkommunal arkivordning for det fylket kommunen
høyrer til, kan det takast kontakt med vedkomande statsarkiv for å
få nødvendig hjelp og rettleiing med tanke på etablering av ei slik
arkivordning.
4.Arkivlova med forskrift inneber at kommunane i
utgangspunktet har ei uttrykkjeleg plikt til å
arkivere alle dokument
som blir til som eit ledd i den verksemda kommunen driv,
anten det er dokument som kjem inn til kommunen, eller dokument som
kommunen sjølv produserer. Dette følgjer av § 6 i lova, jf. § 2
bokstav b. Dokumentdefinisjonen i lova er teknologinøytral og svært
vid, jf. § 2 bokstav a. I § 3-19 i forskrifta er det likevel
fastsett nærmare føresegner om arkivavgrensing, etter at dette
omgrepet først er definert i § 3-18 første ledd. § 3-19 inneheld
fem grupper av materiale som skal omfattast av arkivavgrensinga,
dvs. at det anten ikkje skal arkiverast i det heile, eller at det i
etterhand skal fjernast frå arkivet dersom det først er arkivert.
Legg likevel merke til at det i dei fire første av desse gruppene
er viktige unntak.
5.Gjennom arkivforskrifta er det no også innført
ei uttrykkjeleg
journalføringsplikt for kommunane. Kva dokument som er
omfatta av journalføringsplikta er fastsett i § 2-6 første
ledd.
- For det første er det eit krav at dokumentet må reknast som eit
saksdokument for organet slik dette omgrepet er å forstå etter
offentlegheitslova.
- For det andre må det vere tale om anten eit dokument som kjem
inn til eller går ut frå organet.
- For det tredje må dokumentet både vere gjenstand for
saksbehandling og ha verdi som dokumentasjon.
Dersom ikkje alle desse tre kriteria er
oppfylte, er det ikkje
plikt til å journalføre dokumentet. Dokument som fell inn
under reglane om arkivavgrensing, jf. pkt. 4 ovanfor, skal ikkje
journalførast. Utover dette står organet/kommunen fritt. Legg
likevel merke til at det følgjer av kriteriet under det andre
strekpunktet at dersom
kommunen gjer ei organmessig oppdeling som nemnt
under punkt 3 ovanfor, vil plikta til journalføring også omfatte
dokumentutveksling mellom desse organa.
Utover dette viser vi til lov- og
forskriftsteksten, og vi ber om at alle administrasjonssjefar set
seg nøye inn i det nye regelverket og set i gang dei
oppfølgingstiltak som måtte vise seg nødvendige. Når det gjeld
administrasjonssjefens ansvar, viser vi igjen til særleg følgjande
to føresegner i § 1-1 i forskrifta:
I kommunar og fylkeskommunar er arkivansvaret
ein del av det overordna administrative ansvaret som er tillagt
administrasjonssjefen, jf. kommunelova § 23 (andre ledd andre
punktum). Eit offentleg organ har ansvaret for at underliggjande
organ får nødvendige rettleiingar, råd og instruksar for
arkivarbeidet i samsvar med føresegner gitt i eller i medhald av
arkivlova (tredje ledd første punktum).
Vi ønskjer kommunane lykke til med arkivarbeidet
og vonar at det nye regelverket vil vere til god hjelp og bidra til
å utvikle rasjonelle og tenlege arkivfunksjonar.
Med helsing
Kjell Myhren e.f. ekspedisjonssjef
Stein Sægrov avdelingsdirektør
Kopi: Riksarkivare
Dei interkommunale arkivordningane
Kommunal- og regionaldepartementet
Vedlegg:
Arkivlova med
forskrifter
Lagt inn 15. februar av Statens forvaltningstjeneste,
ODIN-redaksjonen